Prop. 9 L (2016–2017)

Endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn (om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kulturdepartementet legg med dette fram forslag om lov om endringar i lovgivinga om trus- og livssynssamfunn.

Prop. 55 L (2015–2016) Endringer i kirkeloven (omdanning av Den norske kirke til eget rettssubjekt m.m.) vart behandla av Stortinget i mai i år, sjå Innst. 256 L (2015–2016) og lov 27. mai 2016 nr. 17. Lovendringane er sanksjonerte 3. juni 2016 og gjeld frå 1. januar 2017. Frå same tidspunkt vil verksemdene i Den norske kyrkja som i dag er ein del av statsforvaltinga, bli ført over frå staten til det nye rettssubjektet for Den norske kyrkja. Staten sitt finansieringsansvar på området vil vere som før, men finansieringa vil vere i form av eit rammetilskott som Kyrkjemøtet rår over.

Arbeidstakarane som vert ført over frå staten til det nye rettssubjektet for Den norske kyrkja, held fram med medlemskapen i Statens pensjonskasse. Den norske kyrkja må dekke pensjonspremien over eige budsjett. I forslaget til statsbudsjett for 2017 er det innarbeidd eit tilskott til Den norske kyrkja som dekkjer pensjonspremien. Etter forslaget vil dessutan det nye rettssubjektet for Den norske kyrkja få eit tilskott til eigenkapitalen på 100 mill. kroner. Departementet viser til Prop. 1 S (2016–2017) og forslaga under kap. 340 Den norske kirke.

Etter lovgivinga har trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja rett til å krevje eit årleg statstilskott som om lag svarer til det som staten budsjetterer til Den norske kyrkja, rekna per medlem. Departementet meiner at statstilskottet til den delen av pensjonspremien til Den norske kyrkja som er knytt til pensjonsrettar opptente før utskillinga 1. januar 2017, ikkje skal reknast med i utmålinga av statstilskott til andre trus- og livssynssamfunn. Departementet meiner at også tilskottet til eigenkapitalen skal haldast utanom tilskottsgrunnlaget. Ut frå gjeldande lovreglar om tilskott til trus- og livssynssamfunn meiner departementet det kan vere uklårt om det i dag er rettsleg grunnlag for dei nemnte unntaka, og foreslår at lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 19 og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn § 2 vert endra, slik at lovgivinga er presis om unntaka.

Kulturdepartementet legg til grunn at lovforslaga ikkje er i strid med Grunnlova § 16, som stiller krav om økonomisk likebehandling av trus- og livssynssamfunn, eller internasjonale konvensjonar. Dette er i tråd med vurderingar frå Lovavdelinga, som i ei fråsegn 10. juni 2016 har uttalt seg i saka. Fråsegna frå Lovavdelinga er sitert i proposisjonen. Kulturdepartementet viser til denne.