Prop. 33 L (2017–2018)

Endringar i eigarseksjonslova m.m. (tilpassing til ny organisering av eigedomsoppmålinga)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) og lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova). Forslaget er ei tilpassing og eit tillegg til forslaga i Prop. 148 L (2016–2017) Endringar i matrikkellova m.m. (organisering av eigedomsoppmåling). Proposisjonen her og Prop. 148 L (2016–2017) må sjåast under eit.

Departementet foreslår i tillegg retting av to feil i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven), jf. forslag til §§ 29-4 fjerde ledd og 33-1 første ledd. Forslaget omfattar også ei mindre retting i forslaget i Prop. 148 L (2016–2017) til matrikkellova § 12.