Prop. 66 L (2018–2019)

Endringar i helse- og omsorgstenestelova (dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Stortinget har gjort vedtak der regjeringa blir bede om å fremje eit forslag til endringar av helse- og omsorgstenestelova slik at det blir fastsett ei plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens frå 1. januar 2020. Helse- og omsorgsdepartementet fremjar i denne proposisjonen eit forslag om å lovfeste plikta til å tilby dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens. Departementet føreslår at plikta blir teken inn i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstenestelova) som nytt nummer 7 i lova § 3-2 første ledd.

Mange kommunar har allereie etablert ulike former for dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demenssjukdom sjølv om kommunane ikkje har ei eksplisitt plikt til å tilby slike dagaktivitetstilbod. Dagaktivitetstilbod gjev meining, meistring og gode opplevingar for den einskilde og avlasting for dei pårørande, i tillegg til at slike tilbod bidreg til å hindre eller utsetje innlegging på institusjon. Det er eit mål at alle skal få moglegheita til å bu heime så lenge som mogleg og få individuelt tilrettelagde tenester i sin eigen heim. I tråd med føremålsfråsegna i helse- og omsorgstenestelova skal kommunane gjennom tenestene sine bidra til at det skal vere mogleg òg for menneske som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp, å leve eit aktivt og meiningsfylt liv i fellesskap med andre, leggje til rette for meistring av sjukdom og nedsett funksjonsevne og sikre at tenestetilbodet blir lagt til rette med respekt for integriteten og verdigheita til den einskilde.

Ei av dei største utfordringane vi står overfor som følgje av auken i levealder og den endra alderssamansetjinga, er at talet på personar med demenssjukdomar sannsynlegvis kjem til å doble seg fram mot år 2040. Dei fleste av desse personane vil trenge ulike tenester i sin eigen heim eller på sjukeheim i løpet av sjukdomsperioden, og deira næraste vil trenge avlasting og støtte. I dag er ikkje dei kommunale helse- og omsorgstenestene godt nok tilrettelagde for personar med demens og deira pårørande. Departementet meiner at det vil bidra til å møte desse utfordringane dersom det blir ei lovfesta plikt for kommunane å tilby dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens.