Prop. 65 L (2016–2017)

Endringar i kommunelova m.m. (råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom)

Til innhaldsliste

1 Lovframlegget i proposisjonen

Regjeringa meiner det er viktig at innbyggjarane medverkar i kommunale avgjerdsprosessar som gjeld utforming av kommunale tenester, planarbeid, samfunnsutvikling og andre område. Eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom er ofte underrepresenterte i folkevalde organ. Regjeringa ønskjer difor å leggje til rette for at desse gruppene kan involverast i saker som gjeld levevilkåra deira. Medverknadsorgan sikrar at desse gruppene får bidra til gode avgjerdsprosessar i kommunane på saksfelt som gjeld dei. For å sikre like reglar, og for å gjere det enklare for kommunane og fylkeskommunane å forvalte medverknadsorgana, føreslår Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) at kommunelova får ei ny generell føresegn om råd i kommunar og fylkeskommunar for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom. Framlegget er utarbeidd i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet (ASD) og Barne- og likestillingsdepartementet (BLD).

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er i gang med å utarbeide ei ny kommunelov etter at utgreiinga frå kommunelovutvalet (NOU 2016: 4) har vore på høyring. Ifølgje pkt. 4.5 Medverknadsordningar i mandatet skulle ikkje utvalet sjå nærare på kommunale medverknadsordningar (eldreråd, ungdomsråd mv.). Bakgrunnen er at lovprosjektet med medverknadsordningar i kommunar og fylkeskommunar har vore eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre departementa. Det inneber at framlegget til ny føresegn i kommunelova § 10 b om råd i kommunane og fylkeskommunane for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom blir fremja i eit eige løp, uavhengig av arbeidet med ny kommunelov.

Eldre og personar med funksjonsnedsetjing har i dag ein lovfesta rett til medverknad, jf. lov 8. november 1991 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd, som blir forvalta av ASD, og lov 17. juni 2005 om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m., som blir forvalta av BLD. Fordi desse ordningane er heimla i særlover, gjeld føresegnene i kommunelova og andre, generelle, lover berre så lenge dei ikkje strir mot føresegnene i desse to særlovene.

Departementet meiner prinsipielt at det skal vere opp til den einskilde kommunen og fylkeskommunen korleis dei involverer viktige brukargrupper i lokalpolitikken, og ønskjer å vere restriktive når det gjeld å påleggje kommunar og fylkeskommunar fleire faste organ og nye oppgåver. Departementet meiner at ordningane med eldreråd og råd for personar med funksjonsnedsetjing er godt innarbeidde, og føreslår difor å føre dei vidare.

Det har vore opp til kommunane sjølve om dei vil ha medverknadsordningar for andre grupper, og korleis dei i så fall skal organiserast. Det vanlegaste har vore ordningar for medverknad frå ungdom gjennom ungdomsråd og ungdommens kommunestyre.

Det har vore mykje uvisse rundt, og til dels ulik praktisering av, ordningane med ungdomsmedverknad. Det tilseier at det bør vere eit eins regelverk også for desse medverknadsordningane. Regjeringa føreslår difor at det skal vere frivillig for kommunane og fylkeskommunane å ha eit ungdomsråd eller ei anna form for ungdomsmedverknad, men at dei, dersom dei vel å ha ei slik ordning, må følgje systemet i lova.

For departementet er det viktig at kommunane og fylkeskommunane kan velje den ordninga som passar best ut frå lokale forhold, og det er ønskjeleg å føre vidare den fleksibiliteten dei har i dag.

Det er føremålstenleg å samle reglar om kommunal organisering i kommunelova i staden for å ha ulike medverknadsordningar som er regulerte i særskilde lover og administrerte av ulike departement. Dei grunnleggjande reglane for organisering av medverknadsorgan bør vere like, men slik at kvar ordning er tilpassa dei ulike gruppene. Utfyllande reglar for dei einskilde ordningane blir fastsette i forskrift.

Departementet føreslår at eldre og personar med funksjonsnedsetjing framleis skal ha ein lovpålagd rett til medverknad, medan ei tilsvarande lovfesta ordning for ungdom skal vere frivillig for kommunane og fylkeskommunane. Dersom ein kommune eller ein fylkeskommune ønskjer å ha eit ungdomsråd eller ei anna form for medverknad frå ungdom, må dei etter framlegget følgje det regelverket som er laga for ungdomsmedverknad.

Departementet føreslår i proposisjonen å oppheve eldrerådslova og lova om råd for menneske med nedsett funksjonsevne og erstatte dei med ei ny generell føresegn i kommunelova om råd i kommunane og fylkeskommunane for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom, i tillegg til forskrifter med utfyllande reglar for desse to ordningane.

Når departementet i denne proposisjonen skriv «kommune», omfattar det òg fylkeskommunane.

Til forsida