Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 72 L (2015–2016)

Endringar i opplæringslova (friare skoleval over fylkesgrenser, praksisbrevordning m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kunnskapsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Departementet foreslår å innføre ei plikt for fylkeskommunane til å finansiere skoletilbod i andre fylke og ei plikt til å ta imot gjesteelevar ved ledig kapasitet. Forslaget skal gi elevar på vidaregåande nivå eit friare skoleval over fylkesgrensene.

Departementet foreslår vidare å innføre praksisbrevordninga som supplement til ordinær yrkesfagleg vidaregåande opplæring. Praksisbrevordninga skal vere eit toårig opplæringsløp med praksisbrev som dokumentasjon. Departementet går inn for at praksisbrevordninga skal vere eit tilbod i alle fylkeskommunar.

Proposisjonen inneheld òg forslag om endringar i opplæringslova for å leggje til rette for at kommunar og fylkeskommunar kan tilby meir grunnskoleopplæring til ungdommar som har rett til vidaregåande opplæring. Etter forslaget kan ungdommar som har behov for meir grunnskoleopplæring, få høve til å styrkje dei faglege ferdigheitene sine og forbetre grunnskolekarakterane sine.

Departementet foreslår vidare å etablere ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagopplæring på vidaregåande opplæringsnivå der NOKUT vil ha det operative ansvaret. Forslaget vil kunne gi den enkelte betre høve til relevant arbeid og dessutan bidra til ei betre utnytting av den samla kompetansen i arbeidsstyrken.

Proposisjonen inneheld òg forslag om å klargjere når opplæringsplikta fell bort ved utanlandsopphald, og forslag om å fjerne tilrådinga i lova om maksimal skolestorleik.

Til toppen
Til forsida av dokumentet