Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

15 Overføring av oppgåver frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet

15.1 Innleiing og samandrag

Ordninga med ny skatteklagenemnd tok til å gjelde 1. juli 2016. Det har bygd seg opp betydelege restansar av ubehandla klager sidan Skatteklagenemnda vart etablert.

Departementet foreslår lovendringar som reduserer sakstilfanget til Skatteklagenemnda. Endringane vil føre til kortare saksbehandlingstid i dei sakene nemnda behandlar.

Departementet foreslår å leggje klagebehandlinga av vedtak om tvangsmulkt og forseinkingsgebyr etter a-opplysningsloven til Skattedirektoratet.

Departementet foreslår vidare å overføre klager over vedtak om fastsetjing av skatt på inntekt og formue, meirverdiavgift og arbeidsgjevaravgift frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet når den samla skattemessige verknaden som er påklaga (klagegjenstanden) er under 25 000 kroner. Nemnda skal likevel behandle saker av prinsipiell interesse.

På bakgrunn av innspela i høyringsrunden foreslår departementet òg å overføre klager om skatteavgrensing ved lita skatteevne frå nemnda til direktoratet. Dette er eit saksområde som i dag utgjer ein stor del av sakene i nemnda.

Framlegget inneber ingen økonomiske eller administrative konsekvensar for dei skattepliktige. For Skatteklagenemnda vil ei slik endring gje ein reduksjon i saksmengda på 2 000 – 2 500 saker per år. For Skatteetaten vil endringane ha til følgje at Skattedirektoratet vert gjort til klageinstans på tre nye område. Kostnadane ved tiltaket er anslått til 15,2 mill. kroner (heilårsverknad) for at Skattedirektoratet skal kunne overta klagebehandlinga utan at det går utover dei arbeidsoppgåvene direktoratet har i dag.

Departementet syner til framlegg til endringar i a-opplysningsloven §§ 10 og 11 og skatteforvaltningsloven § 13-3 andre ledd.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå 1. august 2018.

15.2 Gjeldande rett

15.2.1 Tvangsmulkt etter a-opplysningsloven

A-opplysningsloven pålegg arbeidsgjevar å gje opplysningar til offentlege etatar om arbeids- og inntektsforholda til inntektsmottakarane deira. Denne opplysningsplikta gjeld for alle som har betalt ut løn eller andre ytingar. A-melding må fyllast ut månadleg for kvar enkelt arbeidstakar så lenge arbeidsforholdet varar, sjølv om arbeidstakaren ikkje har inntekt kvar månad. Meldinga skal innehalde informasjon om arbeidsforholdet, løn og ytingar, frådrag, skattetrekk og arbeidsgjevaravgift. Frist for innlevering er den femte i påfølgjande månad, for føregåande kalendermånad. Skattedirektoratet ved Etatenes Fellesforvaltning (EFF) har ansvaret for drift og utvikling av a-ordninga.

Etter a-opplysningsloven § 10 fyrste ledd kan Skattedirektoratet påleggje den opplysningspliktige ei dagleg laupande tvangsmulkt dersom han ikkje leverer opplysningane innan fristen. Tvangsmulkta lauper til opplysningane er leverte, eventuelt til maksbeløpet på 1 000 gongar rettsgebyret er nådd. Tvangsmulkt etter a-opplysningsloven vert pålagt maskinelt av skattestyresmaktane på same måte som tvangsmulkt etter skatteforvaltningsloven. Vilkåra for å påleggje, fastsetje og fråfalle tvangsmulkt svarer i høg grad til reglane som gjeld for tvangsmulkt etter skatteforvaltningsloven § 14-1.

Sidan Skattedirektoratet pålegg tvangsmulkt i fyrsteinstans, ligg klagebehandlingskompetansen hos Skatteklagenemnda, jf. a-opplysningsloven § 10 tredje ledd. Det same gjeld for forseinkingsgebyr når opplysningar vert leverte for seint, jf. a-opplysningsloven § 11. Skattedirektoratet har til no ikkje nytta forseinkingsgebyr etter § 11.

