Prop. 52 L (2017–2018)

Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kunnskapsdepartementet foreslår i denne proposisjonen å innføre ei plikt for skolen til å gi tilbod om intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning. Forslaget forsterkar aktivitetsplikta til skolane når det gjeld tilpassa opplæring, og vil leggje til rette for at fleire elevar som treng det blir fanga opp tidleg. Kunnskapsdepartementet foreslår òg å innføre ei plikt for skolen til å samarbeide med kommunale tenestetilbydarar om fleirfagleg vurdering og oppfølging av elevar med helsemessige, personlege, sosiale og emosjonelle vanskar knytte til opplæringa. Etter dagens regelverk har fleire kommunale tenester ei lovfesta plikt til å samarbeide med skolen. Plikta skolen har til samarbeid er ikkje på ein formålstenleg måte spegla i opplæringslova. Forslaget inneber at samarbeid mellom ulike kommunale tenesteytarar kjem til uttrykk i lovverket gjennom gjensidige forpliktingar til å delta. Både forslaget om plikt til å gi intensiv opplæring og forslaget om plikt til fleirfagleg samarbeid har bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – Tidlig innsats og kvalitet i skolen.

Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å endre føresegna om vidaregåande opplæring i bedrift slik at det blir mogleg å gå opp til fag- eller sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med rettleidd praksis i ordinært arbeid. Målet er å motivere fleire vaksne til å ta fagbrev ved at dei kan behalde lønt arbeid og få opplæring i arbeidstida. Departementet foreslår at ordninga blir heitande Fagbrev på jobb.

Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å endre folkehøgskolelova slik at ho òg gjeld for Svalbard.

I tillegg til dette foreslår Kunnskapsdepartementet enkelte endringar i opplæringslova og ei endring i friskolelova for å rette opp feil som har oppstått i samband med tidlegare lovendringar.

Den politiske plattforma for regjeringa utgått av Høgre, Framstegspartiet og Venstre slår fast at regjeringa vil lovfeste retten til eit leirskoleopphald i løpet av grunnskolen. Kunnskapsdepartementet vil sende på høyring eit forslag om endring i opplæringslova som gir elever ein slik rett til leirskoleopphald. Endringa kan tre i kraft hausten 2019.

Til toppen
Til forsida av dokumentet