Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 87 S (2017–2018)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar

Til innhaldsliste

3 Vegformål

3.1 E69 Skarvbergtunnelen i Finnmark

Prosjektet er m.a. omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029, side 315, og Prop. 1 S (2017–2018), side 127. Noverande tunnel under Skarvberget er om lag 3 km lang og har låg standard. Han er smal, låg og tilfredsstiller ikkje krava i tunneltryggleiksforskrifta. Prosjektet omfattar bygging av 6,8 km ny veg i Porsanger kommune i Finnmark, der om lag 3,5 km er i tunnel. Ein stor del av dagstrekninga vil følgje dagens trasé. Noverande tunnel skal stengjast når den nye tunnelen blir opna for trafikk.

I Prop. 1 S (2017–2018) er det lagt til grunn at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjektet, og at Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka på eigna måte.

Den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet er no gjennomført. Kvalitetssikrar foreslår ei styringsramme på 840 mill. 2017-kr og ei kostnadsramme på 930 mill. 2017-kr. Statens vegvesen foreslår ei styringsramme på 800 mill. 2017-kr og ei kostnadsramme på 880 mill. 2017-kr. Skilnaden kjem m.a. av at kvalitetssikrar legg inn noko større uvisse då totalentreprise er ei relativ ny kontraktform for Statens vegvesen. Samferdselsdepartementet er samd i Statens vegvesen sine vurderingar. Departementet legg m.a. vekt på at Statens vegvesen har god tilgang til ressursar med erfaring frå totalentreprise. Rekna om til 2018-prisnivå blir styringsramma 816 mill. kr og kostnadsramma 898 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.

Det er lagt opp til anleggsstart på prosjektet i 2018. Prosjektet er venta opna for trafikk i 2021.

3.2 Rv 23 Dagslett–Linnes i Buskerud

Ved handsaminga av Prop. 146 S (2014–2015) Utbygging og finansiering av rv 23 Dagslett – Linnes i Buskerud og Innst. 33 S (2015–2016) vedtok Stortinget eit opplegg for utbygging og finansiering av prosjektet. Prosjektet er første etappe av den planlagte utbygginga av rv 23 frå Dagslett til kryss med E18 i Røyken og Lier kommunar i Buskerud. Prosjektet er tidlegare vurdert som samfunnsøkonomisk lønnsamt.

Styringsramma for prosjektet er fastsett til 2 319 mill. kr og kostnadsramma til 2 577 mill. kr, rekna om til 2018-prisnivå. I Prop. 1 S (2017–2018) er det lagt til grunn anleggsstart i april 2018, og det er gjennomført prosjektering, grunnerverv og andre førebuande arbeid med sikte på dette. Så langt er det nytta om lag 360 mill. kr til prosjektet. Bompengeselskapet har teke opp lån på til saman om lag 250 mill. kr i tråd med føresett finansieringsplan, jf. Prop. 146 S (2014–2015).

Etter at Prop. 1 S (2017–2018) blei lagt fram, er det avdekt stor kostnadsauke på prosjektet. Utan kostnadsreduserande tiltak er prognosen for sluttkostnad no vurdert til om lag 3 150 mill. kr. Dette inneber ein auke på om lag 830 mill. kr i høve til styringsramma og om lag 570 mill. kr i høve til fastsett kostnadsramme. Mykje av kostnadsauken kjem av at detaljprosjekteringa har avdekt meir krevjande grunnforhold enn tidlegare lagt til grunn. Følgjeleg har behovet for geotekniske sikringstiltak auka. I tillegg kjem auke som følgje av nye krav til m.a. områdestabilisering og flaumsikring.

Vidare har det vist seg at prosjektet bør sjåast i samanheng med val av løysing for rv 23 vidare mot E18. Dette kjem av at det i fastsett planprogram for arbeidet med kommunedelplan for rv 23 Linnes–kryss E18 er eit alternativ der store delar av strekninga Dagslett–Linnes òg blir vurdert (Vikerlinja). Viss ei slik løysing blir valt, vil den vestlege delen av prosjektet Dagslett–Linnes ikkje inngå i framtidig rv 23. For rv 23 Linnes–kryss E18 ligg dei førebelse kostnadsoverslaga vesentleg over det som er lagt til grunn i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029. I Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn å gjennomføre dette prosjektet i siste seksårsperiode, under føresetnad av at det blir tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging. Prosjektet er vurdert som samfunnsøkonomisk ulønnsamt.

