Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 87 S (2017–2018)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar

Til innhaldsliste

2 Luftfartsformål

2.1 Orientering om oppfølging av ADQ-forordninga

ADQ står for Aeronautical Data Quality. I ADQ-forordninga blir det stilt krav til luftfartsdata og luftfartsinformasjon i alle ledd av handsamingskjeda, det vil seie krav til innsamling av grunnlagsdata, til utstedarar av data (t.d. Kartverket, andre kartleverandørar, flyplassar m.fl.), og til kunngjeringstenesta for digital publisering for luftfarten i regi av Avinor AS.

Det blei ved Stortingets handsaming av Prop. 47 S (2015–2016), samtykkeproposisjon om ADQ-forordninga, jf. Innst. 202 S (2015–2016), orientert om at nytt kartgrunnlag var venta å komme på plass gjennom prosjektet «Ny nasjonal digital høydemodell» over ein periode på fire–fem år. Som del av prosjektet, som no blir kalla «Nasjonal detaljert høydemodell», gjennomfører Kartverket ny oppmåling av landet ved hjelp av flyboren laserskanning. I Prop. 1 S (2017–2018) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, orienterte regjeringa om at prosjektet etter planen skal vere ferdig i 2022. Samferdselsdepartementet legg dermed til grunn at kartgrunnlaget (terreng- og høgdedata) for Noreg vil vere i samsvar med kvalitetskriteria i ADQ-forordninga frå same år. Departementet arbeider òg med å finne ei løysing for å sikre kvaliteten på hinderdata i databasen Nasjonalt register for luftfartshinder (NRL).

Vidare blei det i Prop. 47 S (2015–2016) orientert om at Avinor hadde innleia eit samarbeid med den britiske nasjonale ytaren av flysikringstenester – NATS (National Air Traffic Services) – om å kjøpe eit nytt datasystem for kunngjeringstenesta. Systemet skal lagre, handtere og utveksle data som blir brukt til å lage dei ulike publikasjonane som kunngjeringstenesta gir ut. Tidsfristen for å konvertere alle data til nytt system for kunngjering var 30. juni 2017. Det var venta at kjøpsprosessen for det nye datasystemet ville forseinke konverteringa med om lag eitt år i Noreg. Avinor har no varsla at kjøpet av nytt datasystem for kunngjeringstenesta, som skjer i samarbeid med NATS, vil bli forseinka med ytterlegare eit år og tidlegast komme i drift i andre halvår 2019.

Det har vist seg å vere krevjande, òg for EU-landa, å oppfylle krava til datakvalitet innan fristane som er sette i ADQ-forordninga. Så langt Samferdselsdepartementet kjenner til, var det ingen land som oppfylte krava innan fristen 30. juni 2017. Departementet vil følgje med på oppfølginga av ADQ-forordninga, men reknar ikkje med at den varsla forseinkinga i kjøpet av datasystem for kunngjeringstenesta i Avinor vil ha spesielle negative konsekvensar for norsk luftfart.

2.2 Orientering om Fagernes lufthamn

Ved handsaminga av Prop. 19 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet, jf. Innst. 132 S (2015–2016), gjorde Stortinget følgjande vedtak:

«Stortinget samtykkjer i at Avinor AS driv Fagernes lufthamn i den forfatninga lufthamna har i dag som rein charterflyplass fram til lokale eigarar tek over lufthamna, men ikkje lenger enn til 1. januar 2019, og under føresetnad av at Luftfartstilsynet forlengjer dispensasjonen og at lokalt næringsliv dekkjer delar av Avinors kostnader for å vidareføre drifta frå 2017 og halvparten av Avinors kostnader i 2018.»

Avinor og Samferdselsdepartementet har sidan 2016 hatt dialog med lokale aktørar om lokalt eigarskap og drift. Lokalt næringsliv har ikkje ønskt å bidra til å dekkje deler av Avinors kostnader i 2017 og 2018, slik Stortinget la til grunn. I tråd med Stortingets vedtak skal Avinor ikkje drive Fagernes lufthamn, Leirin, lenger enn til 1. januar 2019. Det er ikkje planlagt vidare chartertrafikk på flyplassen i 2018, og Avinor vil difor stengje Fagernes lufthamn frå 1. juli 2018.

Til toppen
Til forsida av dokumentet