Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

4 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Bypakke Nord-Jæren er forankra i konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet på Jæren som vart utarbeidd i 2009, samt rapport frå den eksterne kvalitetssikringa (KS1) og Samferdselsdepartementet sine føringar etter drøfting i regjeringa i 2012. Det vart lagt til grunn at vidare utvikling av transportsystemet på Jæren skal baserast på «Konsept K3A Busway», ei buss- og jernbanebasert vidareutvikling av transportsystemet.

Tabell 4.1 Bypakke Nord-Jæren – kostnader for aktuelle prosjekt og tiltak

Mill. 2016-kr

Tiltak

Kostnad

Vegtiltak1

12 000

Transportkorridor vest 2

4 300

E39 Ålgård – Hove

3 550

E39 Smiene – Harestad

3 200

Fv 505 Foss Eikeland – E39

750

E39/rv 44 Krysstiltak/vegutviding Stangeland

200

Bussveien2

7 200

Andre kollektivtrafikktiltak

3 350

Sykkelekspressveg Stavanger – Sandnes

1 300

Programområdetiltak

3 150

Kollektivtrafikk

1 050

Sykkel

1 050

Trafikktryggleik, gange, miljø

1 050

Drift av kollektivtransport

3 150

Bygging av bomstasjonar

200

Transportsystem Sandnes øst (planlegging)

50

Sum

30 400

1 Ekskl. statlege midlar til E39 Eiganestunnelen etter 2018 samt bompengar til dette og andre igangsette prosjekt (føresett dekka innafor eksisterande pakke).

2 Dei delane av Bussveien som er fellesstrekning med Transportkorridor vest inngår i kostnadsoverslaget for Transportkorridor vest (kostnadsrekna til om lag 3 000 mill. kr).

Med utgangspunkt i dette utarbeidde Statens vegvesen, i samarbeid med Rogaland fylkeskommune eit fagleg grunnlag for Bypakke Nord-Jæren med forslag til bompengeordning og porteføljestyring. Nullvekst i personbiltrafikken fram til 2032 er eitt av hovudmåla for Bypakke Nord-Jæren. Av aktuelle prosjekt og tiltak er det særleg prosjekta Sykkelekspressveg Stavanger – Sandnes og Bussveien i fire korridorar, samt tiltak i andre kollektivtrasear, som vil bidra til å overføre trafikk frå personbil til kollektive transportmiddel, sykkel og gåing. Prosjektet Transportkorridor vest og E39-prosjekta Ålgård – Hove og Smiene – Harestad er viktige for næringstransporten.

Ved den lokalpolitiske handsaminga hausten 2014 var kostnadene for aktuelle prosjekt og tiltak innafor Bypakke Nord-Jæren førebels kalkulerte til vel 24 mrd. 2014-kr. Det var knytt stor uvisse til mange av overslaga. Etter nye kostnadsvurderingar for enkelte delprosjekt er kostnadene no kalkulerte til i storleiksorden 30 mrd. 2016-kr. Tabell 4.1 viser dei siste kostnadsvurderingane frå Statens vegvesen for prosjekt og tiltak som låg til grunn for den lokalpolitiske handsaminga.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnadene for Bypakke Nord-Jæren og for første etappe av sykkelekspressvegen, på strekninga Sørmarka – Smeaheia. I den samanhengen har den eksterne konsulenten også vurdert oppgitte kostnader for andre aktuelle prosjekt. Fleire av tiltaka i pakka er på eit tidleg planstadium. Det ligg derfor føre til dels stor uvisse knytt til kostnadsoverslaget for pakka. Det skal gjennomførast eigne KS2-prosessar for dei store prosjekta innafor Bypakke Nord-Jæren, når tilstrekkelege avklaringar ligg føre. Det er derfor ikkje teke endeleg stilling til innretting, gjennomføring av og føreliggjande kostnadsvurderingar for tiltak i bypakka med unntak av den første etappen av sykkelekspressvegen mellom Stavanger og Sandnes, strekninga Sørmarka – Smeaheia. Prosjektporteføljen må tilpassast til dei samla økonomiske rammene for bypakka. Samferdselsdepartementet oppmodar i den samanhengen til sterk kostnadskontroll og val av kostnadseffektive løysingar. Den eksterne konsulenten har vurdert den samfunnsøkonomiske lønsemda i pakka, og er komen til at alle delane (sykkelekspressveg, bussveien, vegprosjekta) har vesentleg negativ nettonytte.