Klagesaksbehandlinga følgjer forvaltningsloven.

15.2.2 Saker der klagegjenstanden er av låg verdi

Skatteklagenemnda er i dag klageinstans for alle klager over vedtak om fastsetjing av skatt, mellom anna formues- og inntektsskatt og meirverdiavgift, jf. skatteforvaltningsloven § 13-3 andre ledd. Den skattepliktige har rett til å klage på vedtaket uavhengig av verdien på klagegjenstanden. Røynsler tyder på at mange av sakene om formues- og inntektsskatt og meirverdiavgift er enkle og gjeld mindre beløp.

15.2.3 Saker om skatteavgrensing ved lita skatteevne

Etter skatteloven § 17-4 kan den skattepliktige få berekna lågare skatt dersom inntekta og andre fordelar ikkje er tilstrekkelege for eit nøkternt underhald for vedkommande sjølv og dei han eller ho har plikt til å forsørgje. Den skattepliktige kan be om at skattekontoret vurderer om vilkåra for skatteavgrensing er oppfylte. Dersom skattekontoret kjem til at vilkåra ikkje er oppfylte, kan den skattepliktige klage på vedtaket til Skatteklagenemnda, jf. skatteforvaltningsloven § 13-3 andre ledd. Det er i praksis få skattepliktige som får avgrensa skatten etter skatteloven § 17-4. Dei som er aktuelle for skatteavgrensing, lever på svært låg inntekt over fleire år og er varig ute av stand til å forsørgje seg sjølv.

15.3 Høyringa

15.3.1 Bakgrunn for høyringa

Ordninga med ny skatteklagenemnd vart vedteken ved lov 19. desember 2014 nr. 77. Grunnlaget for endringa var eit ynske om å samle klagebehandlinga i ei nemnd og med det styrkje klageretten som ein garanti for rettstryggleiken til den skattepliktige. Nemnda skulle bidra til likebehandling og lik praksis ved at ho erstatta dei tidlegare fem regionale skatteklagenemndene og særklagenemnder. Skatteklagenemnda vart gjort fagleg uavhengig av Finansdepartementet og Skatteetaten. Det vart oppretta eit eige sekretariat som førebur sakene for nemnda, for å sikre ei uavhengig og sjølvstendig overprøving av klagene.

Ein viktig del av rettstryggleiken til den skattepliktige er saksbehandlingstida for klagen. Dette vart understreka ved opprettinga av Skatteklagenemnda, jf. Prop. 1 LS (2014 – 2015) punkt 13.3:

«Det er viktig at sakene avgjøres innen rimelig tid og at dette gjøres innen en forsvarlig kostnadsramme. Også for den skatte- og avgiftspliktige er det viktig at han eller hun får avklart sine rettigheter og plikter innen rimelig tid.»

Sidan etableringa har det bygt seg opp betydelege restansar av ubehandla klager i Skatteklagenemnda og i sekretariatet. Det har vore krevjande for nemnda å finne si arbeidsform i samarbeid med skattekontora, på same tid som nemnda skal behandle stadig fleire klager. Saman med sekretariatet har Skattedirektoratet gått gjennom dei administrative sidene ved den nye klageordninga. Det er satt i verk tiltak for å redusere saksbehandlingstida. Departementet har i tillegg bede Skattedirektoratet om å vurdere aktuelle lovendringar som kan vere eigna til å minke restansane ytterlegare. Vurderingane frå direktoratet ligg til grunn for departementet sitt arbeid med saka.

15.3.2 Høyringsnotatet og merknader frå høyringsinstansane

Den 21. desember 2017 sendte Finansdepartementet på høyring eit framlegg om å overføre kompetansen til å behandle to typar klager frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet.

Departementet foreslo for det fyrste at direktoratet skal avgjere klager om tvangsmulkt etter a-opplysningsloven. Fleire heimlar på skatteområdet gjer allereie Skattedirektoratet til klageinstans for tvangsmulkt.

