Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

10 Redusert alkoholavgift for små bryggjeri

10.1 Innleiing

Regjeringa gjer framlegg om å redusere alkoholavgifta på øl over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol frå små bryggjeri. Framlegget inneber lågare avgiftssatsar ved omsetjing av dei første 200 000 literane med øl. Målet med endringa er å betre rammevilkåra for næringa, ikkje å redusere prisen. Lågare avgift kan støtte ei utvikling mot meir desentralisert produksjon og eit breiare produktspekter.

10.2 Høyring

I budsjettet for 2018 vart det varsla at eit forslag frå Bryggeri- og drikkevareforeningen (BROD) om redusert alkoholavgift på øl frå små bryggjeri ville verte send på høyring, jf. Prop. 1 LS (2017 – 2018) Skatter, avgifter og toll 2018. Det vart samstundes presisert at regjeringa ikkje hadde teke stilling til saka. Som ei oppfølging av dette, sende Skattedirektoratet 9. november 2017 på høyring eit forslag om redusert alkoholavgift på øl frå små bryggjeri. Små bryggjeri vert definert som bryggjeri med produksjon under 500 000 liter øl over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol per år. For slikt øl gjer regjeringa framlegg om 20 pst. reduksjon i avgift for dei første 50 000 literane, 15 pst. reduksjon for volum over 50 000 til og med 100 000 liter, 10 pst. reduksjon for volum over 100 000 til og med 150 000 liter, og endeleg 5 pst. reduksjon for volum over 150 000 til og med 200 000 liter. For volum over 200 000 liter vert det ikkje gjeve nokon reduksjon. Alkoholavgifta på øl over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol utgjer 22,07 kroner per liter i 2018.

Skattedirektoratet har motteke i alt 24 høyringssvar.

BROD, Nedre Eiker kommune, Norske vinklubbers forening, Sauherad kommune, Virke Reiser, Virke Dagligvare, Landbruks- og matdepartementet og Håndbryggeriet En Liten Øl er positive til forslaget. Fleire peiker mellom anna på at endringa vil stimulere til å etablere og oppretthalde små bryggjeri, fremje ein god mat- og drikkekultur og gje auka verdiskaping og sysselsetjing. Det blir òg peika på at forslaget vil stimulere til produksjon av alkoholsvakt øl.

Organisasjonane Det Hvite Bånd (Norske kvinners kristne avholdsforbund),AV-OG-TIL,Folkehelseinstituttet, Forbundet Mot Rusgift og Actis, er kritiske til framlegget, hovudsakleg av alkoholpolitiske årsaker. Dei ynskjer ein restriktiv alkoholpolitikk for å redusere den einskilde og samfunnet sine kostnader ved alkoholbruk. Organisasjonen AV-OG-TIL peiker òg på at alkoholavgifta bør reflektere dei samfunnsmessige kostnadene som følgjer av bruk og misbruk av alkohol. Dette gjeld utan omsyn til kven som produserer drikka. Actis, IOGT i Norge, Vin- og brennevinleverandørenes forening (VBF) og Forbundet Mot Rusgift peiker på at forslaget inneber at alkoholavgifta vert nytta til å fremje næringspolitikk, og ikkje alkoholpolitikk. Helsedirektoratet fryktar at endringa kan føre til lågare pris på øl, og stimulere til høgare forbruk av alkohol i befolkninga.

VBF har vidare peikt på at dei næringspolitiske omsyna bak forslaget òg vil kunne gjelde for småskalaprodusentar av anna drikke enn øl, som til dømes vin, cider og brennevin. BROD tek til orde for at endringa bør omfatte cider og mjød. Ifølgje BROD gjeld det mikroskopiske volum og få produsentar, men ut i frå eit mål om likskap er det rimeleg at også slik drikke vert omfatta. VBF saknar òg ein grundigare analyse av dei EØS-rettslege konsekvensane av forslaget.

Konkurransetilsynet stiller spørsmål ved om det er riktig og naudsynt å gje ein slik avgiftsreduksjon til dei mindre aktørane i bryggjerinæringa og om det er behov for å stimulere til auka nyetablering i ei næring som i følgje BROD har opplevt «en nærmest eksplosiv vekst». Konkurransetilsynet er òg kritisk til at det vert sett ei grense for årleg produksjonsvolum som vilkår for småskalaproduksjon. Produksjon over denne grensa vil vere mindre lønsamt for eit småskalabryggjeri. Grensa vil redusere småskalabryggjeria si interesse i å investere i eiga verksemd og til samfunnsøkonomisk optimal drift. Medan Konkurransetilsynet er kritisk til at det vert sett ei grense, meiner COOP Norge at grensa på 500 000 liter ikkje gjev eit logisk skilje mellom småskalabryggjeri og dei ordinære bryggjeria. Dei meiner at ei grense på 1 mill. liter er betre. Helsedirektoratet synest derimot å meine at grensa er sett for høgt. Lervig Bryggeri er kritisk til at forslaget berre omfattar øl under 4,7 volumprosent alkohol.