Sykkelekspressveg Stavanger – Sandnes

Det er lagt opp til å byggje sykkelveg med høg standard langs E39 frå Stavanger via Forus til Sandnes, etter lokale ønskje og vedtak. Målet med prosjektet er å overføre arbeidsreiser frå personbil til sykkel gjennom å etablere ein effektiv og trafikksikker veg for syklistar.

Sykkelekspressvegen er omfatta av fire reguleringsplanar. Strekninga Madlaveien – Schancheholen inngår i prosjektet rv 13 Ryfastsambandet (Ryfast) og er derfor ikkje ein del av Bypakke Nord-Jæren. Reguleringsplan for strekninga Sørmarka – Smeaheia vart godkjent i 2015, medan reguleringsplan for strekninga Schancheholen – Sørmarka vart godkjent våren 2016. Reguleringsplan for strekninga Smeaheia – Oalsgate er venta godkjent våren 2017.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av sykkelekspressvegen på første strekninga, Sørmarka – Smeaheia. Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 890 mill. 2016-kr og ei kostnadsramme på 1 050 mill. 2016-kr for den første etappen av sykkelekspressvegen mellom Stavanger og Sandnes.

Bussveien

Bussveien er prosjektnamnet på eit samanhengande høgkvalitets bussystem på Nord-Jæren. Bussar som køyrer i Bussveien skal ha full framkomst. Dette vil gi eit kollektivtilbod med samanhengande kollektivtrasear som sikrar punktlegheit, høg kapasitet og byutvikling langs traseane. Prosjektet omfattar fire korridorar der traseane i hovudsak blir planlagt med gjennomgåande tosidig løysing for både syklande og gåande:

  • Korridor 1 (nord-sør) som går frå Stavanger sentrum til Sandnes sentrum (fv 44) med sidearm til Forus (fv 350), vil bli førebudd for framtidig konvertering til bybane. Heile korridor 1 er planlagt å stå ferdig i 2021.

  • Korridor 2 (aust-vest) går frå Stavanger sentrum til Risavika i Sola kommune (rv 509 og fv 375) med sidearm til Kvernevik ring (fv 409 og fv 445). Delar av traseen langs rv 509 og fv 409 inngår i prosjektet Transportkorridor vest. Heile korridor 2 er planlagt å stå ferdig i 2023.

  • Korridor 3 frå Sandnes sentrum til Vatnekrossen (fv 332 Skippergata), vil bli førebudd for framtidig konvertering til bybane. Heile korridor 3 er planlagt å stå ferdig 2023.

  • Korridor 4 går frå Forus via Sola sentrum til Stavanger lufthamn Sola. Her er det aktuelt å etablere ein ny tofelts bussveg på ubygde areal. Det er ikkje teke stilling til tidspunkt for utbygging av denne korridoren.

Staten vil dekke 50 pst. av dei samla kostnadene for Bussveien på Nord-Jæren, inkludert kostnader på riksveg, gjennom ein kommande byvekstavtale. Det statlege tilskotet skal vere knytt til dei prosjektkostnadene som er naudsynte for å oppnå eit formålstenleg kollektivtilbod. Det skal ikkje bidra til å finansiere fordyrande løysingar.

I forhandlingane om ein byvekstavtale skal det gjerast ein gjennomgang av alternative bussteknologiar for nullutslepp. Kostnadsfordelinga mellom staten og fylkeskommunen blir vurdert i denne samanhengen. Dersom det er naudsynt for å realisere nullutslepp innan rimelig tid, skal det leggjast til grunn i forhandlingane at den statlege finansieringsdelen også kan inkludere elektroinfrastruktur for trolleybuss.

Vegtiltak

Dei aktuelle vegtiltaka vil bli vurderte i samband med utarbeidinga av Nasjonal transportplan 2018–2029, som Regjeringa vil leggje fram i 2017. Eventuell oppstart av vegprosjekt vil generelt måtte tilpassast dei årlege budsjettrammene.