Det andre saksområdet var saker om fastsetjing av skatt der berekningsgrunnlaget for skatt på inntekt og meirverdiavgift er under 50 000 kroner, og klager der berekningsgrunnlaget for formuesskatt er under 3,98 mill. kroner. Slike klagar inneber ein skattemessig verknad på 11 000 – 25 000 kroner, avhengig av skattesatsen til den skattepliktige.

Etter røynslene til Skatteetaten er klager under desse grensene talrike, mindre komplekse og dei tek ein uforholdsmessig stor del av ressursane til Skatteklagenemnda. Departementet synte til at lovgjevar i den tidlegare merverdiavgiftsloven innførte ein liknande regel om at Klagenemnda for meirverdiavgift ikkje skulle behandle saker der klagegjenstanden hadde ein verdi på inntil 15 000 kroner.

Høyringsnotatet vart sendt til 29 høyringsinstansar og lagt ut på Finansdepartementets heimeside. Høyringsfristen vart sett til 2. februar 2018. Total 19 høyringsinstansar har svart.

Domstolsadministrasjonen, Justis- og beredeskapsdepartementet, Norges Bank og Statistisk sentralbyrå har svart utan merknadar.

Den Norske Advokatforening, Den norske Revisorforening, Finans Norge, Hovedorganisasjonen Virke, Juristforbundet – Skatteetatens juristforening, KPMG, Norges Bondelag, Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund (NKK), NTL Skatt, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Regnskap Norge, Skattebetalerforeningen, Skattedirektoratet, Skatteetatens Landsforbund og Skatteklagenemnda har kome med merknadar til framlegga i høyringsnotatet.

Høyringsinstansane er gjennomgåande einige i at saksbehandlingstida for klager på skatteområdet er for lang. Dei er i hovudsak positive til at tiltak vert sette i verk for å minke restansane av ubehandla saker i Skatteklagenemnda.

Eit fleirtal støttar framlegget om å overføre klagebehandling av tvangsmulkt etter a-opplysningsloven frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet.

Høyringsinstansane er meir kritiske til framlegget om å overføre saker til direktoratet der klagegjenstanden har låg verdi. Dei uttalar at framlegget bryt med dei prinsippa for rettstryggleik som vart etablerte ved opprettinga av ei ny sentral og sjølvstendig skatteklagenemnd. Eit mindretal finn likevel å kunne støtte framlegget, gitt dagens restansesituasjon. Departementet vil drøfte dei konkrete merknadane frå høyringsinstansane laupande i vurderinga under punkt 4.

Nokre høyringsinstansar stiller spørsmål ved om tiltaka vil vere nok til å redusere saksbehandlingstida i Skatteklagenemnda og sekretariatet. Det vert òg peika på at saksbehandlingstida hos skattekontora er urovekkande lang, og at heile klagelaupet bør vurderast.

Fleire foreslår alternative løysingar som kan vere eigna til å redusere restansane, men som ikkje var omtalte i høyringsnotatet. Det vert foreslått å overføre kompetanse til sekretariatet i staden for til Skattedirektoratet for sakene som er skildra i høyringsnotatet. Vidare vert det foreslått å lovfeste ei tidsfrist for klagebehandlinga hos skattekontora og å kutte utgreiinga frå kontora til sekretariatet. Fleire tek til orde for å bruke eventuelle midlar på å styrkje sekretariatet og nemnda framfor å nytte ressursar på ei overføring av saker til Skattedirektoratet.

NHO, NTL Skatt, Regnskap Norge, Den norske Revisorforening, Skattedirektoratet og Skatteklagenemnda kjem med framlegg om å overføre klager over vedtak om skatteavgrensing ved lita skatteevne, jf. skatteloven § 17-4, frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet. Dette saksområdet var ikkje inkludert i høyringsnotatet frå departementet, men fleire høyringsinstansar meiner at denne sakstypen er eigna for overføring frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet.

