Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

8 Styringsmodell for Bypakke Nord-Jæren

Bypakke Nord-Jæren er planlagt gjennomført etter prinsippa for porteføljestyring. Dette inneber at det kan bli gjort endringar innafor pakka for å sikre rasjonell framdrift og økonomistyring. Arbeidet med porteføljestyringa skal skje gjennom årleg rullering av eit handlingsprogram med hovudvekt på mål- og resultatstyring.

Rogaland fylkeskommune føreset i sitt vedtak at auka statlege krav til vegbygging og kostnadsauke på riksvegnettet vert dekka av staten. Som for andre bompengepakker legg Samferdselsdepartementet til grunn at omfanget på utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma som blir fastsett for Bypakke Nord-Jæren, og understrekar behovet for sterk kostnadskontroll og at den økonomiske kostnaden ved investeringane blir balanserte med behovet for lønnsame arbeidsplassar og økonomisk utvikling. Kostnadsauke må derfor handterast innafor denne ramma. Dette gjeld også for riksvegar. Dersom kostnadene for eitt eller fleire prosjekt aukar, inneber dette at andre prosjekt ikkje kan gjennomførast. Dersom enkelte prosjekt vert rimelegare enn føresett, kan det derimot verte rom for å gjennomføre fleire prosjekt.

Det er etablert ei styringsgruppe for Bypakke Nord-Jæren i tråd med krava i retningslinjene for bymiljøavtalar. Styringsgruppa si hovudoppgåve er å prioritere prosjekt innafor hovudsatsingsområda i porteføljen og sjå til at gjennomføringa skjer i tråd med føringane i denne proposisjonen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet har etter drøftingar i regjeringa avgjort at bymiljøavtalane og byutviklingsavtalane skal samordnast til ein avtale og kallast byvekstavtale. Departementa vil gjere ei nærare vurdering av organiseringa av arbeidet med byvekstavtalane både i forhandlings- og oppfølgingsfasen, og komme tilbake til dette når tilstrekkelege avklaringar ligg føre. Inntil vidare skal organiseringa som følgjer av eksisterande rammeverk for bymiljøavtalane og byutviklingsavtalane leggjast til grunn.

Styringsgruppa vil koordinere ein eventuell byvekstavtale mellom staten, Rogaland fylkeskommune og Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kommunar. Bypakke Nord-Jæren vil inngå i byvekstavtalen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet