Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

13 Tilgang til teiepliktige opplysningar i Folkeregisteret

13.1 Innleiing

Lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering tok til å gjelde 1. oktober 2017. Med den nye lova må heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, stå i regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Vedtak om utlevering av opplysningar etter tidlegare folkeregisterlov, gjeld likevel fram til eitt år etter at den nye lova tok til å gjelde. Dersom tilgangen til opplysningar som er omfatte av teieplikt skal vidareførast, må ny lovheimel vere på plass før dette. Dette er det gjort greie for i Prop. 164 L (2015 – 2016) Lov om folkeregistrering, sjå særleg kap. 18 (punkt 18.4.4) og kap. 23. Samstundes med at ny folkeregisterlov vert vedteke, vert det difor vedteke endringar i ei rekkje lover for å sikre framleis tilgang til opplysningar underlagt teieplikt.

I samråd med Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Utanriksdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, foreslår Finansdepartementet å gjere enkelte lovendringar som er naudsynte for å sikre framleis tilgang til opplysningar som er omfatte av teieplikt i folkeregisterloven, og som ikkje vert teke då folkeregisterloven vert fremja. Vurderingane av behovet for slik heimel er gjort i dei einskilde departementa, og fremjast samla her av praktiske omsyn. Finansdepartementet foreslår òg endringar i skatteforvaltningsloven og a-opplysningsloven for å klårgjere at skattemyndigheitene framleis har tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret når dei utfører oppgåver etter desse lovene.

Dei foreslåtte lovendringane er alle ei vidareføring av gjeldande rett og teknisk oppfølging av ny folkeregisterlov, jf. omtale i nemnde proposisjon. Departementa har difor lagt til grunn at det openbart ikkje er naudsynt å sende desse framlegga på allmenn høyring, jf. punkt 3-3 i utgreiingsinstruksen.

Departementa har vidare lagt til grunn at endringane er ei vidareføring av gjeldande rett, og difor ikkje får økonomiske eller administrative konsekvensar.

13.2 Endringar i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova

Departementet foreslår heimlar i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å vidareføre offentlege styresmakters tilgang til dei opplysningane frå Folkeregisteret som er naudsynte for å utføre oppgåver etter desse lovene.

For å kunne utføre dei oppgåvene dei er pålagde etter desse lovene, treng offentlege styresmakter enkelte opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt etter folkeregisterloven. Opplysningar om foreldre er til dømes nødvendig om kommunen må undersøkje kvifor eit barn ikkje møter på skulen. Det er ei plikt til foreldresamarbeid både i barnehagen, grunnskulen og i vidaregåande opplæring. I tillegg til ei generell plikt til samarbeid med heimen, har foreldra til barnet krav på informasjon i særleg angitte saker. Både kommunar, fylkeskommunar og staten kan drive offentlege skolar etter opplæringslova. Kommunen og fylkeskommunen har òg ansvaret for å utføre enkelte oppgåver etter friskolelova. Det er til dømes eit kommunalt ansvar at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering og gjort vedtak​ om spesialundervisning for friskoleelevar som treng dette, og å innhente dei naudsynte foreldresamtykka. Dersom eit barn under opplæringspliktig alder treng spesialpedagogisk hjelp, har kommunen, i enkelte tilfeller fylkeskommunen, ei tilsvarande plikt etter barnehageloven. Reglane om søskenmoderasjon i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar gjer det til dømes naudsynt med informasjon om søsken som bur fast saman, og den folkeregistrerte adressa til foreldra.

