Rettleiar om barn og unge i plan og byggesak

Til innholdsfortegnelse

5 Den særskilde ordninga etter pbl. § 3-3

Etter plan- og bygningslova § 3-3tredje ledd skal kommunestyret sørgje for å etablere ei særskild ordning for å sikre interessene til barn og unge i planlegginga.

Intensjonen bak ordninga er at den som har denne rolla, skal medverke til at interessene til barn og unge blir betre synleggjorde og tekne hand om i all plan- og byggjesaksbehandling etter denne lova. Den som har funksjonen, skal på eit tidleg tidspunkt få innsikt og rett til å uttale seg i dei delane av saksbehandlinga og planlegginga som har følgjer for barn og ungdom.

Departementet foreslår at personen/funksjonen blir omtalt som barn og unges talsperson, barna- og dei unge sin talsperson eller barne- og ungdomsrepresentant, alternativt barnerepresentant (ein er barn til ein er myndig).

Vi omtalar «ordningen» her som barn og unge sin talsperson/barnerepresentant.

5.1 Politisk vedtak ved oppnemning

Kommunen kan sjølv velje om ordninga som blir etablert for å ivareta barn og unges interesser skal vedtakast av dei folkevalde eller delegerast til administrasjonen. I mange kommunar blir den som skal ha stillinga eller stå for ordninga, formelt vald av kommunestyret, og ofte gjeld utpeikinga heile valperioden. I nokre kommunar er utpeikinga delegert til administrativt nivå, for eksempel til verksemdsleiaren/etatsleiaren for skule og oppvekst eller kultur og fritid.

Uavhengig av ordning må kommunen avklare organisatorisk tilknyting.

5.2 Varsel om etablering av ordning

Kommunen skal melde frå til statsforvaltaren med kopi til fylkeskommunen om kven som er utpeikt til å ta hand om denne oppgåva. Det må dokumenterast at kommunen har ei slik ordning, korleis ho er organisert, og korleis ho blir handtert i plan- og byggjeprosessane.

5.3 Kommunedirektørens oppgåver og mynde overfor talspersonen

Kommunelova § 13-1 andre ledd seier dette om forholdet mellom den personen som er sett til å ha ordninga, og kommunedirektørens oppgåver og mynde:

«Kommunedirektøren skal lede den samlete kommunale eller fylkeskommunale administrasjonen, med de unntak som følger av lov, og innenfor de instrukser, retningslinjer eller pålegg kommunestyret eller fylkestinget gir.»

Vidare har også kommunedirektøren etter § 25-1 ansvaret for internkontrollen i kommunen. Dette er mellom anna å sikre at lover og forskrifter blir følgd.

Det vil derfor ikkje vere innanfor styringsretten å instruere vedkommande til ikkje å ta hand om interessene til barn og unge. På den andre sida kan instruksjonsretten nyttast til å sikre at vedkommande faktisk gjer jobben med å ta hand om desse interessene på ein god måte.

5.4 Den særskilde ordninga: møte-, tale- og forslagsrett

I kommunelova § 13-1 femte ledd heiter det at kommunedirektøren har møte- og talerett i alle kommunale eller fylkeskommunale folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet. Kommunedirektøren kan også la ein av sine underordna utøve denne retten på sine vegne. I kommunelova § 11-5 om møteoffentlegheit står det at alle har rett til å vere til stedes i møter i folkevalde organ, så lenge møtet ikkje er lukka etter fråsegnene i § 11-5 andre til femte ledd.

Departementet anbefaler derfor at den som blir utpeika til barn og unges talsperson/barnerepresentanten er tilsett i kommunen sin administrasjon. Personen har då møterett og talerett i desse møta.

Dersom personen som har funksjonen som barn og unge sin talsperson/barnerepresentant ikkje er tilsett i kommunen, anbefaler Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunestyret vedtek at vedkommande får møterett og talerett til desse møta når dei aktuelle sakene skal behandlast og at dette går fram av instruksen.

I følgje kommunelova er det berre dei folkevalde som har forlagsrett i møter for folkevalde. Dei folkevalde kan heller ikkje gi kommunaldirektøren eller ein av dennes underordna, som eksempelvis barn- og unges talsperson, ein rett til formelt å fremje forslag på til vedtak i saker på møta.

Det er slik at det må vere ein av dei folkevalde som formelt må fremje forslag til vedtak i den aktuelle saka. Dette forslaget kan også komme som følge av innspel frå talspersonen eller barnerepresentanten.

Det er kommunen sitt ansvar at barn og unge sin talsperson/barnerepresentanten blir innkalla til desse møta.

5.5 Protokolltilførsel

Dersom barn og unge sin talsperson/barnerepresentanten, meiner at interessene til barn og/eller unge ikkje blir sikra i plan- eller byggjesaksprosessen etter føresegnene i plan- og bygningslova, eller er i strid med Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planlegging, kan kommunen opne for at barnerepresentanten skal kunne gi ei uttale som blir teke med i protokollen frå møtet som protokolltilførsel.

