Rapport over rekneskapen per 31. august 2017

For at departementet skal få oversyn over budsjettsituasjonen, både samla og ved den enkelte verksemda, ber vi verksemdene utarbeide rapport over rekne­skapen pr. 31. august 2017 og planlagt forbruk for resten av budsjetterminen 2017 innanfor den disponible budsjettramma på postane 01, 21 og 45.

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagde kopi av skjemaet ”Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2017 –  verksemder under Kulturdepartementet". Merk at det i år er eit eige skjema for Lotteri- og stiftelsestilsynet. På skjemaet er det gitt ei kort orientering om utfyllinga av skjemaet. Skjemaet er også lagt ut på www.regjeringa.no.

Namnet på verksemda og nummeret på det utgiftskapitlet i statsbudsjettet som midlane er løyvde under, må førast opp i skjemaet. Verksemder som disponerer midlar under meir enn eitt utgifts­kapittel, må fylle ut eitt skjema for kvart kapittel.

Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse:

postmottak@kud.dep.no

Rekneskapsrapporten, inkl. det elektroniske skjemaet, skal sendast til verksemda si fagavdeling i Kultur­departementet innan 15. september 2017.

Det elektroniske skjemaet inneheld følgjande tabellar:

tabell 1: Utgifter

tabell 2: Inntekter

Alle rekneskapstala skal rundast av til nærmaste tusen kroner.

Eventuelle spørsmål om rapporteringa må rettast til verksemda si fagavdeling i Kulturdepartementet.

II.Merknad til tabell 1: Utgifter

Den tildelte utgiftsramma i 2017 skal førast opp i kolonne 1, faktiske utgifter pr. 31.08.17 i kolonne 2 og planlagt forbruk 01.09 – 31.12.17 i kolonne 4.

Meirinntekter/mindreinntekter, jf. tabell 2 i det vedlagde reknearket, skal ikkje innarbeidast i den tildelte ramma under kolonne 1. Desse beløpa vil automatisk bli ført over til kolonne 7 i tabell 1 når verksemda fyller ut tabell 2 Inntekter.

I tidlegare års rekneskapsrapportering pr. 31. august har det variert om verksemdene, i prognosen for forventa forbruk for året, sjølve har lagt inn meirutgifter som følgje av lønnsoppgjeret. Sjølv om den budsjettmessige kompensasjonen for lønnsoppgjeret ikkje er innarbeidd i dei tildelte budsjettrammene til verksemdene pr. 31. august, vil vi presisere at dei utgiftene som er kjende, skal vere med i prognosane for totalt forbruk i 2016, jf. kolonne 2. Det vil seie at verksemdene må berekne dei auka utgiftene som følgjer av det sentrale lønnsoppgjeret i staten. Ettersom dei lokale forhandlingane skal gjennomførast etter rapporteringa, skal verken forventa kompensasjon eller forventa auka utgifter som følgje av lokale forhandlingar vere del av rapporteringa. Sjå elles www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/Statlig-arbeidsgiverpolitikk/lonn-og-tariff-i-staten for meir informasjon om lønnsoppgjeret for arbeidstakarar som høyrer inn under det statlege tariffområdet.

Post 01

Den tildelte ramma som skal førast opp under post 01 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar, ubrukt beløp overført frå 2016 og eventuell pålagd innsparing.

Det er høve til å omdisponere inntil 5 pst. av den samla løyvinga på post 01 til post 45 til eingongsinvesteringar. Fullmakta er knytt til det enkelte budsjettkapitlet, og omdis­ponering må godkjennast av departementet. Når fleire verksemder får løyvd midlar over same budsjettkapittel og -post, kan fullmakta berre brukast når det totale forbruket under post 01 viser nødvendig innsparing. Eventuell omdisponering av midlar frå post 01 til investeringar under post 45 må omtalast særskilt. Slik omdisponering skal ikkje inn­arbeidast i den disponible ramma under post 01 i kolonne 1 med mindre omdisponeringa alt er godkjend av departementet.

Post 21

Den tildelte ramma som skal førast opp under post 21 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar og ubrukt beløp overført frå 2016.

Ein føresetnad for oppdragsverksemda er at inntektene fullt ut dekkjer utgiftene. Fører verksemda likevel opp større utgifter enn det inntektene dekkjer, må ein forklare dette særskilt.

Løyvinga under 21-postane under kap. 320 og 323 gjeld ikkje oppdragsverksemd og

føresetnaden ovanfor gjeld derfor ikkje desse løyvingane.

Post 45

Den tildelte ramma som skal førast opp under post 45 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar, ubrukt beløp overført frå 2016 og eventuell pålagt innsparing.

Meirinntekter/mindreinntekter

Bruken av meirinntekter er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verk­semder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det derfor ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrider den budsjettramma som verk­semda har til disposisjon. Uheimla meirforbruk ved ei verksemd inneber at andre verksemder må bruke tilsvarande mindre. Verksemdene treng ikkje å søkje departementet om samtykke til å bruke meirinntekter, jf. tabell 1, kolonne 7.

III.Merknad til tabell 2: Inntekter

Den tildelte inntektsramma skal førast opp i kolonne 1. Vidare skal det førast det opp ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 31.08.17 i kolonne 2 og ein sum for forventa inntekter 01.09 – 31.12.17 i kolonne 3. Med forventa inntekter meiner departe­mentet dei inntektene som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.17.

IV.Kontakt

Ta kontakt med saksbehandlar i fagavdelinga, eller seniorrådgjevar Gry Lytjohan i Administrasjonsavdelinga, dersom de har spørsmål.

Med helsing

Hans-Kristian Rognstad (e.f.)

avdelingsdirektør

                                                                                              Gry Lytjohan

                                                                                              seniorrådgjevar