Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 51 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova mv. (forbod mot bruk av ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningssituasjonar)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kunnskapsdepartementet foreslår i denne proposisjonen å innføre forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i barnehagar og i undervisningssituasjonar. Forbodet vil gjelde i både offentlege og private institusjonar og vil omfatte barnehagar, grunnskolar og vidaregåande opplæring, vaksenopplæring, folkehøgskolar, fagskolar, universitet og høgskolar og opplæring som blir gitt med heimel i introduksjonslova.

Til toppen
Til forsida av dokumentet