Prop. 60 S (2018–2019)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innholdsfortegnelse

2 Nytt felles materiell- og eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning

2.1 Prosjekt 2078 Sensorar for militær luftromsovervaking

Hensikta med investeringar i nye sensorar er å kunne oppretthalde evna til overvaking av norsk og nærliggande luftrom, gjennom å erstatte gamle sensorar med ei løysing tilpassa framtidige behov. Militær luftromsovervaking er, saman med luftvern og kampfly, vesentleg for å oppnå kontroll i luftrommet og ein føresetnad for å sikre fridom for eigne og allierte land-, sjø- og luftstyrkar sine operasjonar. Den militære luftromsovervakinga inngår som ein del av NATO si strategiske luftovervaking.

Dei nye sensorane skal erstatte dei eldste luftovervakingsradarane i Noreg. Arbeidet med å finne erstatning starta allereie på 1990-talet, og var tenkt finansiert gjennom NATO sitt infrastrukturprogram. Då NATO ikkje lenger ville finansiere nasjonane sine sensorar, blei det i 2004 etablert eit nasjonalt prosjekt for stasjonære radarar og i 2005 eit prosjekt for mobil fleirbruksradar. Desse blei slått saman til Prosjekt 2078 i 2007. Det har blitt vurdert eit samarbeid med Sverige innafor ramma av det nordiske samarbeidet, men dette blei ikkje tilrådd mellom anna fordi Noreg sitt behov for erstatning kjem tidligare enn Sverige. Dei gamle radarane, som skal erstattast, er no så tilårskomne at evna til påliteleg luftromsovervaking er redusert. Det er viktig å få gjennomført anskaffinga på grunn av aukande vedlikehalds- og reparasjonsbehov.

Det blir fremma forslag om å anskaffe åtte nye radarar. Tre av desse skal plasserast same stad som dei radarane dei erstattar. Fem sensorar skal plasserast på nye stadar, dels på grunn av at det blir vurdert som viktig å ha særleg god sensordekning nokre nye stader og dels fordi trugslane i luftrommet teknisk sett har endra seg. I tillegg har radarane ei forsterka dekning kring nokre område der dette er viktig for forsvaret av landet.

To av dei nye radarane vil vere flyttbare, og kan nyttast for å forsterke overvakinga på stadar der det vurderast naudsynt.

Dei tre radarstasjonane som i dag har Sindre II-radarsystem skal vidareførast utan anskaffing i dette prosjektet. Desse radarane vil vere modne for utskifting etter at dette prosjektet er ferdig. Det vil difor bli forhandla inn ein opsjon i materiellkontrakta, som kan utløysast i eit mogleg etterfølgande prosjekt viss ein om nokre år finn det formålstenleg å erstatte Sindre II-radarane med same type radarar.

Dei åtte eksisterande radarstasjonane, som blir erstatta, vil bli lagde ned og avhenda, så snart nye radarstasjonar er operative. På ein av stadane vil eksisterande eigedom, bygg og anlegg (EBA) bli nytta, men med ei vesentleg fornying.

Prosjektet vil innehalde både ei materiellanskaffing og ei tilhøyrande EBA-åtgjerd. Radarane skal plasserast i faste bygg med ein radarkuppel for å beskytte mot ver og vind. Det må også førast infrastruktur (til dømes veg, kraft og IKT) fram til radarstasjonane for bygging og vedlikehald. Det skal i tillegg etablerast tre regionale senter for vedlikehald i landet. Desse vil ligge saman med anna militær aktivitet på Rygge, Ørlandet og Sørreisa, men vil krevje nokre mindre byggeprosjekt. Sidan radarane vil vere på vanskeleg tilgjengelege fjelltoppar og vedlikehaldet skal baserast på ein regional struktur, treng ein garasjar for terrenggåande køyretøy ved foten av nokre av fjella og ly for køyretøy på verutsette toppar.

Bygginga av radarstasjonane vil tillate alminneleg ferdsel i naturen kring stasjonane.

Prosjektet har gjennomgått ekstern kvalitetssikring, KS2, i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Rapporten peika på nokre veikskapar i dokumentasjonen til prosjektet. Desse er løyst gjennom ei tilleggsutgreiing og ei ny berekning av kostnadar og avsetting for uvisse. I tilleggsutreiinga blei det avdekka at kostnadar for etablering av regionale vedlikehaldssenter ikkje var tatt med. Desse er no inkludert for at åtgjerda skal gi ein komplett operativ løysing. Den nye kostnadsramma ligg 165 mill. kroner høgare enn tilrådinga frå ekstern kvalitetssikrar. Kostnaden for vedlikehaldssentera utgjer hovedandelen av endringa.

I samband med anskaffinga av radarane vil det bli stilt krav om at det blir inngått ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren før kontrakten blir signert.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet, for materiell- og EBA-prosjektet er samla 8 140 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetting for uvisse, og gjennomføringskostnadar. Styringsramma utgjer 6 744 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar. Prosjektet si kostnads- og styringsramme er prisjustert til kosnadsnivå pr. 1. juli 2019.