Transportkorridor vest

Transportkorridor vest omfattar utbygging av rv 509 frå Sømmevågen til Sundekrossen og fv 409 vidare til kryss med E39 ved Finnestadgeilen. Hovudmålet med prosjektet er å betre kapasitet og framkomst for kollektivtrafikk og næringstrafikk. Vidare vil prosjektet sikre framkomst for gåande og syklande samt betre trafikktryggleiken, støy- og miljøtilhøva på strekninga. Transportkorridor vest går gjennom Sola, Stavanger og Randaberg kommunar.

Der Transportkorridor vest og Bussveien ikkje har felles trase, skal det byggjast firefelts veg der ytterfelta vert reserverte for tunge køyretøy. På strekningar med felles trase, skal det byggjast firefelts veg der to av felta er reserverte for tunge køyretøy, inkl. bussar. I kryssområda skal det sikrast full framkomst for buss. På heile strekninga vil det bli etablert eit godt tosidig tilbod for gåande og syklande, hovudsakleg sykkelveg med fortau.

Frå Sundekrossen til Finnestadgeilen vil Transportkorridor vest i hovudsak følgje fv 409. Val av løysing vil bli avklart gjennom eit forprosjekt i reguleringsplanarbeidet. På strekninga mellom Sundekrossen og Kvernevik ring, der det er felles trase med Bussveien, skal bussen sikrast full framkomst.

Transportkorridor vest er omfatta av fleire reguleringsplanar. Reguleringsplanane for riksvegdelen frå Sømmevågen forbi Sola skole og vidare til Sundekrossen er vedtekne. Reguleringsplanen for fylkesvegdelen frå Sundekrossen til E39 ved Finnestadgeilen er venta vedteken av Stavanger og Randaberg kommunar våren 2017.

Anleggsarbeida på strekninga Sømmevågen – Sola skole startar i 2016. Utbygginga vert finansiert ved at Rogaland fylkeskommune forskotterer kostnadene ved utbygginga. Dei forskotterte midlane skal dekkast med bompengar frå Bypakke Nord-Jæren utan kompensasjon for renter og prisstigning.

E39 Ålgård – Hove

Prosjektet omfattar bygging av om lag 14 km ny firefelts veg mellom Ålgård i Gjesdal kommune og Hove (kryss med rv 13) i Sandnes kommune. Prosjektet vil gi betre framkomst og trafikktryggleik. Kommunedelplan med konsekvensutgreiing vart godkjent av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i juli 2015. Reguleringsplanen er venta vedteken i 2018.

I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det prioritert statlege midlar til prosjektet i siste seksårsperiode, under føresetnad av tilslutning til delvis bompengefinansiering av prosjektet innafor Bypakke Nord-Jæren. Prosjektet vil bli vurdert i samband med utarbeidinga av Nasjonal transportplan 2018–2029, og eventuell igangsetjing må vurderast i samband med dei årlege budsjetta.

E39 Smiene – Harestad

Prosjektet omfattar bygging av om lag 4,5 km ny firefelts veg mellom Smiene/Tasta i Stavanger kommune og Harestad/Rogfast i Randaberg kommune. Prosjektet vil gi betre framkomst og trafikktryggleik. Kommunedelplan med konsekvensutgreiing vart vedteken i 2012. Prosjektet er omfatta av to reguleringsplanar; reguleringsplan for Harestadkrysset som er vedteken, og reguleringsplan for strekninga Smiene – Harestad som er venta vedteken i 2017.

I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det prioritert statlege midlar til prosjektet i siste seksårsperiode, under føresetnad av tilslutning til delvis bompengefinansiering av prosjektet innafor Bypakke Nord-Jæren. Prosjektet vil bli vurdert i samband med utarbeidinga av Nasjonal transportplan 2018–2029, og eventuell igangsetjing må vurderast i samband med dei årlege budsjetta.

Fv 505 Foss Eikeland – E39 v/Bråstein

Prosjektet omfattar bygging av eit ny tverrsamband mellom fv 44 og E39 ved Bråstein. Den første delstrekninga Skjæveland – Foss Eikeland er føresett fullfinansiert innafor eksisterande pakke. Den andre delstrekninga Foss Eikeland – E39 v/Bråstein skal gi tilkomst til utbyggingsområdet Bybåndet Sør og ny godsterminal på Ganddal. Samla utgjer dette om lag 4 km ny veg. Reguleringsplanen er venta vedteken innan 2019.

