Prop. 4 LS (2015–2016)

Endringar i sjøloven og samtykkje til godkjenning av vedtak nr. 116/2015 av 30. april 2015 i EØS-komitéen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar ved passasjerfart med båt på sjøen og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004 (båtpassasjerrettsforordninga)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår med denne proposisjonen endringar i sjøloven om reglar til gjennomføring i norsk rett av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettar ved passasjerfart med båt på sjøen og på innanlandske vassvegar og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004 (båtpassasjerrettsforordninga).

EØS-komitéen vedtok 30. april 2015 (vedtak nr. 116/2015) å endre vedlegg XIII (transport) og vedlegg XIX til EØS-avtala, slik at båtpassasjerrettsforordninga vert innlemma i EØS-avtala.

Gjennomføring av båtpassasjerrettsforordninga i norsk rett gjer det naudsynt med lovvedtak, jf. Grunnlova § 26 andre ledd, difor vart vedtaket i EØS-komitéen gjort med atterhald om samtykkje frå Stortinget. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget invitert til å gje sitt samtykkje til å godkjenne vedtaket i EØS-komitéen.

Vedtaket frå EØS-komitéen og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1177/2010 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Føremålet med forordninga er å harmonisere rettane til båtpassasjerar innan EØS. Samstundes gjer forordninga sitt til å harmonisere rettane til passasjerar som nyttar ulike transportformer. EU har òg vedteke forordningar som sikrar rettar for passasjerar som reiser med fly, tog og buss. Forordning (EF) nr. 261/2004 (fly), forordning (EF) nr. 1107/2006 (fly) og forordning (EF) nr. 1371/2007 (jernbane) er allereie innlemma i EØS-avtala og gjennomførde i norsk rett. Samferdsledepartementet har gjort framlegg om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport som gjennomfører forordning (EU) nr. 181/2011 i norsk rett, jf. Prop. 85 L (2013–2014) Endringar i yrkestransportlova (gjennomføring av EØS-reglar om busspassasjerrettar).

Båtpassasjerrettsforordninga inneheld reglar om ikkje-diskriminerande tilgang til transport og rett til assistanse for personar med nedsett funksjonsevne eller avgrensa rørsleevne og reglar om rett til assistanse, kompensasjon og informasjon i tilfelle forseinking og kansellering for alle passasjerar. Vidare inneheld forordninga reglar om klagerett og eit krav om etablering av ei nasjonal klageordning. Forordninga har òg reglar om etablering av eit handhevings- og sanksjonsregime i den einskilde medlemsstaten.

Forordninga, som vart publisert i EU-tidende 17. desember 2010, tok til å gjelde i EU 6. januar 2011. Reglane vart tekne i bruk av EU-statane frå 18. desember 2012.

Gjennomføring av forordninga i norsk rett gjer det naudsynt med lovendringar, jf. punkt 3 i proposisjonen. Det er, slik departementet ser det, naturleg å gi reglar om passasjerrettar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) kapittel 15, som allereie regulerer bortfraktaren sine plikter ved passasjertransport og har reglar om bortfraktaren sitt ansvar ved forseinking. Departementet foreslår at forordninga vert gjennomført som ny § 418 a i avsnitt IV i sjøloven kapittel 15. Sjølve inkorporeringsføresegna er foreslått innteke i ny § 418 a første ledd. Samstundes er det naudsynt med lovheimlar for å kunne gi nærare reglar i forskrift. Etter forordninga skal medlemsstatane etablere ei klageordning. Departementet meiner reglar om klageordninga bør kome i forskrift, og gjer framlegg om ein forskriftsheimel i ny § 418 a tredje ledd. Det er eit krav etter forordninga at medlemsstatane fastset kva for sanksjonar styresmaktene kan gi pålegg om ved brot på reglane i forordninga. I ny § 418 a andre ledd gir departementet heimel til å peike ut kven som skal føre tilsyn med at reglane vert etterlevde. Ny § 418 a andre ledd andre punktum inneheld òg ei tilvising til § 10-42 andre og fjerde ledd i lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart (luftfartsloven). Tilvisinga inneber mellom anna at tilsynet kan få tilgang til relevante dokument og om naudsynt kan få bistand frå politiet for å kunne utøve tilsynet. I nye §§ 418 b 418 c foreslår departementet at tilsynsorganet skal ha kompetanse til å fastsetje administrative sanksjonar ved brot på reglane om passasjerrettar. Etter forslaget til ny § 418 b kan tilsynsorganet gi pålegg om retting og tvangsmulkt, medan tilsynsorganet etter forslaget til ny § 418 c får høve til å skrive ut overtredingsgebyr.

Forordninga gjeld for passasjerfart der innkomsthamna ligg i ein medlemsstat, eller der innkomsthamna ligg utanfor ein medlemsstat, men avgangshamna ligg i ein medlemsstat og transporten vert utført av ein EU-bortfraktar, dvs. ein bortfraktar som anten er etablert på området til ein medlemsstat, eller som tilbyr passasjertransport til eller frå området til ein medlemsstat. Forordninga gjeld òg cruisefart der innkomsthamna ligg i ein medlemsstat, men slik at nokre artiklar i forordninga likevel ikkje gjeld. Til dømes gjeld ikkje reglane om rett til alternativ transport og kompensasjon ved kansellering og forseinking for cruisefart. Sjølv om det ligg føre slik passasjerfart eller cruisefart som nemnt ovanfor, gjeld det nokre avgrensingar. Dei viktigaste er at forordninga ikkje gjeld for skip med sertifikat for passasjerfart opp til tolv passasjerar, for skip som har eit mannskap på tre personar eller færre, og for skip som trafikkerer ei strekning som ikkje er på meir enn 500 meter.

Desse avgrensingane inneber at delar av ferjetrafikken innanriks i Noreg vil falle utanfor reglane i forordninga. Praktiske omsyn taler likevel for ei slik avgrensing. Reglane bør berre gjelde trafikk som styresmaktene fører tilsyn med, og dei bør berre omfatte passasjertransport der det faktisk er mogleg å etterleve reglane.

Departementet foreslår i proposisjonen at forordninga vert gjennomført etter sin ordlyd. Av dei grunnane som er skisserte ovanfor, gjer departementet ikkje framlegg om at reglane i forordninga vert utvida til òg å gjelde passasjertransport utover det som følgjer direkte av forordninga.

Etter forordninga kan ein medlemsstat som utgangspunkt fastsetje at reglane i forordninga ikkje skal gjelde for offentleg ferjetransport. For å kunne gjere nytte av dette unnataket er det likevel ein føresetnad at passasjerar som gjer bruk av eit offentleg transporttenestetilbod, har tilsvarande rettar etter gjeldande nasjonal rett som etter reglane i forordninga, jf. forordninga artikkel 2(4). Etter det departementet er kjent med, er det ikkje eit krav i det offentlege sine tenestekontraktar at ferjeselskapa skal gi passasjerane rettar som er like vide som dei rettane som følgjer av forordninga. Departementet gjer difor ikkje framlegg om å gjere eit slikt unnatak.

Til forsida