Nærings- og fiskeridepartementet har mellom anna peikt på at ulik avgift for ulik produksjon er uheldig for konkurransen. Dei viser til at framlegget gjev ein konkurransefordel for småskalaprodusentane, på kostnad av større produsentar. COOPNorge meiner at forslaget opnar for vridingar i konkurransen, til skade for særleg dei mellomstore bryggjeria.

Både IOGT i Norge, Actis og BROD gjer framlegg om at bryggjeria må vere juridisk og økonomisk uavhengige av andre bryggjeri.

10.3 Departementet si vurdering

Departementet ser at framlegget vil gje terskelverdiar i avgiftssystemet som inneber at elles like alkoholhaldige drikkevarer får ulik avgift. Terskelverdiar stimulerer dessutan til låg produksjon for å behalde redusert avgift, med risiko for omgåing eller kreative tilpassingar. Dei fleste små bryggjeria ser ut til å ha produksjon godt under grensa på 500 000 liter i året. Problemet med ein terskelverdi på 500 000 liter er difor truleg avgrensa. Når det gjeld den alkoholpolitiske sida av saka, er det ikkje venta at forslaget vil innebere billegare øl for forbrukar og auka forbruk.

Som Skattedirektoratet har peikt på i høyringsnotatet, vil øl innført til Noreg frå små utanlandske bryggjeri gje kontrollmessige utfordringar. Skatteetaten har ikkje høve og rettsleg grunnlag til å kontrollere produsentar i utlandet. Kontroll av om vilkåra for redusert sats er oppfylte for importert øl frå små bryggjeri i utlandet, vil difor i all hovudsak måtte skje ved dokumentasjon frå og kontroll av importørane. Importørane må dokumentere at vilkåra for avgiftsreduksjon er oppfylte og fastsetje rett sats etter avgiftsintervalla. Dersom vilkåra ved ein seinare kontroll viser seg ikkje å vere oppfylte, vil importøren verte etterberekna for avgift. Departementet ser at gjennomføring og kontroll av forslaget kan gje utfordringar, spesielt overfor små utanlandske bryggjeri, ved at ein ikkje kan kontrollere desse i utlandet, men må basere seg på dokumentasjon frå importøren.

Skattedirektoratet meiner det er gode grunnar til å ta inn ei presisering av at eit småskalabryggjeri må vere juridisk og økonomisk uavhengig av andre bryggjeri, for å kvalifisere for dei reduserte satsane. Departementet er samd i dette og viser til at tilsvarande vilkår gjeld og er innarbeidd i regelverket til EU, og at fleire av høyringsinstansane har hatt framlegg om dette. Departementet legg difor opp til at framlegg om nytt § 3-2-3 anna ledd i særavgiftsforskrifta vert endra i tråd med dette. Ut over dette, foreslår ikkje departementet endringar i det opphavlege forslaget.

Avgiftsreduksjonen må òg omfatte øl frå små utanlandske bryggjeri. Avgiftslette for små bryggjeri kan innebere offentleg støtte. Etter Rådsdirektiv 92/83/EF har EU-land høve til å redusere alkoholavgiftene for øl med inntil 50 pst. for bryggjeri med årleg produksjonsvolum under 20 mill. liter. Direktivet er ikkje innlemma i EØS-avtalen. Ein kan difor ikkje innføre avgiftsletta før det er avklart med EFTAs overvåkningsorgan (ESA) om tiltaket er i samsvar med EØS-avtalen. Einskilde høyringsinstansar har teke opp spørsmål om avgiftsreduksjonen bør gjelde anna drikke enn øl, til dømes cider og mjød. Departementet vil vise til at direktivet i EU berre gjeld øl og foreslår at ein avgrensar endringa til dette. Avgrensingar innanfor direktivet vil truleg gjere tiltaket lettare å få godkjent.

Årleg provenytap som følgje av forslaget er anslått til om lag 15 mill. kroner. Dersom endringa trer i kraft frå 1. juli 2018, kan ein anslå provenytapet til om lag 8 mill. kroner påløpt og 7 mill. kroner bokført i 2018. Departementet viser til forslag til endring i vedtaket om avgift på alkohol nytt romertall II. Fordi prosessen med ESA kan ta tid, kan iverksetjinga verte seinare enn dette. Regjeringa gjer difor framlegg om iverksetjing frå den tida departementet fastset.

Til toppen
Til forsida av dokumentet