Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

3 Dokumentasjonskrav for redusert kjeldeskatt på utbyte til utanlandske aksjonærar

Etter departementet si vurdering bør det gjerast nokre endringar i dokumentasjonskrava utanlandske aksjonærar i norske selskap må oppfylle, for å få lågare kjeldeskattetrekk enn det som følgjer av Stortingets skattevedtak.

Utanlandske aksjonærar som tek imot utbyte frå norske aksjeselskap og likestilte selskap, skal som hovudregel betale kjeldeskatt til Noreg av utdelt utbyte, jf. skatteloven § 10-13. Skatten vert fastsett ved at det utdelande selskapet leverer melding om trekk av skatten. Den skatten det trekkpliktige selskapet opplyser om i meldinga, utgjer fastsett skatt. Trekkplikta inneber at selskapet fyrst skal halde tilbake skatten ved utbetalinga av utbytet, og deretter melde og betale inn beløpet til skattestyresmaktene.

Den utanlandske aksjonæren skal ikkje levere skattemelding. Skatten vert ikkje fastsett individuelt for kvar skattepliktig, men under eitt for alle dei utanlandske aksjonærane i selskapet.

Kjeldeskattesatsen er i utgangspunktet 25 pst. Aksjonæren kan likevel ha krav på lågare sats eller skattefritak etter skatteavtale eller skatteloven § 2-38 (fritaksmetoden).

Selskapet som deler ut utbyte kan verte halden ansvarleg for skatten ved brot på plikta til å foreta riktig skattetrekk, og på plikta til å betale trekt beløp, jf. skattebetalingsloven § 16-21. Det er trekkføresegnene, irekna føresegnene om når selskapet har høve til å foreta skattetrekk med lågare sats enn det som følgjer av skattevedtaket, som avgjer om skattetrekket er korrekt gjennomført. Unnlate trekk medfører likevel ikkje ansvar når det vert godtgjort at det ikkje skuldast forsøming eller mangel på tilbørleg aktsemd frå selskapet eller nokon i selskapet si teneste.

Ansvaret medfører at selskapet som deler ut utbyte, berre vil trekkje redusert kjeldeskatt når selskapet er sikker på at aksjonæren kvalifiserer for det. For den utanlandske aksjonæren er det på andre sida ein fordel å få riktig skattetrekk med ein gong, for å unngå å måtte søkja om refusjon i ettertid.

Før innføringa av skatteforvaltingsloven gjekk ein ut frå at det årlege skattevedtaket berre gav selskapet høve til å trekkje lågare skattesats enn 25 pst. når selskapet var kjent med at den reelle eigaren av utbytet hadde krav på lågare skatt etter ein skatteavtale eller var omfatta av fritaksmetoden. Dette innebar at selskapet som utgangspunkt alltid skulle trekkje full sats når selskapet ikkje kjente identiteten og den skattemessige statusen til den endelege mottakaren av utbytet.

Det var vidare i praksis opna for at selskapa kunne trekkje lågare sats eller unnlate å gjere trekk når dei betalte utbyte til forvaltarar som stod registrert i Verdipapirsentralen (VPS) som eigar av aksjar tilhøyrande utanlandske aksjonærar i medhald av allmennaksjeloven § 4-10. Aksjane vart då plassert på ein NOM-konto for aksjar som kan verte registrerte med lågare sats enn det som fylgde av skattevedtaket. Eit vilkår for slikt løyve var at forvaltaren kjente identiteten til den verkelege rettshavaren til utbytet. Forvaltaren måtte kunne leggje fram ei liste over kven den eller dei reelle aksjonærane var, dersom skattestyresmaktene bad om dette. For å få registrert at det ikkje skulle verte trekt skatt, var det i tillegg eit vilkår at den utanlandske aksjonæren kunne dokumentere at kjeldeskatt tidlegare var refundert frå Sentralskattekontoret for utanlandssaker etter fritaksmetoden.