15.4 Vurderingar og framlegg

15.4.1 Innleiing

Skatteklagenemnda vart oppretta for å styrkje rettstryggleiken til dei skattepliktige. For rettstryggleiken er det viktig at skattesaker vert prøvd av ei nemnd som er uavhengig av Finansdepartementet og Skattedirektoratet. Rettstryggleik inneber likevel meir enn ei uavhengig overprøving. Som nemnd i punkt 1.3.1 er saksbehandlingstida òg viktig for rettstryggleiken. For dei skattepliktig er det ikkje tilfredsstillande om dei må vente lenge før skattesakene deira vert avslutta.

I tillegg må ein leggje vekt på korleis ein best kan fordele ressursane til klagebehandling. Ei nemndsbehandling er meir ressurskrevjande enn vanleg klagesaksbehandling hos det overordna organet til fyrsteinstansen. Etter departementet si vurdering tek ein – samla sett – best vare på omsynet til rettstryggleiken dersom Skattedirektoratet får ansvar for å avgjere enkelte typar klager, medan Skatteklagenemnda kan konsentrere seg om dei sakene som er meir komplekse og prinsipielle.

15.4.2 Tvangsmulkt etter a-opplysningsloven

Mellom 2 000 og 2 600 klager om tvangsmulkt etter a-opplysningsloven ligg til behandling i Skattedirektoratet og Skatteklagenemnda. Skattedirektoratet avviser eller gjer om mange av vedtaka sine, men sender omlag halvparten av dei mottekne klagene vidare til Skatteklagenemnda. Dei utgjer dermed ein vesentleg del av restansane i nemnda og sekretariatet.

I høyringsnotatet foreslo departementet å overføre kompetansen til å behandle klager over vedtak om tvangsmulkt etter a-opplysningsloven frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet.

Den norske Revisorforening, Finans Norge, NHO, NKK, Norges Bondelag, NTL Skatt, Skattedirektoratet, Skatteetatens Juristforening og Skatteklagenemnda støttar framlegget. Fleire peikar på at Skattedirektoratet allereie er klageinstans for fleire typar tvangsmulkt, til dømes ved manglande levering av skattemelding og aksjonærregisteroppgåve. Ei rekkje instansar finn det naturleg at behandlinga av saker om tvangsmulkt vert samla hos same klageorgan.

KPMG, Regnskap Norge, Den Norske Advokatforening og Skattebetalerforeningen støttar ikkje framlegget. Dei to fyrste ber departementet vurdere om ein bør samle tvangsmulkt hos Skatteklagenemnda heller enn hos Skattedirektoratet, av omsyn til rettstryggleiken til den skattepliktige. Skattebetalerforeningen meiner det er viktig at Skatteklagenemnda legg føringane for korleis unntaka frå tvangsmulkt skal praktiserast, ettersom ilegging av tvangsmulkt er ein kan-regel. Regnskap Norge legg til grunn at talet på klager om tvangsmulkt vil minke naturleg, når reglane har verka ei viss tid. Regnskap Norge og Den Norske Advokatforening uttalar at omfanget av klager om tvangsmulkt tyder på at Skatteetaten praktiserer reglane for strengt.

Departementet er einig med fleirtalet av klageinstansane i at det er formålstenleg å samle klagebehandlinga av tvangsmulkt hos Skattedirektoratet. Det krev meir tid og ressursar å nemndsbehandle ei klage enn når overordna organ behandlar klaga. Røynsler syner at majoriteten av vedtaka om tvangsmulkt er enkle og gjeld mindre beløp. Klagerane vil difor ha ei rimeleg forventing om at klaga vert avgjord raskt. Departementet trur at det å overføre kompetansen til Skattedirektoratet vil minke tilstrøyminga av saker til Skatteklagenemnda betydeleg, og meiner difor at framlegget er eigna til å redusere restansane. Det er òg sentralt i vurderinga at Skattedirektoratet har omfattande røynsler med å behandle saker om tvangsmulkt. Dermed vert rettstryggleiken til dei skattepliktige og omsynet til likebehandling ivaretatt. Ei samla klagebehandling av tvangsmulkt kan gjere prosessane meir koordinerte, effektive og føreseielege.

