Prop. 86 LS (2017–2018)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

8 Fritak for meirverdiavgift for elektroniske nyhende

I behandlinga av Prop. 1 S (2017 – 2018) Statsbudsjettet 2018 og tilhøyrande Innst. 2 S (2017 – 2018) fatta Stortinget 4. desember 2017 følgjande oppmodingsvedtak nr. 37 (2017 – 2018):

«Stortinget ber regjeringen utrede utvidelse av merverdiavgiftsfritaket for medier til å gjelde all digital journalistikk, herunder betydningen for uavhengige journalister, og legge dette frem i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2018.»

På bakgrunn av eit liknande vedtak frå Stortinget vart ein utviding av fritaket for meirverdiavgift for media til å gjelde all digital journalistikk omtala i Meld. St. 2 (2016 – 2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017 og Prop. 1 LS (2017 – 2018) Skatter, avgifter og toll 2018. Problem med avgrensinga, auka administrative kostnadar, at fritak utgjer eit systembrot, fare for auka press for nye fritak og provenytap gjorde at regjeringa ikkje ville innføre fritak for meirverdiavgift for elektroniske tidsskrift og enkeltartiklar.

Gjeldande rett

Etter merverdiavgiftsloven § 6-2 er elektroniske nyhendetenester friteke for meirverdiavgift. Fritaket vart innført 1. mars 2016 og er godkjent av EFTAs overvakingsorgan (ESA) fram til 1. mars 2022. Fritaket er meint å sikre lik avgiftsbehandling slik at stoff om nyhende og aktualitet er friteke for avgift uavhengig av plattform. Det vart difor føreset at fritaket i størst mogleg grad skal avgrensast i tråd med fritaket for papiraviser, jf. merverdiavgiftsloven § 6-1. På denne bakgrunn er det krav om at tenesta inneheld ei brei dekning av nyhende og aktualitet, har allmenn interesse, har ein ansvarleg redaktør og vert publisert ein gong i veka eller oftare. Kravet til breidde inneber at omsetjing av enkeltartiklar og tidsskrift ikkje er omfatta av fritaket.

Omsetjing av trykte tidsskrift er friteke for meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftsloven § 6-1. Fritaket har historiske grunnar og har vore praktisert sidan meirverdiavgifta vart innført. Fritaket gjeld både tidsskrift som hovudsakeleg vert omsette til faste abonnentar m.m., og tidsskrift der størsteparten av innhaldet er av politisk, litterær eller religiøs karakter. Fritaket gjeld ikkje elektroniske tidsskrift.

Verksemder som omset nyhendetenester, kan anten produsere stoff om nyhende og aktualitet gjennom eigne tilsette eller kjøpe det frå underleverandørar/uavhengige journalistar. Departementet legg til grunn at med uavhengige journalistar meiner ein i hovudsak slike underleverandørar som omset sine tenester for eiga rekning og risiko. Uavhengige journalistar kan yte ulike tenester som til dømes eigen publisering av reklamefinansierte blogginnlegg eller abonnementfinansierte enkeltartiklar, omsetjing av stoff om nyhende og aktualitet med kommersielt innhald, omsetjing av konsulenttenestar m.m. og omsetjing av opphavsrett til eigne litterære verk. Bortsett frå omsetjing av opphavsrett til eigne litterære verk som er unntatt frå meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftsloven § 3-7 fjerde ledd, er dei nemnde typane omsetjing avgiftspliktige med generell sats og med rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift på anskaffingar som er til bruk i denne delen av verksemda.

Departementet sine vurderingar

Formålet med meirverdiavgifta er å gje staten inntekter. Dette gjer ein mest effektivt når meirverdiavgifta omfattar alle varer og tenester med ein generell sats. Reduserte satsar og fritak frå meirverdiavgift reduserer inntektene til staten og aukar dei administrative kostnadane både for dei næringsdrivande og styresmaktene. Ein bør difor generelt søkje å unngå særskilde ordningar som fritak og reduserte satsar. Når utviklinga i samfunnet går i digital retning med auka forbruk av elektroniske tenester framfor fysiske varer, er det viktig at forbruket av digitale tenester er omfatta av meirverdiavgifta.

