Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

10 Samferdselsdepartementet si vurdering

Rogaland fylkeskommune og Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommunar er samde om å vidareføre satsinga på vegtiltak gjennom ei ny bompengepakke. Bypakke Nord-Jæren skal avløyse dagens Nord-Jærenpakke, og dagens bomstasjonar vert etter planen avløyste av eit nytt innkrevjingssystem tidleg i 2018. Lokale styresmakter har lagt til grunn bompengeinnkrevjing i 15 år.

Det er venta stor folketalsvekst på Nord-Jæren, og lokale styresmakter ønskjer gjennom Bypakke Nord-Jæren å bidra til nullvekst i personbiltrafikken framover. Dette føreset at delar av vegnettet får ei opprusting som er tilpassa dette målet. Lokale styresmakter ønskjer at trafikkveksten innan persontransport skal takast med kollektivtransport, sykling og gåing. Pakka skal styrke kollektivtilbodet og tilhøva for fotgjengarar og syklistar, særleg til område med stor næringsverksemd som Forusområdet.

Etter Samferdselsdepartementet si vurdering er ambisjonane i pakka i tråd med dei nasjonale måla for trafikkvekst i storbyområda og at framkomst for kollektivtrafikken og mjuke trafikantar skal styrkast. Det overordna målet for den kommande byvekstavtalen vil vere å sikre at veksten i persontransport blir teken med kollektivtransport, sykling og gange. Løysingane som blir valde, må bidra til å sikre betre framkommelegheit totalt sett, spesielt ved å tilrettelegge for attraktive alternativ til privatbil. Departementet vil peike på at opplegget med porteføljestyring krev godt samarbeid og god ressursstyring internt og på tvers av offentlege organisasjonar.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at lokale styresmakter har gjort naudsynte vedtak om det foreslåtte opplegget med einvegs innkrevjing av tidsdifferensierte bompengetakstar i 38 bomstasjonar, fordelt på fem ulike soner og eit bomsnitt i Randaberg kommune. Departementet føreset at lokale styresmakter godtek føresette endringar i takst- og rabattsystemet, slik at det blir i tråd med strukturen som er skissert i Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016). I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn passeringstak for køyretøy i takstgruppe 1. Ut over dette legg departementet til grunn dei lokale vedtaka om timesregel inkl. samordning med rv 13 Ryfastsambandet ved at timesregelen også skal gjelde for Hundvågtunnelen. For ein slik timesregel på tvers av prosjekt gjeld regelen om at første registrerte passering innan ein time skal gjelde, uavhengig av takst. For at ordninga med felles timesregel ikkje skal få konsekvensar for det vedtekne finansieringsopplegget for rv 13 Ryfastsambandet, er det lagt til grunn at tapte inntekter for dette prosjektet skal tilbakeførast frå Bypakke Nord-Jæren.

Kostnadene for aktuelle prosjekt og tiltak innafor Bypakke Nord-Jæren, slik pakka er vedtatt lokalt, er førebels kalkulerte til i storleiksorden 30 mrd. 2016-kr. Ekskl. føresette utgifter til drift av kollektivtransport er kostnadene kalkulerte til i storleiksorden 27 mrd. kr. Finansieringa av Bypakke Nord-Jæren er basert på innkrevjing av bompengar samt statlege og fylkeskommunale midlar. Dette er ei vesentleg satsing, men og eit stort beløp å finansiere for innbyggjarane og næringslivet. Sterkt fokus på kostnadskontroll og kostnadseffektive løysingar er ein viktig føresetnad for suksess.

Drift av kollektivtransport inngår i bypakka, men Samferdselsdepartementet legg til grunn at staten ikkje bidreg til å dekke driftsutgifter for kollektivtransport utover eventuelt tilskot gjennom belønningsordninga. Belønningsmidlane skal innlemmast i ein kommande byvekstavtale, og statleg tilskot vil bli tema i forhandlingane. Departementet legg vidare til grunn at prosjektporteføljen i bypakka blir tilpassa dei samla inntektene, og at det ikkje blir teke opp lån til å dekke driftsutgifter.

Med nivået på bompengar og fylkeskommunale midlar som omtala i denne proposisjonen, og statlege midlar som føresett i Meld. St. 26 (2013–2014) Nasjonal transportplan 2014–2023, blir det samla bidraget til gjennomføring av Bypakke Nord-Jæren på nærare 24 mrd. kr. Det skal gjennomførast eigne KS2-prosessar for dei store prosjekta innafor Bypakke Nord-Jæren, når tilstrekkelege avklaringar ligg føre. Det er derfor ikkje teke endeleg stilling til innretting og gjennomføring av tiltak.

I tillegg vil staten dekke 50 pst. av kostnadene for Bussveien gjennom ein kommande byvekstavtale. I forhandlingane skal det gjerast ein gjennomgang av alternative bussteknologiar for nullutslepp. Kostnadsfordelinga mellom staten og fylkeskommunen blir vurdert i denne samanhengen. Dersom det er naudsynt for å realisere nullutslepp innan rimelig tid, skal det leggjast til grunn i forhandlingane at den statlege finansieringsdelen også kan inkludere elektroinfrastruktur for trolleybuss.

Det samla omfanget av statlege midlar vil bli nærare avklart gjennom forhandlingane om ein byvekstavtale, arbeidet med Nasjonal transportplan 2018–2029, dei årlege budsjetta og tilhøyrande handlingsprogram.

Rogaland fylkeskommune føreset at det blir innført felles timesregel mellom Bypakke Nord-Jæren og ei eventuell framtidig Utbyggingspakke Jæren. Dei økonomiske konsekvensane av ei slik løysing vil ikkje vere kjent før Utbyggingspakke Jæren er nærare konkretisert. Følgjeleg er det for tidleg å ta stilling til dette.

På vanleg måte må den fylkeskommunale garantien godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet før utbygginga startar. Det er vidare ein føresetnad at Bypakke Nord-Jæren vert lagt inn i eit av dei nye regionale bompengeselskapa når dei er etablert.

Til toppen
Til forsida av dokumentet