Formålet med dei foreslåtte lovendringane er å vidareføre den moglegheita offentlege styresmakter i dag har til å hente opplysningar som er omfatta av teieplikt, frå Folkeregisteret. Dette gjeld opplysningar om ektefelle, registrert partner, barn og foreldre som ein fram til no har hatt tilgang til etter tidlegare folkeregisterlov og -forskrift. Kunnskapsdepartementet ser det slik at det ikkje er ynskjeleg å gje ein generell heimel i lova som opnar for å hente inn opplysningar som er omfatta av teieplikta i folkeregisterloven. Det er likevel slik at kva for opplysningar som er naudsynte for å utføre oppgåver etter barnehageloven, opplæringslova eller friskolelova, kan endra seg over tid og på grunn av andre endringar i desse lovene og i dei tilhøyrande forskriftene. Kunnskapsdepartementet meiner difor det bør gå klart fram i forskrift kva for opplysningar som kan verte henta inn etter barnehageloven, opplæringslova og friskolelova. Kunnskapsdepartementet vil sende på høyring forskriftsendringar om at tilgangen skal gjelde opplysningar om ektefelle, registrert partner, barn og foreldre. Kunnskapsdepartementet vil vurdere innspel som kjem i høyringa, men tilgangen vil berre kunne omfatte slike opplysningar som er naudsynte for å utføre oppgåver etter den aktuelle lova og forskriftene til lova.

Dei foreslåtte endringane gjer det mogleg å oppfylle rettane til barn og andre pliktar etter barnehageloven, opplæringslova og friskolelova. Desse lovbestemte rettane og pliktene legg til rette for gode rammer for utviklinga og utdanninga til barn og ungdom. Omsynet til personvernet til den einskilde er vurdert, det same er dei særlege rettane til barn etter Grunnlova § 104 og Barnekonvensjonen.

Merknadar til lovframlegget

Sams merknad til barnehageloven § 22 a, opplæringslova § 15-9 og friskolelova § 7-8:

Føresegna er ny og gjer at offentlege styresmakter framleis vil ha tilgang til slike opplysningar frå Folkeregisteret som er naudsynte for å utføre oppgåver etter lova, utan hinder av teieplikt. Departementet gjev forskrift om kva for opplysningar som kan verte henta inn.

13.3 Endringar i lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonstrygd for sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskere og lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen

Departementet foreslår endringar i lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonstrygd for sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskere og lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven). Formålet med endringane er å sikre tilgang til Folkeregisteret for visse etatar m.m. under Arbeids- og sosialdepartementet.

Lov om Statens pensjonskasse

Det blir tilrådd at Statens pensjonskasse får tilgang til opplysningar i Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, og at føresegna blir lovfesta i lov om Statens pensjonskasse som ny § 45 a. Dette gjeld opplysningar som er naudsynte for arbeidet med dei ytingane Pensjonskassa administrerer, ytingar etter lov om Statens pensjonskasse og etter andre lover til dømes lov om pensjonsordning for apotekverksemd m.m., samt visse ytingar som ikkje er heimla i lov, til dømes gruppelivsordninga etter Hovedtariffavtalen i staten.

Statens pensjonskasse har i dag tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, etter vedtak frå registerstyresmakta. For at Statens pensjonskasse framleis skal ha tilgang til slike opplysningar frå Folkeregisteret, for å forvalte, berekne og utbetale riktig pensjon og ytingar frå gruppelivsordningane, må det etablerast ein tilsvarande heimel i lov om Statens pensjonskasse. Ein slik heimel vil – som i dag – òg dekkje ytingar etter følgjande lover:

  • lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

  • lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer

  • lov 9. november 1956 nr. 1 om tillegg til lov om Statens pensjonskasse av 28. juli 1949 (omfattar dei som er utnemnt til stilling som regjeringsadvokat eller leiar i Arbidsretten før 1. januar 2011)

  • lov 6. mai 1966 om pensjonsordning for Stortingets ombudsmann for forvaltningen

  • lov 21. mai 1982 nr. 25 om tillegg til lov 28. juli 1949 om Statens pensjonskasse (omfattar dei som er utnemnt til medlem av Høgsterett før 1. januar 2011)

  • lov 21. august 1998 nr. 25 om pensjonsordning for ballettdansere, sangsolister og korsangere ved Den Norske Opera & Ballett

I tillegg vil heimelen dekkje lovfesta og ikkje-lovfesta gruppelivsordningar som Pensjonskassa administrerer, det vil seie etter Hovedtariffavtalen i staten § 23, for stortingsrepresentantar etter lov om godtgjøring for stortingsrepresentanter § 19, jf. § 17, og for regjeringsmedlemer etter Kongeleg resolusjon 28. mars 2003.

