Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 60 S (2018–2019)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innholdsfortegnelse

4 Nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning

4.1 Evenes flystasjon

4.1.1 Evenes flystasjon – eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt

Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) å etablere Evenes flystasjon som framskoten operasjonsbase for dei nye kampflya til Forsvaret og NATO sin kampflyberedskap (Quick Reaction Alert – QRA). Stortinget vedtok seinare gjennom handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) at Evenes flystasjon i tillegg skal vere base for Forsvaret sine maritime patruljefly (MPA), verna av langtrekkande luftvern og baseforsvar. Som oppfølging av Stortinget sitt vedtak har Forsvarsdepartementet gjennomført ei konseptvalutgreiing for etablering og lokalisering av dei vedtatte kapasitetane på Evenes flystasjon. Utgreiinga har blitt underlagt ekstern kvalitetssikring (KS1) i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Forsvarsdepartementet legg i denne proposisjonen fram prosjekta for etablering av fasilitetar til dei nye maritime patruljeflya (P-8A) og fasilitetar for både NATO og nasjonal kampflyberedskap. Fasilitetane skal kunne understøtte daglege flyoperasjonar med F-35 og P-8A ut frå Evenes flystasjon. Prosjektet for etablering av fasilitetar for MPA har, slik Stortinget blei orientert om gjennom Prop. 66 S (2017–2018), blitt underlagt ekstern kvalitetssikring (KS2) i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar.

Det er satt i gang eit arbeid for å utvikle ein ny statleg reguleringsplan for Evenes flystasjon. Den nye reguleringsplanen er planlagt godkjend i Kommunal og moderniseringsdepartementet til sommaren/hausten 2019. Gjennom handsaminga av konsekvensutgreiingane til reguleringsplanen for Evenes flystasjon vil konsekvensane for ei plassering i nærleiken av eit våtmarkssystem med fem naturreservat bli vurdert. Området har internasjonale naturverdiar, og Noreg har peika det ut som såkalla Ramsarområde. Det gir ei forplikting til å ta vare på området si økologiske funksjon. Dette vil det takast omsyn til ved plassering av ulike funksjonar på området, val av tekniske løysingar m.m. I den vidare planprosessen for utbygginga vil det bli lagt vekt på naturverdiane i området, slik at påverknaden på desse blir minst mogleg innanfor kva som er mogleg ut frå også økonomiske og forsvarsmessige omsyn. Når den statlege reguleringsplanen for Evenes flystasjon er godkjend, vil departementet også vurdere nærare merkostnadane for den sivile lufthavna som følge av Forsvaret si etablering på Evenes.

I samsvar med behova frå konseptvalutgreiinga for Evenes flystasjon finst det i dag ikkje tilfredsstillande velferds- og idrettsfasilitetar for dei vernepliktige mannskapa og sjukestove ved flystasjonen. Forsvarsdepartementet planlegg difor å legge fram ytterlegare eit investeringsprosjekt ved Evenes flystasjon for Stortinget til godkjenning hausten 2019 gjennom budsjettproposisjonen for budsjettåret 2020.

4.1.2 Evenes flystasjon – fasilitetar for maritime patruljefly

Eksisterande bygg og anlegg ved Evenes flystasjon er ikkje tilfredsstillande for operasjonar med dei nye maritime patruljeflya P-8A. Dei nye fasilitetane skal kunne støtte, drifte og vedlikehalde inntil fem slike fly på dagleg basis.

Byggeprosjektet inneber etablering av ein hangar med plass for tre P-8A, der to plassar er knytte til vedlikehald og ein til vask av flya. Vidare inneheld prosjektet administrative fasilitetar både for flyskvadronen og vedlikehaldsskvadronen, ulike verkstadfasilitetar for P-8A, teknisk lager og verkstad- og lagerfasilitetar for bakkeutstyr og redningsutstyr. I tilknyting til desse fasilitetane skal det etablerast oppstillingsplassar for P-8A, plattform for lasting av ammunisjon og utandørs spyleanlegg for flya.

Fasilitetane vil bli lokaliserte på ein kompakt måte på vestsida av rullebana heilt sør på Evenes flystasjon. Det sikrar ei arealeffektiv løysing med god utnytting av dei naudsynte ressursane for drift av dei nye maritime patruljeflya. Kort avstand frå hangarane til verkstadane og administrasjonsfasilitetane gjer det mogleg med effektiv drift av P-8A. Dette vil gje ei trygg og effektiv handsaming av flya på bakken og sikre krava til operativ evne. I samsvar med dei vedtatte leveranseplanane for P-8A skal fasiliteten stå klar sommaren 2022.

