Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 87 S (2017–2018)

Nokre saker om luftfart, veg, særskilde transporttiltak, kyst og post og telekommunikasjonar

Til innhaldsliste

4 Særskilde transporttiltak

4.1 Nye avtalar om leveranse av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes

Avtalen med Hurtigruten AS om kystruta Bergen–Kirkenes gjeld for perioden 2012–2019. Samferdselsdepartementet vil løyse ut ein opsjon om å forlengje avtalen med eitt år. Vederlaget for 2020 vil vere 751,3 mill. 2018-kr (640 mill. 2011-kr).

Samferdselsdepartementet har hausten 2017 og våren 2018 gjennomført ein konkurranse med forhandlingar om å levere sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes. Hurtigruten AS og Havila Holding AS er tildelt avtalar om å levere kystrutetenestene frå 1. januar 2021. Hurtigruten AS skal operere sju skip og Havila Holding AS fire nye skip. Alle skipa vil gå på flytande naturgass (LNG) og vere tilpassa for å ta imot landstraum.

Avtalane skal gjelde for ein periode på ti år, med opsjon om forlenging på eitt år. Dei nye avtalane skal sikre daglege seglingar heile året til 34 hamner på strekninga Bergen–Kirkenes.

Det totale vederlaget for avtalane utgjer 7 880 mill. kr for heile perioden, som svarar til ei årleg betaling på 788 mill. kr.

Til toppen
Til forsida av dokumentet