Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I Revidert nasjonalbudsjett 2018 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2018:

  • Fritak for eingongsavgift, og frådragsrett for inngåande meirverdiavgift for nyskaffing, drift og vedlikehald av beltemotorsyklar og terrenggåande motorsyklar med fire hjul som vert brukte i reindriftsnæringa. Iverksetjing skjer frå den tid departementet fastset. Stortinget vedtok fritaket i statsbudsjettet for 2018, og det vart budsjettert med 30 mill. kroner påløpt og 25 mill. kroner bokført for ordninga. Føresett at endringa vert iverksett 1. juli 2018, vil ho auke provenyet med om lag 10 mill. kroner påløpt og bokført samanlikna med saldert budsjett for 2018.

  • Å redusere alkoholavgifta på øl med over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol frå små bryggjeri. Framlegget inneber lågare avgiftssatsar ved omsetjing av inntil 200 000 liter øl. Regjeringa foreslår iverksetjing frå den tid departementet fastset. Føresett at endringa vert iverksett 1. juli, er provenytapet anslått til 8 mill. kroner påløpt og 7 mill. kroner bokført i 2018.

Framlegga om endringar i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla auke i provenyet på om lag 2 mill. kroner påløpt og 3 mill. kroner bokført i 2018 samanlikna med saldert budsjett for 2018.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Reglane for skattlegging av naturalytingar skaper uvisse og er ikkje gode nok. Det er brei semje om at det er krevjande å etterleve og handheve regelverket, både for arbeidsgjevarane, arbeidstakarane og skattestyresmaktene. Framlegg til forbetringar av reglane for den skattemessige behandlinga av naturalytingar har vore på høyring. Nye reglar skal verke frå 2019.

  • Å innføre ei forenkla skatteordning (kjeldeskatt) for utanlandske arbeidstakarar på mellombels opphald frå 2019. Siktemålet med ordninga er å gje enklare reglar for denne gruppa (bruttoskatt utan frådrag) og samstundes bidra til riktigare skattlegging etter reglane.

  • Å endre overgangsreglane for aksjesparekonto slik at negative inngangsverdiar vert skattlagde i samband med overføring av aksjar til aksjesparekonto.

  • Endring av regel om oppjustering av gevinst ved gåvesal av aksjer.

  • Unntak frå justeringsplikta i merverdiavgiftsloven for overdragingar av kommunale vass- og avløpsanlegg som ledd i kommunesamanslåingar og -delingar.

  • Enkelte lovendringar for å sikre framleis tilgang til opplysningar underlagde teieplikt frå Folkeregisteret.

  • Endring for å sikre at det framleis kan tildelast nytt fødselsnummer i samband med anonym adopsjon av spedbarn.

  • Ikkje-prinsipielle klager av låg verdi, klager over tvangsmulkt og forseinkingsgebyr etter a-opplysningsloven og klager over skatteavgrensing ved lita skatteevne vert overførte frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet for å redusere sakstilfanget og saksbehandlingstida i Skatteklagenemnda og sekretariatet.

  • Enkelte presiseringar og opprettingar i lovtekst.

I tillegg er følgjande saker omtala:

  • Fritak for meirverdiavgift på elektroniske nyhende.

  • Dokumentasjonskrav for redusert kjeldeskatt på utbyte til utanlandske aksjonærar.

  • Eingongsavgift, ny køyresyklus og ladbare hybridbilar.

  • Vegbruksavgift på naturgass.

Det vert òg vist til følgjande sak som er omtalt i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2017 – 2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018:

  • Utgreiing og ev. framlegg om ein grunnrenteskatt på havbruk som vil omfatta laks, aure og regnbogeaure, med innføring i 2020.

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn

  • lov om endring i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse

  • lov om endring i lov 28. juni 1957 nr. 12 pensjonstrygd for fiskere

  • lov om endringar i eigedomskatteloven

  • lov om endringar i lov 2. juni 1978 nr. 38 om anerkjennelse av utenlandske skilsmisser og separasjoner

  • lov om endringar i barnelova

  • lov om endring i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap

  • lov om endring i gjeldsordningsloven

  • lov om endring i gravferdsloven

  • lov om endring i folketrygdloven

  • lov om endring i opplæringslova

  • lov om endringar i skatteloven

  • lov om endring i pasientskadeloven

  • lov om endring i barnetrygdloven

  • lov om endring i friskolelova

  • lov om endring i konsesjonsloven

  • lov om endring i merverdiavgiftskompensasjonsloven

  • lov om endring bidragsinnkrevingsloven

  • lov om endring i barnehageloven

  • lov om endringar i skattebetalingsloven

  • lov om endring i matrikkellova

  • lov om endring i merverdiavgiftsloven

  • lov om endring i sosialtjenesteloven

  • lov om endring i a-opplysningsloven

  • lov om endring i utenrikstjenesteloven

  • lov om endringar i skatteforvaltningsloven

  • lov om endring i folkeregisterloven

  • lov om endringar i lov 20. desember 2016 nr. 111 om endring i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt på formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endring i eierseksjonsloven

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak om særavgifter til statskassen for budsjettåret 2018

Til toppen
Til forsida av dokumentet