Heimelen vert foreslått utforma med sikte på å dekkje Pensjonskassa sitt behov for opplysningar som er naudsynte i arbeidet med alle dei ytingane som Pensjonskassa til ei kvar tid administrerer, uavhengig av om oppgåvene er gjeve i medhald av lov eller anna rettsgrunnlag. Pensjonskassa skal etter framlegget og ha tilgang til opplysningar i Folkeregisteret til utgreiing og produksjon av statistikk, som Arbeids- og velferdsetaten har i dag.

Lov om pensjonstrygd for sjømenn og lov om pensjonstrygd for fiskere

Pensjonstrygden for sjømenn og Garantikassen for fiskere har i dag tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, etter vedtak frå registerstyresmakta.

Ein tilgangsheimel for Pensjonstrygden for sjømenn og Garantikassen for fiskere vil bidra til rett handsaming av saker etter lov om pensjonstrygd for sjømenn og lov om pensjonstrygd for fiskere.

Departementet tilrår at det blir gitt ein heimel i lovene som sikrar tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, og opplysningar i samband med utgreiing og produksjon av statistikk. Føresegner om dette blir tilrådd gitt som nytt andre ledd i § 21 nr. 1 i lov om pensjonstrygd for sjømenn og som nytt andre ledd i § 29 i lov om pensjonstrygd for fiskere. Desse paragrafane har i dag føresegner om innhenting av opplysningar frå offentleg styresmakter m.m.

Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen

Departementet foreslår at sosialtjenesteloven § 43 blir tillagd eit nytt tredje ledd som sikrar dei kommunale sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga framleis tilgang til dei opplysningane frå Folkeregisteret som er naudsynte for arbeidet med dei sosiale tenestene som kommunane forvaltar.

Kommunane har i dag tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, etter vedtak frå registerstyresmakta. Det er fatta vedtak for kvar einskild kommune. For at kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga framleis skal ha tilgang til slike opplysningar frå Folkeregisteret, må det etablerast ein tilsvarande heimel i sosialtjenesteloven.

Tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret er avgjerande for kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga si verksemd. Til dømes vil opplysningar om ektefelle eller registrert partnar og foreldreansvar vere naudsynte for å behandle ein søknad om økonomisk stønad. Sosialtjenesteloven § 43 gjev kommunen heimel til å krevje opplysningar frå andre offentlege organ. Å hente inn teiepliktige opplysningar etter denne paragrafen krev likevel samtykke frå den det gjeld i kvar einskild sak. Dette kan difor ikkje erstatte avgjerdene som fell bort 1. oktober 2018. Då det stort sett alltid vil vere naudsynt å innhente teiepliktige opplysningar frå Folkeregisteret i samband med sakshandsaminga, er ein generell heimel enklare og meir effektivt både for søkjar og kommunen, enn å be om samtykke i samband med kvar sak. Ein særskild heimel gjev vidare meir openheit om at opplysningar vil kunne verte innhenta.

Departementet tilrår at kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga får tilgang til opplysningar omfatta av teieplikt i Folkeregisteret og at regelen blir lovfesta i sosialtjenesteloven. Heimelen er utforma med sikte på å dekkje kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga sitt behov for tilgang til opplysningar for å løyse dei oppgåvene tenestene har etter lova. Heimelen er ei vidareføring av gjeldande rettstilstand, og departementet foreslår at han blir tatt inn som § 43 tredje ledd i sosialtjenesteloven.

Merknadar til de einskilde lovendringsframlegga

Til ny § 45 a i lov om Statens pensjonskasse

Føresegna gjev Statens pensjonskasse, utan hinder av teieplikt, tilgang til opplysningar i Folkeregisteret som er naudsynte for forvaltning og berekning av ytingar som Pensjonskassa administrerer. Pensjonskassa skal òg ha tilgang til opplysningane i registeret til utgreiing og til produksjon av statistikk.

Til § 21 nr. 1 nytt andre ledd i lov om pensjonstrygd for sjømenn

Føresegna gjev Pensjonstrygden for sjømenn tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, og som er naudsynte for å utføre oppgåvene etter lova om pensjonstrygd for sjømenn. Pensjonstrygda skal òg ha tilgang til opplysningane i registeret til utgreiing og til produksjon av statistikk.