Framlegget inneber at skattekontora ilegg tvangsmulkt etter a-opplysningsloven i fyrste instans. Departementet har vurdert om skattekontora treng ein særskilt heimel for å behandle opplysningar i saker om tvangsmulkt, jf. a-opplysningsloven § 8. Etter departementet si oppfatning har skattekontoret tilgang til dei naudsynte opplysningane som følgje av føresegna om at skattekontora skal fastsetje tvangsmulkt i fyrsteinstans. Etatenes fellesforvaltning (EFF), som er mottakssentral for opplysningane, vil framleis forvalte dei resterande oppgåvene, som drift og dialog med brukarane og andre styresmakter.

Behandlinga av saker om tvangsmulkt etter a-opplysningsloven følgjer i dag reglane i forvaltningsloven. Departementet forslår at det i staden er skatteforvaltningsloven som bør gjelde dersom skattekontora vert fyrsteinstans og Skattedirektoratet klageinstans.

Departementet gjer i tillegg framlegg om endring i a-opplysningsloven § 11, slik at Skattedirektoratet òg vert klageinstans for forseinkingsgebyr.

Departementet syner til framlegg om endringar i a-opplysningsloven §§ 10 og 11.

15.4.3 Saker der klagegjenstanden har låg verdi

Departementet foreslo i høyringsnotatet at klager over vedtak om fastsetting av skatt på inntekt og formue, arbeidsgjevar- og meirverdiavgift vert overførte frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet når klagegjenstanden har låg verdi.

Den Norske Advokatforening, Den norske Revisorforening, Hovedorganisasjonen Virke, KPMG, Regnskap Norge, Skattebetalerforeningen og Skatteetatens Landsforbund støttar ikkje framlegget. Norges Bondelag tek ikkje uttrykkeleg stilling til framlegget, men peikar på det dei meiner er svakheiter ved framlegget. Alle instansane syner til grunnlaget for opprettinga av ei ny sjølvstendig skatteklagenemnd og sekretariat. Dei er urolege for at rettstryggleiken til dei skattepliktige vert svekka og for at ein ikkje tek omsyn til behovet for at sakene får ei uavhengig vurdering. Dei peikar på at det er risiko for at klager over same spørsmål vert behandla ulikt viss klagekompetansen skal delast mellom to instansar.

Finans Norge, Juristforbundet, NHO, NKK, NTL Skatt, Skattedirektoratet og Skatteklagenemnda har vurdert dei same grunnprinsippa om ei ny og sjølvstendig overprøving, men finn likevel å kunne støtte framlegget. I vurderingane deira legg dei meir vekt på å redusere saksbehandlingstida, og finn at det òg er eit tiltak som aukar rettstryggleiken.

Departementet er einig i at ein og same klageinstans i utgangspunktet bør behandle alle likearta klager. Gitt dagens saksbehandlingstid i Skatteklagenemnda, meiner departementet likevel at det er formålstenleg å innføre ei beløpsgrense for nemndsbehandling. Skattedirektoratet bør behandle sakene som er under denne grensa. I enklare saker der verdien av klagegjenstanden er nokså låg, vil klagaren ha ei rimeleg forventing om at klaga vert behandla relativt raskt. Røynsler frå klagebehandlinga syner at klager der det omtvista beløpet er lågt, typisk er saker om fastsetting av meirverdiavgift og skatt på formue og inntekt. Tiltaket vil medverke til å redusere saksmengda og saksbehandlingstida i sekretariatet. Samstundes vert den særskilte kompetansen til Skatteklagenemnda utnytta meir effektivt.

