Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Vegbruksavgift på naturgass

Ved behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2016 vart vegbruksavgifta på naturgass redusert frå 5,96 kroner per Sm3 til null, jf. Innst. 400 S (2015 – 2016) s. 12. Stortinget gjorde samstundes følgjande oppmodingsvedtak nr. 1002 (2015 – 2016):

«Stortinget ber regjeringen påse at midlertidig ordning for 2016 med kr 0,00 i sats for veibruksavgift for naturgass (LNG) opphører i 2017 ved snarest mulig å utarbeide grunnlag for notifisering og iverksette prosessen med ESA, slik at det 1. januar 2017 kan innføres 100 pst. veibruksavgift på LNG i kombinasjon med en overgangsordning med unntak for veibruksavgift på naturgass brukt som supplement som settes til 50 pst. som et første skritt, men nedtrapping mot 0 pst. i 2025.»

Finansdepartementet arbeider saman med Nærings og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet med å notifisere ordninga. Eit utkast til pre-notifikasjon er sendt til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA), og tilbakemeldingane frå ESA vil vere rettleiande for det vidare arbeidet med saka. I budsjettet for 2016 viste departementet til at det kan ta noko tid før ein formell notifikasjon er klar og ordninga eventuelt kan setjast i verk. Med tilvising til at ordninga ikkje kunne gjerast gjeldande frå 1. januar 2017, vart det foreslått at Finansdepartementet fekk fullmakt til å setje ordninga i verk saman med auka vegbruksavgift på naturgass, så snart ESA eventuelt har godkjent ordninga. I budsjettet for 2018 vart det vist til at det enno ikkje var noka avklaring i saka. Fullmakta til å setje ordninga i verk saman med auka vegbruksavgift på naturgass vart difor foreslått vidareførd for 2018, sjå Prop. 1 LS (2017 – 2018) Skatter avgifter og toll 2018 kapittel 9.5. Stortinget slutta seg til dette.

Prosessen med å notifisere tiltaket er fremleis i gang. Finansdepartementet vil difor kome tilbake til saka i 2019-budsjettet. Saka er krevjande, og det er usikkert om ESA kan godkjenne ordninga.

Til toppen
Til forsida av dokumentet