Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 79 L (2016–2017)

Endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Når det gjeld lovforslaget om at barn skal få grunnskoleopplæringa så raskt som mogleg og seinast innan éin månad, meiner departementet at det ikkje vil ha administrative eller økonomiske konsekvensar for kommunane, ettersom endringa ikkje pålegg kommunane nye plikter.

Forslaget om å gi rett til vidaregåande opplæring til personar med vidaregåande opplæring frå utlandet som ikkje blir godkjend i Noreg, vil føre til auka kostnader for fylkeskommunane og for Lånekassen. Kor mykje kostnadene vil auke, vil avhenge av kor mange som bruker ein slik rett. Dette igjen vil avhenge av arbeidsmarknaden i Noreg, av kor mange innvandrarar som kjem, og av kvar dei kjem frå. Derfor vil kostnadene kunne variere frå år til år. Det er òg ei berekningsteknisk utfordring at innvandrardelen av folkesetnaden ikkje er den same i alle fylkeskommunar. Det vil derfor ikkje vere mogleg å rekne seg presist fram til kostnadsauken for fylkeskommunane. Fleire av fylkeskommunane har gitt innspel om forhold som vil føre til auka utgifter. Departementet har valt å byggje på erfaringstal som er henta inn frå nokre fylkeskommunar i samarbeid med KS, over søknader til vidaregåande opplæring frå personar med innvandrarbakgrunn. På bakgrunn av desse tala har departementet estimert at om lag 1000 personar med utanlandsk vidaregåande opplæring som ikkje blir godkjend i Noreg, vil søkje om inntak til vidaregåande opplæring kvart år. Somme av desse vil truleg berre trenge delvis opplæring, til dømes supplering av ei yrkesutdanning for å få godkjent fagbrevet sitt i Noreg, eller opplæring i norsk og engelsk for å få generell studiekompetanse. Andre vil ha behov for full vidaregåande opplæring. Basert på erfaringstala frå fylkeskommunane legg departementet til grunn – som eit gjennomsnittleg overslag for heile gruppa – at halvparten av dei 1000 søkjarane treng to års opplæring i skole (fulltid), og at den andre halvparten treng eitt års opplæring i bedrift (fulltid). Om retten til vidaregåande opplæring blir utvida, kan det òg føre til auka utgifter til lån og stipend gjennom Lånekassen. Kostnaden vil vere avhengig av kor mange i målgruppa som blir tekne opp etter ungdomsretten eller vaksenretten.

Budsjetteffekten av tiltaket vil bli fasa gradvis inn over tre år. Departementet estimerer at den samla budsjetteffekten av tiltaket vil vere 235 mill. kroner årleg frå 2019. Av dette er meirkostnaden for fylkeskommunane estimert til 194 mill. kroner. Stortinget løyvde 60,8 mill. kroner knytte til utvidinga av retten i 2017, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Kunnskapsdepartementet.

Forslaget om å fjerne føresegna om at retten til vidaregåande opplæring for ungdom må takast ut innan fem år, og føresegna om at opplæringa må starte slik at ho er fullført i det året den enkelte fyller 24 år, medfører ikkje at fleire får rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring er fullt ut kompensert for alle med ungdomsrett i overføringane til fylkeskommunane.

Departementet er samd i at å utvide retten til opplæring med inntil to år i samband med omval kan medføre auka kostnader for fylkeskommunane. Det finst inga oversikt over kor mange som får utvida retten av fylkeskommunane på denne måten i dag, eller kor mange som må avbryte opplæringa si etter omval fordi fylkeskommunen ikkje innvilgar ein slik rett. Truleg er det så få som må avbryte at dei økonomiske konsekvensane er uvesentlege sett i høve til dei samla utgiftene til fylkeskommunane.

Til toppen
Til forsida av dokumentet