Eit fritak frå meirverdiavgift for alle elektroniske tidsskrift knytt til definisjonen av trykte tidsskrift vil truleg innebere ei betydeleg utviding av fritaket. Fritaket vil gje nye avgrensingar som aukar dei administrative kostnadane for dei næringsdrivande og for Skatteetaten. Omsynet til lik behandling av trykte og elektroniske tidsskrift talar likevel for å innføre eit fritak for elektroniske tidsskrift der tidsskriftet allereie finst på papir. Eit fritak avgrensa til elektroniske parallellutgåver av trykte tidsskrift, det vil seie at det er eit tilsvarande trykt tidsskrift omfatta av fritaket, vil òg kunne medføre vanskelege avgrensingar, men vil truleg vere mogleg å handtera avgiftsteknisk både for Skatteetaten og tidsskriftbransjen. Regjeringa tek difor sikte på å innføre fritak for meirverdiavgift slik at trykte tidsskrift som er friteke for meirverdiavgift òg kan gjes ut i elektronisk form med fritak for meirverdiavgift. Utforminga av eit fritak må greiast ut nærare.

Eit fritak for meirverdiavgift for elektroniske tidsskrift som er avgrensa til elektroniske parallellutgåver av trykte tidsskrift, vil truleg gje eit årleg provenytap på om lag 20 mill. kroner på kort sikt. Forbruket av elektroniske tidsskrift er forventa å auke i åra framover, og provenytapet kan dermed verte betydeleg på lengre sikt.

Eit fritak for meirverdiavgift for elektroniske tidsskrift er offentleg støtte som må notifiserast til og godkjennast av ESA før det kan tre i kraft. Regjeringa vil kome tilbake med framlegg til endringar i reglane for elektroniske tidsskrift.

Eit fritak frå meirverdiavgift for enkeltartiklar må av omsyn til lik behandling knytast til kjenneteikn ved sjølve tenesta slik at det gjeld for alle som omset slike tenester, òg utanlandske tilbydarar. Eit slikt fritak vil dermed omfatte ikkje berre etablerte mediehus m.m., men òg andre aktørar som uavhengige journalistar og eksterne produksjonsselskap, samt små aktørar med liten aktivitet. I tillegg til at eit slikt fritak vil omfatte mange aktørar vil det verte krevjande å avgrense kva for eit innhald/tekstar som skal vere omfatta av fritaket, mellom anna fordi fritaket ikkje kan verte avgrensa til tekstar som journalistar har skrive. Eit fritak for meirverdiavgift for omsetjing av enkeltartiklar kan verte omfattande og vil ha store administrative konsekvensar både for dei næringsdrivande og Skatteetaten.

Meirverdiavgiftssystemet byggjer i utgangspunktet på at registrerte verksemder ikkje skal belastast meirverdiavgift på varer og tenester som er til bruk i verksemda. Medieverksemdene sine kjøp av enkeltartiklar frå uavhengige journalister som er unntatt frå merverdiavgiftsloven, jf. § 3-7 fjerde ledd, kan likevel innehalde «skjult meirverdiavgift», sidan dei uavhengige journalistane ikkje får frådrag for inngåande meirverdiavgift til denne delen av verksemda. Ved innføring av fritak for enkeltartiklar vil dei uavhengige journalistane kunne krevje fullt frådrag på sine anskaffingar. Dermed vil heller ikkje mediebedriftene verte belasta med «skjult meirverdiavgift». Eit fritak for meirverdiavgift for omsetjing av enkeltartiklar vil innebere indirekte støtte via meirverdiavgiftssystemet ved at det vert gjeve fullt frådrag for meirverdiavgift på anskaffingar, samstundes som det ikkje påleggjast utgåande avgift.

Provenytapet ved å innføre fritak for avgift på enkeltartiklar vil truleg vere avgrensa på kort sikt. På lengre sikt kan ein forvente tilpassingar slik at salet av avgiftsfrie enkeltartiklar veks. Dermed kan provenytapet auke over tid og verte betydeleg.

Som vist til reiser ein utviding av fritaket til å omfatte enkeltartiklar fleire administrative og avgiftstekniske problem, samstundes som faren for press for ytterlegare fritak auke. Regjeringa foreslår difor å ikkje innføre fritak for meirverdiavgift for enkeltartiklar.

Til forsida