Departementet har lagt vekt på røynsler frå meirverdiavgiftsområdet. På grunn av store restansar og lang saksbehandlingstid i Klagenemnda for meirverdiavgift vart klagar der klagegjenstanden var under 15 000 kroner, lagt til Skattedirektoratet, jf. den tidlegare merverdiavgiftsloven § 19-1 andre ledd. Om lag 10 pst. av klagene var under grensa. I forarbeida til denne regelen, Ot.prp. nr. 78 (1999 – 2000) kapittel 1, vart det framheva at saksbehandlingstida for dei næringsdrivande måtte vere på eit akseptabelt nivå for å ivareta rettstryggleiken deira.

Etter merverdiavgiftsloven kunne Skattedirektoratet samtykkje i at saker av prinsipiell art vart behandla av Klagenemnda for meirverdiavgift. For å sikre likebehandling foreslår departementet eit tilsvarande unntak i skatteforvaltningsloven. Skattedirektoratet skal avgjere om ei sak er prinsipiell. Den skattepliktige skal ikkje kunne klage over ei avgjerd om at saka skal verte behandla av nemnda eller ikkje. Det same gjaldt etter dei tidlegare reglane i merverdiavgiftsloven.

Skattedirektoratet pliktar å leggje vekt på praksis frå Skatteklagenemnda som ei av fleire rettskjelder når dei avgjer klager.

I høyringsnotatet foreslo departementet å knyte beløpsgrensa til berekningsgrunnlaget for formues- og inntektskatt og meirverdiavgift. Røynsler syner at vedtak om fastsetting av arbeidsgjevaravgift ofte vert påklaga saman med vedtak om fastsetting av inntektsskatt. Klager på arbeidsgjevaravgift under beløpsgrensa vart difor inkludert i framlegget.

For skatt på inntekt, arbeidsgjevar- og meirverdiavgift vart grensa satt til 50 000 kroner i framlegget. Viss berekningsgrunnlaget er 50 000 kroner, har saka ei skattemessig verknad på 11 000 – 25 000 kroner, avhengig av inntektstype o.l. For skatt på formue gjeld eit fribeløp på inntil 1,48 mill. kroner per skattepliktig i 2018. Departementet foreslo at klager over vedtak om skatt på formue på inntil 3,98 mill. kroner (2,5 mill. kroner over fribeløpet) vert behandla av Skattedirektoratet. Det gjev ein skatt på 21 250 kroner.

I høyringa bad departementet om særskilt tilbakemelding på framlegget om beløpsgrense. Instansane meiner at ei beløpsgrense må vere tydeleg og praktisk å handheve, og fleire støttar framlegget. Enkelte instansar legg fram alternative avgrensingar og beløpsgrenser.

Den Norske Advokatforening, Skatteklagenemnda og NTL Skatt foreslår å knyte beløpsgrensa opp mot den aukinga som er vedteken av skattekontoret. Skattedirektoratet foreslår ei tilsvarande grense for formuesskatt, som er knytt til aukinga av eit fast kronebeløp i formuen.

NTL Skatt foreslår ei høgare grense for næringsdrivande/selskap.

NKK peikar på at Skatteetaten ikkje fattar vedtak om mindre endringar av grunnlaget for arbeidsgjevaravgift, og at framlegget inneber at alle slike klager vil verte behandla av Skatteklagenemnda. Difor foreslår NKK at grensa for arbeidsgjevaravgift vert satt til 100 000 kroner.

Den Norske Advokatforening og Norges Bondelag gjev uttrykk for at ei beløpsgrense ofte vil vere ueigna for saker om skjønsfastsetjing av inntekt eller formue.

Fleire instansar etterlyser ei tydeleg omtale av tilleggsskatt.

Departementet held fast ved at ei beløpsgrense må vere enkel å praktisere. For dei skattepliktige og for styresmaktene er det viktig at det går klårt fram kva organ som skal behandle den enkelte klagen. Til dømes var den tidlegare beløpsgrensa for nemndsbehandling av meirverdiavgiftssaker knytt direkte opp mot avgiftsbeløpet i saka. Etter det departementet er kjent med fungerte denne avgrensinga godt for brukarane av regelverket.