Ved innføringa av skatteforvaltingsloven i 2017 foreslo Finansdepartementet nye føresegner om kva utanlandske aksjonærar i norske selskap måtte dokumentere for å få lågare skattetrekk enn det som følgjer av Stortingets skattevedtak, jf. Prop. 38 L (2015 – 2016) punkt 15.2.7. Føresegnene skulle mellom anna sikre skatteprovenyet.

Stortinget slutta seg til innhaldet i proposisjonen, jf. Innst. 231 L (2015 – 2016).

Dei nye dokumentasjonskrava følgjer av skattebetalingsforskrifta §§ 5-10a-1 til 5-10a-3. Eit sentralt trekk ved føresegnene er at aksjonæren må leggje fram dokumentasjon i forkant av skattetrekket, medan det tidlegare berre var krav om at forvaltaren kunne leggje fram dokumentasjon dersom skattestyresmaktene bad om det.

Føresegnene går i korte trekk ut på at utanlandske aksjonærar som krev lågare skattesats enn 25 pst., må dokumentere skattemessig bustad ved å leggje fram ei stadfesting på bustad (Certificate of Residence) utferda av skattestyresmaktene i bustadslandet, som stadfestar at mottakaren av utbytet er busett eller heimehørande der etter skatteavtalen med Noreg. Stadfestinga på bustad må ikkje vere eldre enn tre år på det tidspunktet utbytet vert delt ut. I tillegg må mottakaren av utbytet stadfeste at vedkommande er den verkelege rettshavar til utbytet. For juridiske personer og andre einingar, irekna selskapsaksjonærar, vert det i tillegg kravd førehandsgodkjenning frå norske skattestyresmakter på at dei kvalifiserer for lågare kjeldeskattetrekk. Selskapsaksjonærar som krev fritak etter fritaksmetoden, må òg leggje fram eigenerklæring som stadfestar at grunnlaget for skattefritaket ikkje har endra seg. Eigenerklæringa må ikkje vere eldre enn tre år på det tidspunktet utbytet vert delt ut.

Det er forvaltar som skal ha dokumentasjonen dersom aksjen er registrert i VPS på ein konto i ein utanlandsk forvaltar sitt namn. Dersom aksjen er registrert på ein konto i mottakaren av utbytet sitt eiget namn (direkteregistrert), skal kontoførar investor ha dokumentasjonen. Er aksjen utanfor VPS, skal selskapet som deler ut utbyte ha dokumentasjonen.

Det syner seg at dei nye dokumentasjonskrava er krevjande både for skattestyresmaktene og for enkelte grupper av aksjonærar. For skattestyresmaktene er det ressurskrevjande å behandle søknader om førehandsgodkjenning av lågare trekk. For enkelte aksjonærar er det urimeleg ressurskrevjande å oppfylle dokumentasjonskrava. Ikraftsetjinga av dei nye reglane er difor utset til 1. januar 2019.

Departementet har etter ei ny vurdering kome til at det er behov for nokre endringar i dokumentasjonsreglane.

Ved revisjonen bør ein på den eine sida leggje vekt på omsynet til skattekontroll. Det er vanskeleg for skattestyresmaktene å innhente dokumentasjon og krevje inn skatt frå aksjonærar i utlandet. Departementet meiner difor at reglane framleis bør byggje på eit prinsipp om at dokumentasjonen må ligge føre før utdelinga av utbytet dersom aksjonæren skal få trekk med lågare sats enn 25 pst. eller fritak frå trekk.

På den andre sida bør ein leggje vekt på at reglane ikkje skal føre til unødig høge administrative kostnadar for dei utanlandske aksjonærane og Skatteetaten. Til sist må ein òg ta omsyn til selskapa som deler ut utbyte. Det må vere enkelt for selskapa å trekkje riktig kjeldeskatt, og dokumentasjonskrava bør ikkje gjere det unødig vanskeleg å innhente kapital frå utlandet.

Departementet har gjeve Skattedirektoratet oppdrag om å utarbeide eit framlegg til endringar i dokumentasjonsreglane. Direktoratet tek sikte på å sende framlegget på høyring i juni 2018.

Til toppen
Til forsida av dokumentet