Til § 29 nytt andre ledd i lov om pensjonstrygd for fiskere

Føresegna gjev Garantikassen for fiskere tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, og som er naudsynte for å utføre oppgåvene etter lova om pensjonstrygd for fiskere. Garantikassa skal òg ha tilgang til opplysningane i registeret til utgreiing og til produksjon av statistikk.

Til § 43 nytt tredje ledd i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltningen

Paragrafen gjev kommunen rett til tilgang til opplysningar i Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, i samband med saker som gjeld tenester etter sosialtjenesteloven. Tenester blir her brukt som eit overordna omgrep som dekkjer alle individuelt innretta tenester som kommunen tilbyr sine innbyggarar etter sosialtjenesteloven. Kommunen skal dessutan ha rett til teiepliktige opplysningar frå Folkeregisteret i samband med utredning og produksjon av statistikk knytt til forvaltninga av lova. Regelverket vidarefører dagens rettstilstand.

13.4 Endring i lov om utenrikstenesten

Departementet gjer framlegg om endringar i utenrikstjenesteloven for å sikre utanrikstenesta (Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane) naudsynt lovheimel for å innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikta, jf. folkeregisterloven § 10-2 første leddet.

Utanrikstenesta har som ei lovpålagd oppgåve å hjelpe norske statsborgarar i utlandet. Det følgjer av formålsparagrafen i lov om utenrikstjenesten at to av dei tre hovudoppgåvene til utanrikstenesta er knytte til konsulære spørsmål. Første ledd i paragrafen lyder:

«Utenrikstjenestens oppgaver er:

  • 1. å ivareta og fremme Norges interesser overfor utlandet, både norske særinteresser og de interesser Norge har felles med andre land,

  • 2. å gi norske statsborgere og juridiske personer råd og hjelp overfor utenlandske myndigheter, personer og institusjoner, og

  • 3. å gi bistand til norske statsborgere i utlandet, inkludert bistand i forbindelse med straffeforfølgning, ulykker, sykdom og dødsfall.»

Utanrikstenesta utfører oppgåvene på eigne vegner eller på vegner av andre norske styresmakter og institusjonar. Nordmenn reiser stadig oftare til utlandet. Samstundes buset stadig fleire norske borgarar seg i andre land. Ei følgje av dette er fleire og meir komplekse førespurnader om konsulær bistand. For ei nærare skildring, sjå Meld.St. 12 (2010 – 2011) Bistand til nordmenn i utlandet. Tenesta si daglege handtering av konsulære enkeltsaker er av avgjerande betydning for publikum. Den konsulære bistanden kan grovt sett delast i to: bistand i akutte situasjonar og ivaretaking av forvaltingsoppgåver. Dei akutte sakene gjeld ofte personar som har hamna i vanskelege og til tider livsomveltande situasjonar. Det kan vere avgjerande at desse sakene vert handterte raskt.

Oppslag i Folkeregisteret er ein svært viktig arbeidsreiskap for utanrikstenesta i ei lang rekkje ulike konsulære enkeltsaker, medrekna bekymrings- og saknameldingar, dødsfall, ulukker, somatisk og psykisk sjukdom, straffeforfølging av nordmenn i utlandet (inkludert fengsla nordmenn), saker som gjeld negativ sosial kontroll, internasjonal barnebortføring og naudlidande norske statsborgarar i utlandet. Tilgang til opplysningar som er omfatta av teieplikt vil vere avgjerande for å kunne syte for at desse sakene vert handsama.

Og for å yte tilfredsstillande forvaltningskonsulær bistand er det avgjerande å ha tilgang til opplysningar som er omfatta av teieplikt. Som døme kan det nemnast at utanriksstasjonar som har fullmakt til det, er passutferdande styresmakt jf. passloven § 2 andre leddet. Til barn under 18 år vert det som hovudregel ikkje utferda pass utan samtykke frå den eller dei som har foreldreansvaret. Sakshandsamingssystemet for pass hentar opplysningar frå Folkeregisteret, til dømes om foreldreansvar dersom det skal utferdast pass til mindreårige. Samtykke frå den eller dei som står oppførte i Folkeregisteret med foreldreansvaret, vert innhenta ved utferding av pass til mindreårige.

