Prop. 85 L (2015–2016)

Endringar i barnelova m.m. (oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet foreslår i denne proposisjonen å oppheva tidsfristane for å reisa sak om endring av farskap. Tidsfristane vart innført med verknad frå 1. januar 2014, etter at dei hadde vore oppheva sidan 2003.1

Årleg vert det fødd omlag 60 000 barn her i landet. I tilfelle der det er tvil om den juridiske farskapen er i samsvar med den biologiske, trengst det reglar som gjev høve til å få prøvd og eventuelt endra farskapen. Kven som er dei biologiske foreldra til eit barn er grunnleggjande for korleis menneska forstår seg sjølv. Dersom det er tvil om kven som er far til eit barn, vil det vera til beste for barnet å få tvilen avklara. Omsynet til barnet og foreldra sitt behov for kunnskap om biologisk opphav veg så tungt at det bør gå føre andre omsyn. På denne bakgrunn legg departementet fram forslag til endringar i barnelova om å oppheva tidsfristar i saker om endring av farskap.

Departementet fremjar òg nokre mindre endringar i andre lover, sjå kapittel 11.

Fotnotar

1.

Ot.prp. nr. 93 (2001–2002). Lovvedtak 20. desember 2002 nr. 92. I kraft 1. april 2003.