Rundskriv V-11N/2015 Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2015

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

For at departementet skal få oversyn over budsjettsituasjonen, både samla og ved den enkelte verksemda, ber vi verksemdene utarbeide rapport over rekneskapen pr. 31. august 2015 og planlagt forbruk for resten av budsjetterminen 2015 innanfor den disponible budsjettramma på postane 01, 21 og 45.

I. Rapport over forbruket pr. 31. august 2015 og plan for forbruket vidare

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), ”Rapport over rekneskapen pr. 31. august 2015 -  verksemder under Kulturdepartementet". På skjemaet er det gitt ei kort orientering om utfyllinga av skjemaet. 

Namnet på verksemda og nummeret på det utgiftskapitlet i statsbudsjettet som midlane er løyvde under, må førast opp i skjemaet. Verksemder som disponerer midlar under meir enn eitt utgifts­kapittel, må fylle ut eitt skjema for kvart kapittel.

Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse:

postmottak@kud.dep.no

Rekneskapsrapporten, inkl. det elektroniske skjemaet, skal sendast til verksemda si fagavdeling i Kultur­departementet innan 16. september 2015

Det elektroniske skjemaet inneheld følgjande tabellar:

-          tabell 1: Utgifter

-          tabell 2: Inntekter

Alle rekneskapstala skal rundast av til nærmaste tusen kroner. 

Eventuelle spørsmål om rapporteringa må rettast til verksemda si fagavdeling i Kulturdepartementet.

II. Merknad til tabell 1: Utgifter

Den tildelte budsjettramma i 2015 under postane 01, 21 og 45 skal førast opp i kolonne 1, faktiske utgifter pr. 31.08.2015 i kolonne 2 og planlagt forbruk 01.09 - 31.12.2015 i kolonne 4.

Meirinntekter/mindreinntekter, jf. tabell 2 i det vedlagde reknearket, skal ikkje innarbeidast i den tildelte ramma under kolonne 1. Desse beløpa vil automatisk bli ført over til kolonne 7 i tabell 1 når verksemda fyller ut tabell 2 Inntekter.

I tidlegare års rekneskapsrapportering pr. 31. august har det variert om verksemdene, i prognosen for forventa forbruk for året, sjølve har lagt inn meirutgifter som følgje av lønnsoppgjeret. Sjølv om den budsjettmessige kompensasjonen for lønnsoppgjeret ikkje er innarbeidd i dei tildelte budsjettrammene til verksemdene pr. 31. august, vil vi presisere at dei utgiftene som er kjende, skal vere med i prognosane for totalt forbruk i 2015, jf. kolonne 2. Det vil seie at verksemdene må berekne dei auka utgiftene som følgjer av det sentrale lønnsoppgjeret i staten. Ettersom dei lokale forhandlingane skal gjennomførast etter rapporteringa, skal verken forventa kompensasjon eller forventa auka utgifter som følgje av lokale forhandlingar vere del av rapporteringa. Sjå elles www.regjeringa.no/lonnsoppgjor for meir informasjon om lønnsoppgjeret for arbeidstakarar som høyrer inn under det statlege tariffområdet.

Post 01

Den tildelte ramma som skal førast opp under post 01 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar, ubrukt beløp overført frå 2014 og eventuell pålagd innsparing.

Det er høve til å omdisponere inntil 5 pst. av den samla løyvinga på post 01 til post 45 til eingongsinvesteringar. Fullmakta er knytt til det enkelte budsjettkapitlet, og omdis­ponering må godkjennast av departementet. Når fleire verksemder får løyvd midlar over same budsjettkapittel og -post, kan fullmakta berre brukast når det totale forbruket under post 01 viser nødvendig innsparing.  Eventuell omdisponering av midlar frå post 01 til investeringar under post 45 må omtalast særskilt. Slik omdisponering skal ikkje inn­arbeidast i den disponible ramma under post 01 i kolonne 1 med mindre omdisponeringa alt er godkjend av departementet.

Post 21

Den tildelte ramma som skal førast opp under post 21 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar og ubrukt beløp overført frå 2014.

Ein føresetnad for oppdragsverksemda er at inntektene fullt ut dekkjer utgiftene. Fører verksemda likevel opp større utgifter enn det inntektene dekkjer, må ein forklare dette særskilt. 

Løyvinga under 21-postane under kap. 320 og 324 gjeld ikkje oppdragsverksemd og føresetnaden ovanfor gjeld derfor ikkje desse løyvingane.

Post 45

Den tildelte ramma som skal førast opp under post 45 i kolonne 1, må i tillegg til den ordinære tildelinga også innehalde eventuelle tilleggstildelingar, ubrukt beløp overført frå 2014 og eventuell pålagt innsparing.

Meirinntekter/mindreinntekter

Bruken av meirinntekter er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verk­semder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det derfor ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrider den budsjettramma som verk­semda har til disposisjon. Uheimla meirforbruk ved ei verksemd inneber at andre verksemder må bruke tilsvarande mindre. Verksemdene treng ikkje å søkje departementet om samtykke til å bruke meirinntekter, jf. tabell 1, kolonne 7.

III. Merknad til tabell 2: Inntekter

Den tildelte inntektsramma under inntektspostane 01 og 02 og inntektspost 03 under kap. 3320, inntektspost 02 under kap. 3342, inntektspost 07 under kap. 3339 og inntektspost 73 under kap. 5568 skal førast  opp i kolonne 1. Vidare skal det førast det opp ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 31.08.2015 i kolonne 2 og ein sum for forventa inntekter 01.09. - 31.12.2015 i kolonne 3. Dette gjeld òg refusjonar under inntektspostane 15, 16, 17 og 18. Med forventa inntekter meiner departe­mentet dei inntektene som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2015.