I samsvar med den nye folkeregisterloven § 7-1 pliktar offentlege styresmakter, utan hinder av lovfesta teieplikt, å gje dei meldingane og opplysningane som er naudsynte for registerføringa. Dersom utanriksstasjonane vert kjende med avvik frå registrerte opplysningar, må dei såleis kunne melde frå til Skatteetaten om avvika. Dette krev tilgang til alle delar av Folkeregisteret.

Utanrikstenesta sitt system for registrering og utveksling av informasjon i kriser har ein registreringsmodul som er kopla opp mot Folkeregisteret. Denne koplinga reduserer risikoen for at involverte personar skal verte dobbeltregistrerte i krisehandteringssystemet, og ho er ein avgjerande ressurs for at tenesta skal kunne yte bistand i krisesituasjonar i utlandet.

Utanrikstenesta har hatt direkte nettilgang til Folkeregisteret sidan 2003. Tilgangen til Folkeregisteret er eit verktøy som vert nytta av fleire seksjonar i departementet, medrekna Seksjon for konsulære saker. Tilgang til opplysningar som er omfatta av teieplikt, er avgjerande for at utanrikstenesta skal kunne utføre dei lovpålagde oppgåvene sine heime og ute.

Merknad til lovframlegget

Ny § 14 a i utenrikstjenesteloven sikrar Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane vidare heimelsgrunnlag for å innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt.

13.5 Endringar i lov om utenlandske skilsmisser, barnelova, ekteskapslova og gjeldsordningsloven

Departementet foreslår endringar i lov om utenlandske skilsmisser, barnelova, ekteskapslova og gjeldsordningsloven. For å kunne utføre oppgåvene dei er pålagde, treng offentlege styresmakter enkelte opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt etter folkeregisterloven. Formålet med dei foreslåtte lovendringane er å vidareføre den moglegheita offentlege myndigheiter i dag har til å hente opplysningar som er omfatta av teieplikt, frå Folkeregisteret. Dette gjeld til dømes opplysningar om sivilstand, ektefelle, barn og foreldreansvar, som dei fram til no har hatt tilgang til etter den tidlegare folkeregisterloven.

Ein person som tidlegare har fått skilsmisse i utlandet, må få den utanlandske skilsmissen anerkjend av norske myndigheiter før han eller ho kan inngå eit nytt ekteskap i Noreg. Det vert tilrådd at folkeregistermyndigheita, utan hinder av teieplikt skal gje opplysningar som er naudsynte for å avgjere om ein utanlandsk separasjon eller ei utanlandsk skilsmisse kan vorte anerkjend i Noreg. Til sakshandsaminga treng ein mellom anna historiske opplysningar om adresse og opplysningar om status for opphald i Noreg. Det er fylkesmannsembeta som handsamar saker etter lova. Avgjerder kan klagast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Lov om barn og foreldre (barnelova) har følgjande kapittelinndeling:

  • Fødselsmelding,

  • Kven som er foreldra til barnet,

  • Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker,

  • Rettargang i farskapssaker,

  • Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker,

  • Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast,

  • Samværsrett m.m.,

  • Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær,

  • Fostringsplikt,

  • Om bruken av barnelova når nokon av partane har tilknytning til utlandet.

Oppgåvene etter barnelova famnar vidt, og det er ei rekkje offentlege instansar som har oppgåver etter barnelova, til dømes fylkesmannsembeta, meklarar, domstolane, politiet, familievernkontora, arbeids- og velferdsetaten og utanrikstenesta. Departementet tilrår at folkeregisterstyresmakta, utan hinder av teieplikt skal gje opplysningar som er naudsynte for sakshandsaminga etter lova, slik at instansane kan utføre oppgåvene dei er pålagt. Kven som har foreldreansvar for eit barn som saka gjeld, vil vanlegvis vere ei viktig opplysning for all sakshandsaming. Opplysningar om foreldreansvar er undergitt teieplikt i Folkeregisteret, og det er difor naudsynt at instansar som har oppgåver etter lova har tilgang til opplysningar om foreldreansvar.

