Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

5 Endring i overgangsregelen for aksjesparekonto

Ordninga med aksjesparekonto vart innført 1. september 2017. Ordninga inneber at personlege skattytarar kan opprette aksjesparekonto. Innskot på kontoen kan investerast i børsnoterte aksjar, børsnoterte eigenkapitalbevis og andelar i aksjefond. Gevinstar ved realisasjon av verdipapir på kontoen vert ikkje skattlagt i samband med realisasjonen, men først når midlane vert teke ut av kontoen.

Ved innføringa av ordninga vart det gitt overgangsreglar. Etter overgangsreglane kan personlege aksjonærar fram til utgangen av 2018 overføre verdipapir til aksjesparekonto med kontinuitet. Det vil seie at overføringa ikkje vert skattlagt. Samstundes vert innskotet på kontoen sett til skattytars inngangsverdi på aksjane og andelane. Eventuell unytta skjerming på dei overførte aksjane og aksjefondsandelane, vert unytta skjerming på aksjesparekontoen.

I nokre tilfelle kan aksjonærar ha negativ inngangsverdi på aksjar. Når aksjar med negativ inngangsverdi vert realisert, vert gevinsten sett til vederlaget tillagt den negative inngangsverdien.

Overgangsreglane for aksjesparekonto kan nyttast til å realisere aksjar med negativ inngangsverdi utan at inngangsverdien vert skattlagt i samband med realisasjonen, eller når midlane vert teke ut av kontoen. Ein aksjonær kan til dømes overføre ein aksje med negativ inngangsverdi på 50 og verdi på 100, til ein aksjesparekonto oppretta for formålet. Overføringa skjer etter overgangsreglane, og utløyser ikkje skatt. Innskotet på kontoen vert set til inngangsverdien på aksjen. Det vil seie at aksjonæren får eit negativt innskot på kontoen på 50.

Aksjonæren sel deretter aksjen for 100 og tek midlane ut frå kontoen. Uttaket på 100 vert då skattlagt som aksjeinntekt. Den negative inngangsverdien på aksjen vert ståande som ett negativt innskott på den tomme aksjesparekontoen, og vert ikkje skattlagt før kontoen vert avslutta.

Departementet meiner det er uheldig at overgangsreglane kan nyttast til å realisere aksjar med negativ inngangsverdi utan at den inngangsverdien vert skattlagt i samband med realisasjonen, eller når midla vert teken ut av kontoen. Departementet foreslår difor å endre overgangsreglane slik at negative inngangsverdiar vert skattlagt når aksjar vert overført til aksjesparekonto. Endringa gjer at den negative inngangsverdien på 50 i dømet over, vert skattlagt når aksjen vert overført til aksjesparekontoen. Departementet legg til grunn at aksjonærens innskot i slike tilfelle vert sett til null.

Departementet viser til framlegg til endring i overgangsregelen til skatteloven § 10-21, i lov 20. desember 2016 nr. 111 om endring i skatteloven.

Departementet varsla i ei nyheitssak 26. april 2018 at denne endringa i overgangsregelen ville verte foreslått. Det vart òg varsla at forslaget under føresetnad av at det vert vedteken av Stortinget, ville få verknad frå 26. april 2018. I tråd med dette foreslår departementet at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med 26. april 2018.

Framlegget har ikkje nemneverdige provenyverknader.

Til toppen
Til forsida av dokumentet