Prop. 65 L (2018–2019)

Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kulturdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (heretter stadnamnlova).

Målet med lovrevisjonen er å stille kommunane friare i avgjerder om stadnamn, både val av stadnamn og vedtak om skrivemåten av dei. Vidare er målet å følgje opp det som står om vern og bruk av samiske stadnamn i NOU 2016: 18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.

Hovudinnhaldet i lovframlegget:

  • Departementet foreslår at rådgivingsapparatet for norske og kvenske namn etter stadnamnlova blir fullt integrert i Språkrådet og dermed ein del av det samfunnsoppdraget Språkrådet har om å styrkje norsk språk og kvensk språk.

  • Departementet foreslår å lovfeste retten kommunen har til å velje kva for stadnamn som skal fastsetjast på eit namneobjekt som kommunen vedtek skrivemåten av.

  • Det blir opna for noko større variasjon i skrivemåten av eit stadnamn.

  • Reglane om namnevern blir vidareførte, men dokumenterbare endringar i lokal namnebruk over tid skal kunne vurderast som særleg grunn til å byte ut eitt verneverdig namn med eit anna verneverdig namn utan tradisjon på staden.

  • Namn på reinbeitedistrikt skal vedtakast etter reglane i stadnamnlova.

  • Klage på manglande bruk eller feilbruk av stadnamn i kommunane, skal rettast til Fylkesmannen.

1.1 Konsultasjon med Sametinget

Departementet har konsultert Sametinget om tiltak i proposisjonen som kan påverke samane direkte, jf. Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget. Sametinget har i tillegg fått høve til å gi innspel til arbeidet med proposisjonen. I konsultasjonane har det blitt konstatert semje om omtale og dei tiltaka som direkte eller indirekte følgjer opp NOU 2016: 18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.

1.2 Høyringa

18. oktober 2018 sende Kulturdepartementet på høyring framlegg til endringar i stadnamnlova, med høyringsfrist 14. januar 2019.

Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Forsvarets militærgeografiske teneste

  • Fylkesmennene

  • Klagenemnda for stadnamnsaker

  • Meteorologisk institutt

  • Miljødirektoratet

  • Namnekonsulenttenestene for norsk/kvensk/samisk

  • Nasjonalbiblioteket

  • Noregs vassdrags- og energidirektorat

  • NGU – Noregs geologiske undersøking

  • Norsk kulturråd

  • Samisk høgskole

  • Språkrådet

  • Statens kartverk

  • Statistisk sentralbyrå

  • Vegdirektoratet

  • Universiteta og høgskulane

  • Sametinget

  • Kommunane

  • Fylkeskommunane

  • By- og regionsforskingsinstituttet NIBR

  • Halti kvenkultursenter IKS

  • Kvensk institutt

  • NRK, Yr-redaksjonen

  • Posten Noreg AS

  • Storfjord språksenter

  • Vadsø museum – Ruija kvenmuseum

  • Aksjonsgruppa for korrekt bruk av stedsnavn i Overhalla, Brynjar Mørkved

  • Bokmålsforbundet

  • Det Norske Akademi for Språk og Litteratur

  • Kvenlandsforbundet

  • Landssamanslutninga av nynorskkommunar

  • Landslaget for lokalhistorie (samanslutning av historielag)

  • Namdal Historielag

  • KS

  • Navnebeskyttelsen Norge

  • Nord-Trøndelag Kulturvernråd

  • Noregs Mållag

  • Norges Bygdekvinnelag

  • Norges Bondelag

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • Norsk-finsk forbund

  • Norske Kveners Forbund

  • Norsk namnelag (NNL)

  • Norut

  • Riksmålsforbundet

  • Samarbeidsnemnda for namnegransking

I høyringa kom det inn 61 høyringssvar. 51 av desse hadde merknader.

Følgjande 10 høyingsinstansar hadde ingen merknader:

  • Forsvarsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet (støttar Riksantikvaren)

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Statens vegvesen

  • Statistisk sentralbyrå

  • Utanriksdepartementet

Følgjande 51 instansar uttalar seg om realiteten i forslaget:

  • Klagenemnda for stadnamnsaker

  • Nasjonalbiblioteket

  • Namnekonsulentane for norske og kvenske stadnamn

  • Politidirektoratet

  • Riksantikvaren

  • Statens kartverk

  • Språkrådet

  • Universitetet i Bergen

  • Sametinget

  • Posten Noreg AS

  • Askøy kommune

  • Bamble kommune

  • Bømlo kommune

  • Bærum kommune

  • Drammen kommune

  • Etnedal kommune

  • Fredrikstad kommune

  • Nord-Aurdal kommune

  • Kristiansand kommune

  • Kåfjord kommune

  • Lavangen kommune

  • Oslo kommune

  • Porsgrunn kommune

  • Sola kommune

  • Skodje kommune

  • Tinn kommune

  • Trondheim kommune

  • Vang kommune

  • Østre Toten kommune

  • Øystre Slidre kommune

  • Hordaland fylkeskommune

  • Finnmark fylkeskommune

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Kvensk institutt

  • Aksjonsgruppa for korrekt bruk av stedsnavn i Overhalla, Brynjar Mørkved

  • Bokmålsforbundet

  • Kvenlandsforbundet

  • Hardanger folkeminnelag

  • Høgnorskringen

  • Noregs Mållag

  • Norges Bondelag

  • Norske Kveners Forbund

  • Norsk namnelag (NNL)

  • Toten dialekt- og mållag

  • Arnold Omland

  • Håkon Remøy

  • Helge Sandøy

  • Torfinn Normann Hageland

  • Torbjørn Trageton

Hovudsynspunkt frå høyringa blir gått igjennom i proposisjonen her. Høyringssvara er tilgjengelege på regjeringa si nettside: www.regjeringa.no.

Til forsida