Prop. 75 L (2014-2015)

Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet føreslår nye reglar i bustøttelova om innhenting og bruk av opplysningar til handsaming av søknader om bustøtte utan at det er nødvendig med samtykke frå søkjaren. Departementet føreslår også nye reglar om etterfølgjande kontroll.

Bustøtte er ei velferdsordning som er basert på rettar. Tildelinga er behovsprøvd, og legitimiteten til ordninga er avhengig av at det berre blir betalt ut støtte til dei som har krav på det. Ein må arbeide for å forhindre og avdekkje både feilutbetalingar og misbruk av bustøtte. Bustøttelova har ingen føresegner som klart heimlar kontroll med dette som føremål. Departementet føreslår tilføyingar i lova som ikkje etterlèt tvil om at Husbanken kan gjennomføre etterkontrollar. Grunngjevinga for å skjerpe arbeidet mot misbruk ligg klart i dagen. Det er svært uheldig at velferdsytingar blir betalte ut til personar som ikkje fyller vilkåra. Dette undergrev motivasjonen og viljen den enkelte har til å bidra til finansiering av fellesgoda og velferdssamfunnet. Sjølv om ein ideelt sett kunne ønskje det, kan ikkje velferdsordningar som bustøtta vere baserte berre på tillit.

Forslaga er i vesentleg grad inspirerte av folketrygdlova kapittel 21, der det er gjeve reglar som regulerer retten til å hente inn og bruke opplysningar til sakshandsaming og til kontrollføremål i saker om ytingar etter folketrygdlova.

Til forsida