Ekteskapslova har reglar om inngåing og oppløysing av ekteskap, om formuesforholdet mellom ektefeller, og bidrag og pensjon etter separasjon og skilsmisse. Ved handsaming av saker etter ekteskapslova er det til dømes naudsynt å klarleggje tilknytinga partane har til Noreg og familiære relasjonar for å avgjere om norske styresmakter har jurisdiksjon. Ved handsaming av saker om separasjon og skilsmisser må fylkesmannen mellom anna hente inn opplysningar om foreldre, ektefelle eller registrert partnar, barn og status for opphald i Noreg.

Gjeldsordningsloven skal gje personer med alvorlege gjeldsproblem høve til å få kontroll over økonomien sin. I saker om gjeldsordning vert Folkeregisteret mellom anna nytta til å hente inn opplysningar om barn, jf. folkeregisterloven § 3-1 bokstav l. Dette er ei opplysning som er undergitt teieplikt i Folkeregisteret, og som namsmakta treng i si sakshandsaming, saman med andre opplysningar.

Merknadar til lovframlegget

Til lov om utenlandske skilsmisser ny § 6

Føresegna er ny og fastsett at folkeregisterstyresmakta, utan hinder av teieplikt, skal gje opplysningar som er naudsynte for å avgjere om ein utanlandsk separasjon eller ei utanlandsk skilsmisse kan verte anerkjend i Noreg. Lovendringa sikrar at gjeldande praksis vert ført vidare.

Til barnelova ny § 85 a

Føresegna er ny og fastsett at folkeregisterstyresmakta, utan hinder av teieplikt, skal gje opplysningar som er naudsynte for å gjere oppgåver etter barnelova. Departementet legg til grunn at det bør vere ein samla heimel for å få utlevert naudsynte opplysningar for alle instansar som utfører lovpålagte oppgåver etter barnelova. Lovendringa sikrar at gjeldande praksis vert ført vidare. Ny § 85 a vert plassert i kapittel 10 Avsluttande føresegner.

Til ekteskapslova ny § 29 a

Føresegna er ny og fastsett at folkeregisterstyresmakta, utan hinder av teieplikt, skal gje opplysningar som er naudsynte for å gjere oppgåver etter ekteskapslova, mellom anna opplysningar om ektefelle eller registrert partnar, foreldre, barn og status for opphald i Noreg. Lovendringa sikrar at gjeldande praksis vert ført vidare.

Til gjeldsordningsloven ny § 7-9

Føresegna er ny og fastsett at folkeregisterstyresmakta, utan hinder av teieplikt, skal gje opplysningar som er naudsynte for å gjere oppgåver etter gjeldsordningsloven. Lovendringa sikrar at gjeldande praksis vert ført vidare.

13.6 Endring i pasientskadelova

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) og klageinstansen Pasientskadenemnda, treng tilgang til opplysningar som er underlagt teieplikt i Folkeregisteret. Opplysningane nyttas til å behandle krav om erstatning for pasientskader etter pasientskadelova. Det gjeld opplysningar om foreldre, barn og ektefelle eller registrert partnar, og særleg i saker der pasienten er død og det er naudsynt å finne ut kven som er rett person til å tre inn i kravet eller kven som har rett til å fremje søknad om erstatning. Det kan og vere aktuelt å be om opplysningar om foreldreansvar, elektronisk kontaktinformasjon og kontaktopplysningar for dødsbu.

Norsk pasientskadeerstatning og pasientskadenemnda har i dag tilgang til opplysningane med grunnlag i vedtak. Framlegget om å ta inn ein ny paragraf 10 a i pasientskadelova som sikrar naudsynt lovheimel for å innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikta, fører vidare denne tilgangen.

Det vert vist til framlegg om ny § 10 a i pasientskadelova.

13.7 Endring i gravferdsloven

Departementet gjer framlegg om endring i lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven). Lova vert foreslått endra slik at kyrkjelege fellesråd og kommunar får heimel i lov for framleis å kunne innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når dette er naudsynt for å utøve pliktene dei har etter gravferdsloven, jf. folkeregisterloven § 10-2.