E39/rv 44 Krysstiltak/vegutvidelse Stangeland

Prosjektet omfattar utviding av rv 44 frå to til fire felt, samt kryssutbetring mellom Oalsgata/E39 og rv 44. Prosjektet gir betre framkomst og trafikktryggleik. Prosjektet har komme opp som følgje av krav ved etablering av nye næringsområde på begge sider av riksvegen. Det er derfor lagt opp til at delar av kostnadane skal finansierast av private utbyggjarar. Resten av kostnadane er føresett finansierte gjennom Bypakke Nord-Jæren. Reguleringsplanen er venta vedteken i slutten av 2016.

Andre kollektivtrafikktiltak

Bussveien vil vere det største bussinfrastrukturprosjektet i regionen framover, men det er også naudsynt med tiltak i andre kollektivtrasear. Det er vurdert som aktuelt å byggje nytt kollektivfelt langs E39 på strekninga Solasplitten – Schancheholen, noko som gir betre framkomst for busstrafikken til og frå Forusområdet. Vidare er det vurdert som aktuelt å utvide rv 509 Solasplitten med to ekstra felt for å betre kapasitet og framkomst for kollektiv- og næringstrafikk. Dette blir ei forlenging av traseen som etter planen vil bli etablert gjennom utbygginga av Transportkorridor vest. Det vert også lagt opp til utbygging av kollektivfelt i aksen mellom Jåttåvågen, Universitetet i Stavanger og Stavanger sentrum. I tillegg vil det vere fokus på tiltak i sentrale delar av Stavanger kommune og i Sandnes kommune. Departementet vil understreke at den teknologiske utviklinga vi no opplever kan skape nye moglegheiter og løysingar innan transportsektoren, noko som kan forsterke og utvide dei moglegheitene som kollektivtrafikk gjev i å løyse folks transportbehov.

Figur 4.1 Bypakke Nord-Jæren – oversiktskart

Figur 4.1 Bypakke Nord-Jæren – oversiktskart

Programområdetiltak

Det er føresett om lag 3 mrd. kr til programområdetiltak med om lag 1 mrd. kr til kvart av tiltaksområda «kollektivtrafikktiltak», «sykkeltiltak» og «miljø, trafikktryggleik, turvegar og andre tiltak for gåande».

Drift av kollektivtransport

I saksgrunnlaget som blei sendt til lokalpolitisk handsaming, vart det lagt til grunn 3 mrd. kr i bompengar til drift av kollektivtransport (2014-prisnivå). Som det går fram av kapittel 3, har Rogaland fylkeskommune i sitt vedtak gått inn for å be om at dette blir dekka med statlege midlar.

Samferdselsdepartementet viser til at drift av kollektivtransport er ei fylkeskommunal oppgåve.

I tråd med Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 skal statleg tilskot gjennom belønningsordninga innlemmast i dei kommande bymiljø-/byvekstavtalane. Desse midlane kan nyttast til å dekke utgifter til drift av kollektivtransport. Departementet vil komme tilbake til framtidige tilskot i samband med forhandlingane mellom staten og lokale styresmakter om ein byvekstavtale for Nord-Jæren.

Drift av kollektivtransport inngår i bypakka, men departementet legg til grunn at staten ikkje vil bidra til å dekke driftsutgifter for kollektivtransport utover eventuelt tilskot gjennom belønningsordninga. Vidare blir det lagt til grunn at prosjektporteføljen i bypakka blir tilpassa dei samla inntektene, og at det ikkje blir teke opp lån til å dekke driftsutgifter.

Transportsystem Sandnes aust (planlegging)

Utbyggingsområdet Sandnes aust er i den vedtekne regionalplanen for Jæren lagt inn som fase 2. Første utbyggingstrinn vil vere området Vatnekrossen. I Bypakke Nord-Jæren er det prioritert utbygging av Bussveien til Vatnekrossen (korridor 3). Vegkapasiteten til/frå området vil auke med utbygging av E39 Ålgård – Hove til fire felt. I Rogaland fylkeskommune sitt vedtak er det føresett 50 mill. kr innafor ramma til Bypakke Nord-Jæren til vidare planlegging av Transportsystem Sandnes aust.

Midlar til planlegging av andre prosjekt og tiltak som manglar planavklaring, er føresett dekka innafor dei ulike tiltakstypane.

Til toppen
Til forsida av dokumentet