Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

7 Finansieringsopplegg

Finansieringa av Bypakke Nord-Jæren er basert på innkrevjing av bompengar samt statlege og fylkeskommunale midlar:

  • Som det går fram av kapittel 6, er det rekna med at det foreslåtte bompengeopplegget vil gi eit samla bompengebidrag til prosjekt og tiltak innafor Bypakke Nord-Jæren på om lag 21 mrd. 2016-kr.

  • I Meld. St. 26 (2013–2014) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn til saman 1 990 mill. 2016-kr i statlege midlar til delfinansiering av prosjekt som inngår i Bypakke Nord-Jæren, fordelt med 1 200 mill. kr til prosjektet E39 Ålgård – Hove og 790 mill. kr til prosjektet E39 Smiene – Harestad.

  • Som det går fram av kapittel 3, har Rogaland fylkeskommune vedteke at all meirverdiavgift som fylkeskommunen får refundert som følgje av investerte bompengemidlar i prosjekt på fylkesveg, skal nyttast til investeringar i prosjekt innafor Bypakke Nord-Jæren. Dette er rekna til å utgjere om lag 1 460 mill. kr i 2016-prisnivå.

Dette gir eit samla bidrag til gjennomføring av Bypakke Nord-Jæren på om lag 24,5 mrd. kr. I tillegg har Samferdselsdepartementet gjennom det fastsette rammeverket for bymiljø-/byvekstavtalar lagt til grunn statleg delfinansiering på inntil 50 pst. av prosjektkostnadene for viktige fylkeskommunale kollektivtransportprosjekt i dei fire største byområda. Bussveien på Nord-Jæren er eit slikt prosjekt. Storleiken på tilskotet vil bli endeleg avklart gjennom forhandlingane om ein byvekstavtale for Nord-Jæren.

Som det går fram av kapittel 3 og 4, har Rogaland fylkeskommune i sitt vedtak gått inn for at foreslåtte midlar til drift av kollektivtransport blir dekka med statlege midlar. Samferdselsdepartementet viser til at dette er ei fylkeskommunal oppgåve. Drift av kollektivtransport inngår i bypakka, men staten vil ikkje bidra til å dekke driftsutgifter til kollektivtransport utover eventuelt tilskot gjennom belønningsordninga, jf kapittel 4.

Omfanget av statlege midlar til Bypakke Nord-Jæren vil bli nærare avklart gjennom forhandlingane om ein byvekstavtale for Nord-Jæren samt arbeidet med Nasjonal transportplan 2018–2029 og tilhøyrande handlingsprogram. Samferdselsdepartementet må derfor komme tilbake til det endeleg statlege bidraget til Bypakke Nord-Jæren.

Dei aktuelle vegprosjekta vil bli vurderte i samband med utarbeidinga av Nasjonal transportplan 2018–2029. Eventuell igangsetjing av vegprosjekt må vurderast i samband med dei årlege budsjetta.

Den eksterne konsulenten påpeikar stor uvisse i pakka samla sett. Konsulenten meiner det er 56 prosent sannsynleg at alle tiltaka som inngår i pakka, vil vere nedbetalte til 2031.

Til toppen
Til forsida av dokumentet