Prop. 60 S (2018–2019)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp åtte nye investeringsprosjekt, og å orientere Stortinget om nokre andre saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Dei nye investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar, er alle i samsvar med inneverande langtidsplan for Forsvaret som Stortinget godkjende gjennom handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 (2015–2016).

Proposisjonen har følgande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt felles materiell- og eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Sensorar for militær luftromsovervaking.

  • Godkjenning av kostnadsramme for eit nytt materiellprosjekt: Modernisering av kryptoløysingar.

  • Godkjenning av kostnadsramme for seks nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: Evenes – fasilitetar for maritime patruljefly, Evenes – fasilitetar for NATO sin kampflyberedskap, Haakonsvern – tilrådd vedlikehaldsløysing og etablering av vedlikehaldsfasilitet for nye ubåtar med tilhøyrande kaianlegg, Haakonsvern – oppgradere utrustingskai, Ørland – tilpassing av Hårberg skole og nytt idrettsbygg, Ørland – forsyningsbygg.

  • Andre saker: Kostnadsbilete for kampflybase Ørland, terminering av prosjekt for ombygging av mannskapsforlegningar på Setermoen til forlegning for befal og verva, vidareutvikling av cyberdomenet i militære operasjonar, og norsk medlemskap i Cooperative Cyber Defence Center of Excellence.