For formues- og inntektsskatt, til dømes personskatt, er det noko meir komplisert å ta utgangspunkt i sjølve skattebeløpet. Når skattekontora bereknar skatten til personleg skattepliktige, må dei ta omsyn til den progressive trinnskatten, ulike satsar for trygdeavgift, personfrådrag, minstefrådrag og forskjellige særtilfelle av skattefrådrags- og -avgrensingsreglar.

Departementet er likevel einig med framlegget frå høyringsinstansane og foreslår å knyte grensa opp mot den samla skattemessige verknaden som er påklaga (klagegjenstanden) av den skattepliktige. Med ei slik tilnærming er det ikkje lenger naudsynt med ei eiga grense for saker som gjeld skatt på formue.

I høyringsnotatet foreslo departementet beløpsgrenser som ga skatteverknader mellom om lag 11 000 og 25 000 kroner. Høyringsinstansane som støttar endringa, er jamt over positive til beløpsframlegget. Departementet kjem difor med framlegg om at klager der klagegjenstanden er under 25 000 kroner, skal verte behandla av Skattedirektoratet. Departementet legg til grunn at problemstillinga om arbeidsgjevaravgift NKK peikar på, ikkje lenger vil vere aktuell når grensa ikkje er knytt opp mot berekningsgrunnlaget for avgifta.

Departementet legg til grunn at beløpsgrensa gjeld for klaga i si heilheit dersom ho gjeld eit vedtak som omfattar fleire skattearter eller fleire skattleggingsperiodar. Ei klage på eit vedtak der inntektsskatten for inntektsåret 2018, med allmenn skattesats på 23 pst., er auka med 13 800 kroner og meirverdiavgifta er auka med 15 000 kroner, skal difor behandlast av nemnda. Det same gjeld for ei klage på eit vedtak der inntektsskatten er auka med 13 800 i to ulike inntektsår.

Etter departementet si vurdering er det ikkje grunnlag for å behandle saker om skjønsfastsetjing annleis enn andre saker. Det er storleiken på den skjønsfastsette skatten, eventuelt differansen mellom den skjønsfastsette skatten og den skatten som vart fastsett frå tidlegare, som avgjer om nemnda skal vere klageorgan.

Departementet finn heller ikkje grunnlag for å unnta saker om tilleggsskatt frå endringsframlegget. I dei fleste saker vert tilleggsskatt fastsett samstundes med hovudvedtaket. Det er då den samla påklaga skatteverknaden som avgjer om nemnda skal behandle saka. I vedtak som berre gjeld tilleggsskatt, må tilleggskatten åleine vere lågare enn 25 000 kroner for at Skattedirektoratet skal behandle saka.

Framlegget skil ikkje mellom selskap og personleg skattepliktige. Eit beløp vil ofte vere meir utfordrande for ein personleg skattepliktig enn for eit selskap. Samstundes kan små skattebeløp gje større konsekvensar for til dømes eit enkeltpersonføretak enn privatpersonar med høg skatteevne. Departementet legg større vekt på omsynet til ein tydeleg og praktisk regel, og finn at den same beløpsgrensa bør gjelde for alle skatteartar og alle skattepliktige som vert omfatta av framlegget.

Lovteknisk foreslår departementet å innføre ein heimel i skatteforvaltningsloven § 13-3 andre ledd til å fastsetje i forskrift at Skattedirektoratet skal vere klageinstans i saker der klagegjenstanden har låg verdi. Beløpsgrensa på 25 000 kroner og regelen om at prinsipielle saker likevel skal behandlast av nemnda, skal stå i forskrift.

Den foreslåtte reguleringsmåten opnar for at terskelen for nemndsbehandling kan justerast utan lovendring om forholda tilseier det. Framlegg om å endre beløpsgrensa må likevel sendast på høyring etter vanlege reglar.

Departementet syner til framlegg om endringar i skatteforvaltningsloven § 13-3 andre ledd.