Samferdselsdepartementet går inn for at vidare planlegging og utbygging av rv 23 på strekninga Dagslett–kryss E18 blir gjennomført som eitt samla prosjekt. Dette inneber at det igangsette planarbeidet for rv 23 Linnes–kryss E18 blir utvida til å omfatte heile strekninga frå Dagslett til kryss med E18. Det er viktig at ein i vidare planarbeid får ei grundig utgreiing av alle relevante alternativ. Med ei samla og samanhengande utbygging ligg det til rette for ei meir kostnadseffektiv gjennomføring, med reduserte byggherrekostnader og redusert samla utbyggingstid. I planarbeidet skal det dessutan vurderast kostnadsreduserande tiltak på heile strekninga.

Samferdselsdepartementet vil på eigna måte komme tilbake til Stortinget med eit samla opplegg for utbygging og finansiering av rv 23 på strekninga frå Dagslett til kryss med E18. Vidare vil departementet komme tilbake til Stortinget med forslag til korleis gjelda til bompengeselskapet skal handterast.

3.3 Justering av porteføljen til Nye Veier AS

Utbyggingsporteføljen som Nye Veier AS fekk ved handsaminga av Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei, omfattar m.a. ei strekning på E6 i Hedmark og Oppland frå Kolomoen til Ensby. Frå Ensby og om lag 5 km nordover er det eit strekke med to/trefelts veg med midtdelar og fartsgrense 80 og 90 km/t før ein kjem til Øyer. Prosjektet E6 Øyer–Tretten blei opna i desember 2012 og blei bygd som to/trefelts veg med midtdelar og fartsgrense 90 km/t, som er ein betre standard enn det no er på strekninga frå Ensby til Øyer.

Nye Veier AS har tilrådd at prosjektet E6 Kolomoen–Ensby blir utvida til å omfatte strekninga vidare nordover til Øyer. Ei slik utviding vil etter Nye Veier AS si vurdering gi trafikantane ei meir eins oppleving av ny veg. Nye Veier AS legg til grunn at det skal byggjast ein samanhengande motorveg med fartsgrense 110 km/t heilt fram til Øyer, og at prosjektet vil få ein naturleg overgang til prosjektet Øyer–Tretten. Det er ikkje gjennomført ei samfunnsøkonomisk analyse av prosjektet.

Samferdselsdepartementet meiner det er ei god løysing at Nye Veier AS får ansvaret for å byggje ut heile strekninga fram til Øyer, og på den måten unngå eit standardsprang frå 110 km/t til 80 km/t og så opp til 90 km/t igjen. Strekninga er ikkje omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029. Det ligg fram til no ikkje føre planar om å byggje ut denne strekninga. Departementet meiner det er store fordelar med ein samanhengande standard, og at strekninga vil kunne byggjast ut som ein del av Nye Veier AS sitt prosjekt E6 Moelv–Ensby. Kostnaden for utbygginga vil innarbeidast i ein ny vegutbyggingsavtale for heile strekninga Moelv–Øyer, men vil ikkje føre til auka løyvingar til Nye Veier AS.

Regjeringa legg til grunn at Nye Veier AS si portefølje blir utvida til å gjelde E6 frå Ensby til Øyer i Oppland.

3.4 Bypakke Bergen i Hordaland – tidspunkt for rushtidstakstar

Ved handsaminga av Prop. 11 S (2017–2018) Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland slutta Stortinget seg til føreslått opplegg for finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland, jf. Innst. 90 S (2017–2018).

Som det går fram av Prop. 11 S (2017–2018), skal ordninga med tidsdifferensierte takstar i eksisterande bomstasjonar vidareførast. Men i tabell 6.2 på side 8 i proposisjonen er tidspunktet for når rushtidstakstane skal gjelde på ettermiddagen feil. I tråd med føresetnadene for dei lokalpolitiske vedtaka skal rushtidstakstane på ettermiddagen gjelde frå kl. 14:30 til kl. 16:30, som i dag.

Til toppen
Til forsida av dokumentet