Det er gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet. Ekstern kvalitetssikrar konkluderer med at prosjektet i hovudsak kan vidareførast i samsvar med forprosjektet. Forsvarsdepartementet vil følge opp kvalitetssikrar si tilråding i den vidare styringa av prosjektet.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 800 mill. kroner medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetting for uvisse. Styringsramma for prosjektet er 1 570 mill. kroner, medrekna innreiing, meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar. Prosjektet si kostnads- og styringsramme er basert på ekstern kvalitetssikrar si tilråding og prisjustert til kostnadsnivå pr. 1. juli 2019.

4.1.3 Evenes flystasjon – fasilitetar for NATO sin kampflyberedskap

Vedtaka i Stortinget om å etablere Evenes flystasjon som base for NATO sin kampflyberedskap (QRA) inneber investeringar i eigedom, bygg og anlegg. Investeringane er naudsynte for å kunne ivareta daglege flyoperasjoner med F-35 for trening, øving og gjennomføring av beredskapsoppdrag QRA. Prosjektet omfattar åtgjerder for å tilpasse og oppgradere fire av dei spredde kampflyhangarane som skal brukast til oppbevaring, klargjering og lettare vedlikehald av F-35 på QRA-beredskap. Vidare blir hangar H2 tilpassa for å kunne vareta vedlikehald av kampfly utover normal flyklargjering. Flyklargjering skal normalt gjennomførast i dei spredde hangarane. Hangar H2 kan også nyttast til utbetring av fly som ikkje kan fly tilbake til Ørland for eiga maskin. Denne hangaren vil få ei naudsynt oppgradering av straumforsyninga og ventilasjonsanlegget. I tillegg vil det leggast til rette for vask av kampflya i hangaren. Prosjektet vil dessutan omfatte bygging av eit vakt- og beredskapsbygg og fasilitetar for planlegging av operasjonar, trening og øving for NATO sin kampflyberedskap, med tilhøyrande rom for orienteringar. Vakt- og beredskapsbygget vil ha forlegning, høve for enkel forpleiing, operasjonsplanlegging og etterarbeid, samt tilstrekkeleg plass til beredskapstyrken for opptil ei veke om gongen. Som del av prosjektet vil det også bli bygd eit oppfangingssystem for kampfly på rullebanen.

Kort avstand mellom vakt- og beredskapsbygget, hangarane til kampflya og vedlikehaldsfasilitetane vil gi ei effektiv handtering av flya på bakken og sikre krava til operativ evne.

NATO sin kampflyberedskap blir flytta frå Bodø til Evenes 1. januar 2022. Fasilitetane må difor stå klar for trening og øving av NATO kampflyberedskap frå Evenes allereie sommaren 2021.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 219 mill. kroner medrekna gjennomføringskostnadar, innreiing, merverdiavgift og ei avsetting for uvisse. Styringsramma for prosjektet er 195 mill. kroner, medrekna innreiing, meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.

4.2 Haakonsvern – tilrådd vedlikehaldsløysing og etablering av vedlikehaldsfasilitet for nye ubåtar med tilhøyrande kaianlegg

I samsvar med Stortinget si handsaming av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016) skal Noreg skaffe fire nye ubåtar. Ved handsaminga av Innst. 381 S (2016–2017) til Prop. 123 S (2016–2017) godkjende Stortinget prosjekt for anskaffing av nye ubåtar med ei kostnadsramme på 41 370 mill. kroner (2017-kroner). I Prop. 123 S (2016–2017) orienterte regjeringa om at Noreg og Tyskland har inngått eit strategisk samarbeid om anskaffing og felles drift av nye ubåtar. Samarbeidet vil omfatte mellom anna utdanning, trening, vedlikehald, oppdateringar og oppgraderingar gjennom levetida. Vidare blei det orientert om at regjeringa planlegg å kome attende til Stortinget i 2019 med ei tilrådd løysing for vedlikehald av dei nye ubåtane. Dei nye ubåtane vil ha sin hovudbase på Haakonsvern orlogsstasjon, med ein framskoten base i Ramsund.

Noreg og Tyskland skal anskaffe identiske ubåtar og har som mål å ha ein ferdig forhandla kontrakt i løpet av 2019. Planlagt leveranse er frå 2026 til 2030. Det er naudsynt å få ei avgjerd om etablering av vedlikehaldsfasilitet, før kontrakten på nye ubåtar blir signert, slik at avtale om vedlikehald av dei tyske ubåtane i Noreg kan formaliserast.