Det er dei kyrkjelege fellesråda som har forvaltningsansvaret for dei offentlege gravplassane i Noreg, jf. gravferdsloven § 23 første ledd. Dette er eit ansvar råda utfører på vegner av det offentlege. I fem kommunar er det kommunen som har forvaltningsansvaret, jf. § 23 andre ledd. Fleire stader er det inngått avtalar mellom fellesråd og kommune om kommunal tenesteyting. Desse avtalane inneber at kommunen utfører ei eller fleire oppgåver på vegner av fellesrådet, men at sjølve forvaltningsansvaret ligg igjen i fellesrådet. Dette er tilfellet i eit femtitals kommunar.

Etter gravferdsloven §§ 10 og 12 skal gravlegging eller kremasjon skje seinast 10 virkedagar etter dødsfallet. Nokre trus- og livssynssamfunn har dessutan religiøse reglar som gjer at gravlegging eller kremasjon bør skje så raskt som mogleg. Dette medfører at den som er gravplassforvaltar, raskt må ha tilgang til informasjon som til dømes kan stadfeste eller avkrefte at det er riktig person som set fram eit krav om gravlegging etter § 11, og at det er riktig person som står for gravferda, jf. § 9 andre ledd. I tillegg har kommunane oppgåver etter lova som gjeld uavhengig av forvaltningsansvaret, og som raskt må handsamast, slik som å avgjere kven som skal stå for gravferda eller vere ansvarleg for grava, når etterlatte ikkje vert einige om dette, jf. gravferdsloven § 9 tredje og fjerde ledd. Det ligg òg til kommunane å undersøkje om ein avdød har etterlatne som kan sørgje for gravferda i dei tilfella der det ikkje er opplyst om pårørande, jf. gravferdsloven § 9 femte ledd. Det er i all hovudsak opplysningar om den avdøde sine foreldre, om ektefelle/registrert partnar og om barn det er viktig å ha tilgang til. Til nokre av oppgåvene er det likevel òg naudsynt å ha tilgang til kontaktopplysningar for dødsbu eller opplysingar om foreldreansvar eller adopsjon.

I tillegg til dette har gravplassforvaltaren fleire oppgåver som ikkje alltid treng å verte utført like raskt, men der det likevel er naudsynt å ha tilgang til opplysningar som er underlagt teieplikt i Folkeregisteret. Dette gjeld mellom anna oppgåver i samband med feste av grav. Når ein som har feste til ei grav døyr, kan det vere usemje om kven ein skal overføre festet til, eller det kan vere behov for å leite etter slektningar som ein kan overføre festet til, jf. gravferdsloven § 16. Det samme gjeld der gravplassforvaltaren ikkje greier å spore opp eller få kontakt med festar. Gravplassforvaltaren er òg lovpålagt å halde grav- og festeregister, jf. gravferdsforskrifta § 19. Rett festar til grava er mellom anna viktig for sikring av gravminnet, jf. gravferdsloven § 26, og eit slikt register vil verte vanskeleg å halde ajour utan tilgang til opplysningar som er underlagt teieplikt.

At tilgangen til opplysningar som er underlagt teieplikt vert ført vidare, er avgjerande for at dei kyrkjelege fellesråda og kommunane skal kunne utføre dei lovpålagte oppgåvene som dei har etter gravferdsloven.

Merknad til lovframlegget

Føresegna (§ 23 nytt fjerde ledd) sikrar at kyrkjelege fellesråd og kommunar framleis kan innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt. Opplysningar som er underlagt teieplikt, kan berre hentast inn når det er naudsynt for å løyse dei lovpålagte oppgåvene etter gravferdsloven med tilhøyrande forskrift. Departementet legg til grunn at den nye heimelen òg dekkjer krematorium som kyrkjeleg fellesråd eller kommunen driv.

13.8 Endringar i eierseksjonsloven og matrikkellova

Det vert lagt fram forslag til endringar i lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) og lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova). Dei to lovene vert foreslått endra slik at kommunen får heimel i lov for framleis å kunne innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når dette er naudsynt for å utøve pliktene dei har etter eierseksjonsloven og matrikkellova, jf. folkeregisterloven § 10-2. Det same gjeld for Kartverket som sentral matrikkelstyresmakt.

