Prop. 82 L (2016–2017)

Endringar i veglova og vegtrafikkloven (bompengar i byane)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

På bakgrunn av lokale ønske og på oppmoding frå Stortinget, foreslår Samferdselsdepartementet i denne proposisjonen endringar i lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar (veglova) § 27 som tek inn eigne føresegner om bompengar i byområde i eit nytt andre ledd. Etter forslaget vil føresegna i det nye andre leddet opne for at det i byområda i Noreg kan bli teke i bruk bompengetakstar som er tilpassa dei særskilde behova i det einskilde byområdet, med bompengetakstar som er basert på køyretøya si vekt, påverkar val av reisemiddel, varierer ut frå tida på døgnet, varierer ut frå dei ulike køyretøya sine miljøeigenskapar eller liknande. Som vilkår, er det foreslått at omsyn til transportløysingane i byområda, bruk av arealet eller lokalmiljøet skal vere førande for takstutforminga. Det er lokale myndigheter som tar initiativ til justeringar av takstane i ei pågåande bompengeinnkrevjing, og departementet føreset at dei kommunale og fylkeskommunale myndigheitene har tenkt nøye gjennom dei økonomiske konsekvensane for transportnæringa og dei reisande i området det gjeld. Det nye andre leddet har same utforming som den gjeldande føresegna i § 27 første ledd, ved at bompengeordningane i byområde krev samtykke frå Stortinget. Det blir i ny § 27 andre ledd foreslått at føresegnene om vilkår og bruk av bompengar etter første ledd elles skal gjelde tilsvarande. Den gjeldande føresegna om bruk av bompengar til drift av kollektivtrafikk i § 27 første ledd fjerde punktum, som gjeld særskilt for byområde, blir foreslått vidareført i eit nytt andre ledd fjerde punktum.

Den gjeldande føresegna i § 27 andre ledd opnar for at det kan bli gitt forskrift om mellombelse tidsdifferensierte bompengetakstar i byområde som har i drift bompengeinnkrevjing i periodar med høg luftforureining, utan eit framlegg for Stortinget, jf. hovudregelen i § 27 første ledd. Det er ein føresetnad at tiltaket kan redusere forureininga. Departementet foreslår at føresegna blir vidareført i eit nytt tredje ledd, med einskilde endringar. For det første foreslår departementet endring av to ord i den gjeldande føresegna: ordet «differensiering» endra til «endra» og ordet «bompengesystem» blir endra til «bompengeordningar». Endringane blir foreslått for å få betre samsvar mellom føresegnene i nytt andre og tredje ledd i § 27. I tilknyting til ordet «bompengeordningar» foreslår departementet at ordet «eksisterande» blir teke inn for å presisere at ordninga etter tredje ledd gjeld bompengeordningar som er i gong. Ei anna endring i det nye tredje leddet går ut på å slå fast i eit nytt tredje punktum at inntekter frå ordningar med endra takstar skal gå til prosjekta som er prioritert i bompengeordninga det gjeld. Til slutt, i eit nytt fjerde punktum, foreslår departementet at det blir teke inn ein forskriftsheimel som opnar for å gi føresegner om at kommunen og fylkeskommunen kan nytte ein eventuell auke av bompengeinntektene frå ei slik mellombels unntaksordning til tiltak for å få ned luftforureininga i perioden.

Departementet foreslår eit nytt femte ledd i veglova § 27 som gir departementet heimel til å fastsetje generelle føresegner om bompengetakstar i forskrift til veglova. Dette er eit forslag som inneber at gjeldande generelle føresegner om bompengetakstar som er gitt i handbøker og retningsliner kan bli gitt i forskrift si form. Departementet foreslår òg i det nye femte leddet at det blir teke inn ein heimel til å gi forskrift om plikta til å betale bompengar.

Departementet foreslår elles endringar i § 27 første ledd og andre ledd som er av meir teknisk karakter. Det blir òg foreslått at den gjeldande føresegna i § 27 fjerde ledd blir oppheva.

Som følgje av den nye føresegna om bompengar i byområde som blir foreslått i veglova § 27 andre ledd, foreslår departementet at lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (vegtrafikkloven) § 7a blir oppheva. Dette vil innebere at det ikkje lengre vil liggje føre lovheimel til forskrift 25.10.2011 nr. 1044 om køprising, og at forskrifta som følgje av det vil bli oppheva av departementet.

Til forsida