Det er planlagt å gjenbruke mykje av dagens eigedom, bygg og anlegg på begge basane for å dekke behov som følger av ubåtanskaffinga, men det vil også være naudsynt å gjennomføre viktige nyinvesteringar. Eksisterande anlegg for vedlikehald av ubåtar i Laksevåg er tilpassa dagens Ula-klasse. Dei nye ubåtane er større, både i lengde og bredde, og meir teknisk avanserte enn Ula-klassen. Anlegget i Laksevåg er bygd i perioden 1941–45 og let seg ikkje tilpasse dei nye ubåtane. Det er difor ikkje mogleg å vidareføre verksemda for ubåtvedlikehald der. Difor er det behov for å etablere ein ny vedlikehaldsfasilitet med tilhøyrande kaianlegg. Utgreiingar støttar at ny vedlikehaldsfasilitet bør lokaliserast inne på Sjøforsvaret si hovudbase, Haakonsvern. Forsvarsdepartementet planlegg å fase ut vedlikehaldsfasiliteten i Laksevåg når Ula-klassen ubåtar er fasa ut.

Den tilrådde løysinga for ubåtvedlikehald søker å oppnå høgast mogleg grad av teknisk tilgjenge av dei fire nye norske og to tyske ubåtane, til ein kostnadseffektiv pris. Vedlikehaldsløysinga omfattar ein moderne fasilitet tilpassa vedlikehaldsbehovet til dei nye ubåtane. Denne skal ha ein tilstrekkeleg og fleksibel arbeidsstyrke med ein kjerne av ubåtekspertar, som er støtta av lokal og internasjonal industri, og som gjer nytte av moderne prinsipp og metodar for vedlikehald.

Byggeprosjektet som blir lagt fram for Stortinget si godkjenning omfattar etablering av eit bygg med to vedlikehaldshallar med tilhøyrande verkstad og lager, eit administrasjonsbygg med kontor og møterom, eit kaianlegg og utomhusanlegg. Kaianlegget inkluderer skipsheis og kaihus for klargjering av ubåtane før tokt. Utomhusanlegga omfattar transportsystem for ubåtane og infrastruktur (vatn, avlaup og kraft etc.). I tillegg er naudsynt innreiing, inkludert IKT, for å understøtte bygga sin funksjon inkludert i prosjektet. Prosjektet er planlagt ferdigstilt i 2026.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av byggeprosjektet for etablering av ny vedlikehaldsfasilitet med tilhøyrande kaianlegg. Forsvarsdepartementet vil følge opp åtgjerdene ekstern kvalitetssikrar tilrår for å redusere uvissa i prosjektet.

Ekstern kvalitetssikrar har i tillegg gjort ei vurdering av det tilrådde vedlikehaldskonseptet for dei nye ubåtane. Den eksterne kvalitetssikringa støttar at vedlikehaldsløysinga som ligg føre, inkludert vedlikehaldsfasiliteten, er i tråd med det som er naudsynt for å understøtte dei nye norske og tyske ubåtane. Forsvarsdepartementet vil følge opp tilrådingane som er gitt av ekstern kvalitetssikrar i det vidare arbeidet.

For å dekke det totale behovet for EBA som følger av ubåtanskaffinga, vil det også være naudsynt å gjennomføre ytterlegare EBA-investeringar både på Haakonsvern og i Ramsund. I denne samanheng er det klargjort at mykje av den eksisterande bygningsmassen knytt til forsyning, utdanning og trening på Haakonsvern vil kunne nyttast vidare, men det vil vere behov for å gjennomføre naudsynte tilpassingar og oppgraderingar. For å vareta desse behova, er det planlagt gjennomført ytterlegare eit investeringsprosjekt på Haakonsvern. Dette prosjektet har ei foreløpig anslått planramme på 86 mill. kroner. Omfang og innretting av naudsynte tiltak i Ramsund for å støtte dei nye ubåtane på oppdrag i nordområda er ikkje endeleg klarlagt. Forsvarsdepartementet vil informere Stortinget om det totale kostnadsbiletet for EBA knytt til ubåtanskaffinga når dette er klart.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet for etablering av ny vedlikehaldsfasilitet med tilhøyrande kaianlegg på Haakonsvern er 3 300 mill. kroner medrekna gjennomføringskostnadar, innreiing, meirverdiavgift og ei avsetjing for uvisse. Styringsramma for prosjektet er 2 670 mill. kroner, medrekna innreiing, meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar. Prosjektet si kostnads- og styringsramme er basert på ekstern kvalitetssikrar si tilråding og prisjustert til kostnadsnivå pr. 1. juli 2019.