Kommunen treng både teiepliktige og ikkje-teiepliktige opplysningar frå Folkeregisteret for å kunne utføre lovpålagte pliktar etter eierseksjonsloven og matrikkellova. Det gjeld opplysningar om personar busett i kommunen og i andre kommunar. For å utføre oppgåvene etter eierseksjonsloven og matrikkellova, har kommunen primært behov for ikkje-teiepliktige opplysningar, mellom anna namn, alder, kjønn, fødselsnummer eller d-nummer og fullstendig bustadadresse inkludert brukseiningsnummer. Kommunen kan òg trenge teiepliktige opplysningar, til dømes namn på familierelasjonar (foreldre, ektefelle eller registrert partner, barn). Kommunen treng å sjå kven som bur på kva for adresse og brukseiningsnummer. Dei treng å sjå namn og fødselsnummer, alder og kjønn. Ved kontakt mot partar i til dømes eigedomssaker, trengs elektronisk adresse. Kommunane treng sporing av familierelasjonar i samband med eigarforhold.

Ved informasjon til innbyggjarar om adresse på leilegheitsnivå nyttast Folkeregisteret for å sjå om det er samsvar med det som er registrert i matrikkel og grunnboka.

I sakar som gjeld døde personar og firma som er sletta i Einingsregisteret, nyttast Folkeregisteret som kjelde for å skaffe informasjon, og då trengs tilgang til kontaktopplysningar for dødsbu, foreldre, ektefelle eller registrert partner og barn.

At tilgangen til opplysningar som er underlagt teieplikt etter folkeregisterloven vert ført vidare, er avgjerande for at kommunen skal kunne utføre dei lovpålagte oppgåvene som dei har etter eierseksjonsloven og matrikkellova. Det same gjeld for Kartverket som sentral matrikkelstyresmakt.

Merknad til endringane i eierseksjonsloven § 13 og matrikkellova § 22

Endringane inneber å leggje til eit nytt § 13 fjerde ledd i eierseksjonsloven og å leggje til eit nytt § 22 tredje ledd fjerde punktum i matrikkellova.

Endringane sikrar at kommunen framleis kan innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt i saker etter eierseksjonsloven og matrikkellova. Det same gjeld for Kartverket som sentral matrikkelstyresmakt. Opplysningar som er underlagt teieplikt, skal berre hentast inn når det er naudsynt for å løyse dei lovpålagte oppgåvene etter eierseksjonsloven og matrikkellova med tilhøyrande forskrifter.

13.9 Endringar i skatteforvaltningsloven og a-opplysningsloven

I samband med ny folkeregisterlov vart det teke inn ein heimel i skatteforvaltningsloven § 10-5 andre ledd bokstav i om at folkeregisterstyresmakta etter krav frå skattestyresmaktene skal gje dei opplysningane som er naudsynte for skattestyresmaktenes fastsetting av skatt. Heimelen er plassert i skatteforvaltningsloven kapittel 10 om kontroll. Etter ei fornya vurdering har departementet kome til at heimelen høyrer betre heime i kapittel 7 om opplysningsplikta til tredjepartar. Departementet foreslår difor ein ny heimel i skatteforvaltningsloven § 7-9 nytt tredje ledd om at skattestyresmaktene utan hinder av teieplikt, skal ha tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er naudsynte for fastsetting av skatt. Skatteforvaltningsloven § 10-5 andre ledd bokstav i vert foreslått oppheva. Forslaget inneber ei vidareføring av den tilgangen til Folkeregisteret skattestyresmaktene har i dag.

Skatteetaten har behov for opplysningar frå Folkeregisteret når dei utfører oppgåver etter a-opplysningsloven. For å sikre at skattestyresmaktene framleis har slik tilgang, foreslår departementet ein heimel i a-opplysningsloven § 6 nytt tredje ledd om at skattestyresmaktene utan hinder av teieplikt, skal ha tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er naudsynte for skattestyresmaktenes utføring av oppgåver etter lova.

Departementet viser til framlegg om endringar i skatteforvaltningsloven §§ 7-9 og 10-5 og a-opplysningsloven § 6. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Til toppen
Til forsida av dokumentet