Prop. 76 L (2015–2016)

Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen gjer Kommunal- og moderingseringsdepartementet framlegg om endringar i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) og i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova).

Både inndelingslova og kommunelova har generelle og felles reglar for kommunar og fylkeskommunar. Når departementet i denne proposisjonen skriv kommune, omfattar det òg fylkeskommune.

Robek-status ved samanslåing

Kommunelova og inndelingslova har i dag ikkje reglar om korleis ROBEK-status skal handterast ved samanslåingar. Departementet foreslår at den nye kommunen ikkje automatisk skal registrerast i ROBEK sjølv om éin av kommunane var i ROBEK før samanslåinga, men at fylkesmannen får ei tidsavgrensa fullmakt til å melde kommunen inn i ROBEK dersom det framleis er behov for å kontrollere økonomien i den nye kommunen.

Kommunesamanslåing og forkjøpsrett til aksjar

Departementet foreslår å klargjere at forkjøpsretten ikkje gjeld når aksjar skiftar eigar frå éin kommune til ein annan kommune i samband med samanslåing eller deling av kommunar.

Deling og grensejustering

Departementet gjer framlegg om å endre regelen i inndelingslova § 3 tredje ledd slik at det blir mogleg å justere grensene i samband med ei kommunesamanslåing. Det inneber at dei ulike delane av ein kommune som blir delt og lagt til andre kommunar, kan bli behandla etter ulike reglar. Departementet foreslår at departementet i ein slik delingssamanheng skal kunne fastsetje at ei grenseendring som gjeld ein mindre del av den opphavlege kommunen (området har ein mindre del av innbyggjarane i ein kommune), kan behandlast etter reglane om grensejustering.

Unntak frå kravet om felles kommunestyremøte

I framlegget ligg det at departementet skal kunne gjere unntak frå kravet om å halde felles kommunestyremøte der det allereie ligg føre tilstrekkelege lokale vedtak i kvart kommunestyre.

Nytt kommunestyre etter ei samanslåing

Departementet foreslår å kodifisere praksis knytt til ein måte kommunestyret kan setjast saman på etter ei samanslåing. Det gjer ein ved å gi Kongen heimel til å korte ned valperioden og til å fastsetje at det nye kommunestyret skal peikast ut av og mellom dei valde kommunestyra.

Kven som kan veljast til fellesnemnda

Departementet gjer framlegg om at også medlemmer av kommuneråd og fylkesråd kan veljast til fellesnemnda. Sentrale folkevalde vil dermed kunne sitje i fellesnemnda uansett om kommunen eller fylkeskommunen har parlamentarisk styreform eller formannskapsmodellen.

Høve til å delegere styringa av kommunale føretak i parlamentarisk styrte kommunar

Departementet foreslår ei ny føresegn i kommunelova om at kommunestyret i parlamentarisk styrte kommunar kan velje å delegere styringa av kommunale føretak til kommunerådet, som får høve til å delegere vidare til dei einskilde kommunerådane. Framlegget er i tråd med forsøket som er gjennomført i Oslo kommune.

Plikt til å kunngjere møte i folkevalde organ og i kommunale føretak

Departementet foreslår å endre ordlyden i kommunelova si regel om plikta til å kunngjere møte i folkevalde organ. Departementet ønskjer å klargjere at plikta også gjeld kunngjering av møte som truleg kjem til å bli haldne for lukka dører. Likeins foreslår departementet at plikta til å kunngjere møte også skal gjelde kommunale føretak, for å sikre at allmenta kan vere til stades i møte i folkevalde organ i dei kommunale føretaka.

Til forsida