4.3 Haakonsvern – oppgradere utrustingskai

Utrustingskaia på Haakonsvern blei bygd i 1960. Kaia er 190 meter lang og inneheld også infrastruktur for kaianlegget. Basert på undersøkingar og analysar av tilstanden på anlegget, er det avdekka behov for å oppgradere kaia. Det er funne skadar i betongen som følgje av korrosjon på armeringa. Dette gjer det naudsynt å gjennomføre åtgjerder slik at tilstanden ikkje blir forverra og får konsekvensar for den vidare bruken av kaia. I tillegg er anlegget for straum frå land stengt grunna høve knytt til tryggleiken. Vidare er arrangementet på kaia for fendring smuldra vekk. Ei oppgradert utrustingskai vil saman med hovedkaia sikre tilstrekkeleg kapasitet for djuphamn ved Haakonsvern. Oppgraderinga vil medverke til auka materiellmessig tryggleik og mindre miljøbelastning som følge av redusert bruk av hjelpemotorar for tilverking av elektrisk kraft om bord.

Prosjektet omfattar oppgradering av utrustingskaia og punktvis utdjuping av sjøbotnen for å oppnå naudsynt djup for segling. Eksisterande omformarstasjon blir oppgradert og det blir etablert nytt omformaranlegg for landstraum. To nye kaihus med punkt for tilknyting til mellom anna vatn, avlaup og landstraum blir etablerte. Vidare blir det gjennomført naudsynte tiltak for tryggleik rundt kaia. Utrustningskaia er dimensjonert for anten fregattar eller KNM Maud, Sjøforsvaret sitt nye logistikkfartøy.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 228 mill. kroner medrekna gjennomføringskostnadar, meirverdiavgift og ei avsetting for uvisse. Styringsramma for prosjektet er 196 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.

4.4 Ørland – tilpassing av Hårberg skule og nytt idrettsbygg

Stortinget har gjennom handsaminga av Innst. 353 S (2015–2016) til Prop. 110 S (2015–2016) godkjent eit prosjekt for å kjøpe Hårberg skule frå Ørland kommune. Hårberg skule er innlemma i flystasjonen sin eigedomsmasse på Ørland.

Eksisterande velferdsbygg og idrettsbygg på Ørland flystasjon er i ei svært dårleg forfatning. Dette er funksjonar som treng nye og betre fasilitetar. Gode fasilitetar for velferd og idrett er viktige åtgjerder for å rekruttere og behalde personell ved Ørland flystasjon.

Kjøpet av Hårberg skule gjer det mogleg å samle velferds- og idrettsverksemda.

Prosjektet omfattar gjenbruk av bygningane ved gamle Hårberg skule og bygging av nytt idrettsbygg i tilknyting til denne. Velferdsbygget skal innehalde funksjonar som kantine, møterom, areal for prest og aktivitetar i forbindelse med religion og livssyn samt kontorfasilitetar. Idrettsbygget skal innehalde areal for hallidrett, styrketrening og trening av uthald. Det skal også vere våtrom, garderobar, resepsjon og lager for utstyr. Prosjektet skal stå ferdig i 2021.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 274 mill. kroner medrekna gjennomføringskostnadar, innreiing, meirverdiavgift og ei avsetjing for uvisse. Prosjektet si styringsramme er 243 mill. kroner, medrekna innreiing, meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.

4.5 Ørland – forsyningsbygg

Stortinget har, gjennom handsaminga av Innst. 338 (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) vedtatt at hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly skal etablerast ved Ørland flystasjon.

Anskaffinga av nye kampfly gjer at Ørland blir nasjonalt kraftsenter for Luftforsvaret. Dette inneber at også andre avdelingar i Luftforsvaret skal vere på Ørland. Eksisterande bygg og anlegg ved flystasjonen har i liten grad blitt fornya sidan etableringa av Ørland flystasjon på 1950-talet, og det er mellom anna naudsynt å bygge eit nytt forsyningsbygg, som samlar den totale forsyningsverksemda ved flystasjonen. Åtgjerda vil legge til rette for ei framtidsretta effektiv logistikkteneste som støtter opp under den operative verksemda ved flystasjonen. Stortinget godkjente gjennom handsaminga av Innst. 353 S (2015–2016) til Prop. 110 S (2015–2016) etableringa av eit dedikert forsyningslager for F-35. Forsyningslageret til F-35 blei ferdig til bruk i 2017. Det nye forsyningsbygget vil bli etablert i forlenginga av det allereie ferdigbygde forsyningslageret til F-35, og skal mellom anna innehalde forsyningslager for intendantur, depoter og administrasjonslokale for den auka bemanninga ved flystasjonen.

Det nye forsyningsbygget skal stå ferdig i 2021.

Den tilrådde kostnadsramma, medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for uvisse er 225 mill. kroner. Prosjektet si styringsramme er 202 mill. kroner, medrekna innreiing, meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.

Til toppen
Til dokumentets forside