15.4.4 Saker om skatteavgrensing ved lita skatteevne

Talet på klager over vedtak om skatteavgrensing etter skatteloven § 17-4 har auka i 2017. I 98,35 pst. av sakene får den skattepliktige ikkje medhald i klaga. Dersom utviklinga held seg konstant, anslår Skattedirektoratet at nemnda vil få om lag 800 – 900 klager i året som gjeld skatteavgrensing.

NHO og Skatteklagenemnda meiner at sakstypen er betre eigna for behandling i Skattedirektoratet enn i Skatteklagenemnda. NHO peikar òg på at dei fleste skattepliktige opplev at dei «søkjer» om skatteavgrensing, og ikkje at dei klagar på skatteoppgjeret. Klaga kjem difor ofte når skatten skal betalast og etter klagefristen er utlaupt.

Regnskap Norge, Den norske Revisorforening og NTL Skatt peikar på at vurderingane knytte til inntekt og opphald i stor grad vert baserte på økonomiske fastsette storleiker og satsar, som referansebudsjettet til Statens institutt for forbruksforskning (SIFO).

Departementet er einig med desse høyringsinstansane i at saker om skatteavgrensing bør overførast til Skattedirektoratet. Desse sakene vert som regel avgjorde ut frå fastsette grenser for inntekt som er trekte opp gjennom praksisen til Skatteklagenemnda sjølv og dei andre skattestyresmaktene. I dei sakene der skattekontoret sender klagene til nemnda, har dei skattepliktige skatteevne som overskrid beløpsgrensene, og av denne grunn får dei skattepliktige sjeldan medhald i nemnda. Det er per i dag mange saker om lita skatteevne i Skatteklagenemnda, men dei byr svært sjeldan på slik tvil at den særskilte kompetansen til nemnda er naudsynt for å ta vare på rettstryggleiken til dei skattepliktige.

Departementet syner til framlegg om endringar i skatteforvaltningsloven § 13-3 andre ledd.

15.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget inneber ingen direkte økonomiske eller administrative konsekvensar for dei skattepliktige. Ei klage på vedtak frå skattekontoret skal sendast til skattekontoret på vanleg måte.

For skattekontora og Skattedirektoratet vil framlegget ha administrative og økonomiske konsekvensar ved at Skattedirektoratet vert gjort til klageinstans på tre nye område. Departementet legg til grunn at løysinga av dei nye oppgåvene både i Skattedirektoratet og på skattekontora kan gjennomførast på ein slik måte at den eksisterande kompetansen på dei aktuelle saksområda vert utnytta. Dei nye arbeidsoppgåvene vil likevel krevje ein auka ressursinnsats i Skatteetaten.

I 2017 har Skatteklagenemnda motteke 800 – 900 klager over vedtak om tvangsmulkt etter a-opplysningsloven. Talet er omtrent det same for klager om skatteavgrensing. For båe sakstypane har det vore ei stor auking i 2017 jamført med tidlegare år. Ein antek at mengda klager i saker om tvangsmulkt og lita skatteevne på sikt vil reduserast etter kvart som praksis festar seg og tvangsmulktsordninga har verka ei stund. Framlegget om at klager med eit lågt beløp skal avgjerast av Skattedirektoratet vil føre til at om lag 1 000 slike saker kvart år må behandlast av direktoratet.

Departementet legg til grunn at framlegget årleg vil innebere at om lag 2 000 – 2 500 klager vert overførte frå Skatteklagenemnda til Skattedirektoratet. For Skatteklagenemnda og sekretariatet vil framlegga innebere ein vesentleg reduksjon i saksmengda og i arbeidsmengda. Framlegga vil leggje til rette for at sekretariatet kan redusere sine restansar og for at saksbehandlingstida i Skatteklagenemnda vert normalisert.

Auka ressursbruk i Skattedirektoratet vil samla sett utgjere ein kostnad på om lag 15,2 mill. kroner årleg, jf. òg Prop. 85 S (2017 – 2018).

15.6 Ikrafttreding

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå 1. august 2018.

Til toppen
Til forsida av dokumentet