Barn og unge sin talsperson/barnerepresentanten kan altså få rett til å fremje protokolltilførsel, men har som kommunalt oppnemnt ikkje tilgang til å klage over vedtak.

5.6 Instruks for ordninga

Kommunestyret bør utarbeide og vedta ein eigen arbeidsinstruks for den særskilde ordninga om barn og unge sin talsperson/barnerepresentant.

5.7 Kven bør peikast ut som talsperson for barn og unge?

Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår at kommunen peiker ut éin person som tek hand om denne ordninga/rolla/oppgåva. Vidare er det tilrådeleg at den som blir peikt ut, ikkje er politisk vald og sit i planutval eller det organet som behandlar planar og byggjesaker. Det bør også peikast ut ein vararepresentant.

Departementet foreslår at vedkommande blir omtalt som talsperson for barna og dei ungeellerbarne- og ungdomsrepresentant, alternativt barnerepresentant(ein er barn til ein er myndig).

Departementet anbefaler at den som blir talsperson for barna og dei unge, bør ha barnefagleg kompetanse eller erfaring frå arbeid med barn og unge, eller eventuelt rekrutterast frå sektorar som har kunnskap om barn og ungdom. Denne kompetansen skal nyttiggjerast slik at problemstillingar knytt til interessene til barn og unge får merksemd og blir opplyste, og at løysingar blir diskuterte når planar og byggjesaker blir utarbeidde, fremja for og behandla av folkevalde organ.

5.8 Tilrettelegging og opplæring

Kommunen må leggje til rette for at den som har denne funksjonen, får opplæring. Det er nødvendig at den utpeikte blir sett i stand til å forstå plansystemet, får kjennskap til relevant lovverk og kunnskap om plan- og byggjesaksbehandlinga. Det er tilrådd at den utpeikte og etaten med ansvar for kommunal planlegging får høve til å ha eit nært samarbeid.

Vidare bør det etablerast eit apparat for oppfølging, rettleiing og fagleg støtte i kommunen til den som får dette ansvaret. Det er tilrådeleg at ein etablerer ei arbeidsgruppe som fungerer som diskusjonsforum og støtteapparat for denne ordninga. Det bør òg vere eit nært samarbeid mellom den som får denne funksjonen, og koordinatorar for lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak og folkehelse.

Vidare må kommunen leggje til rette slik at vedkommande har ein arbeidssituasjon (stillingsbrøk, kontorplass osv.) som gjer det mogleg å utføre denne funksjonen.

5.9 Moglege løysingar/modellar for ordninga

Under er det presentert nokre modellar for kven som kan peikast ut i denne ordninga som barn- og unge sin talsperson/barnerepresentant. Løysingane/modellane er baserte på allereie etablerte funksjonar med kunnskap om kommunen og lokalmiljøet som vil ha stor meir- og overføringsverdi når det gjeld å sikre interessene til barn og unge i plan- og byggjesaker. Erfaringar tilseier at dette kan vere gode løysingar.

5.9.1 Folkehelsekoordinator

For å sikre eit systematisk folkehelsearbeid i kommunen, herunder innhente informasjon til den pålagde oversikten over folkehelseutmaningane og foreta analyser, jf. § 5 i folkehelselova, samt foreslå og iverksette tiltak, vil det vere behov for kompetanse og resursar. Sjølv om det ikkje er et krav i folkehelseloven har mange kommunar oppretta ein stilling som folkehelsekoordinator. Sjå Helsedirektoratet sin rettleiar om Systematisk folkehelsearbeid,.

Folkehelsekoordinatoren arbeider både med forankring av folkehelsearbeidet i kommunen og med konkrete tiltak, koordinerer, legg til rette og initierer innsats og medverkar til kartlegging av helsetilstanden i befolkninga. Folkehelsekoordinatoren skal drive systematisk og langsiktig samfunnsplanlegging for å betre folkehelsa.

Ein viktig del av jobben som folkehelsekoordinator er å få folkehelsearbeidet forankra i kommunens planlegging både politisk og administrativt.

Gjennom oversiktsarbeidet vil folkehelsekoordinatoren vere kjend med oppvekstvilkåra til barn og unge og i kva grad nærmiljøet har trygge og tilgjengelege aktivitetsfremjande omgivnader, for eksempel om det er mogleg å gå og eller sykle til skule og fritidsaktivitetar.

Dette vil vere nyttig kunnskap for ein som skal sjå til at kommunen sikrar interessene til barn og unge.

5.9.2 Sekretær for barne- og ungdomsråd

Alle kommunar skal ha ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom. Dette medverknadsorganet/ungdomsrådet har behov for administrativ hjelp for at det skal fungere optimalt. Mange kommunar har gitt sekretæroppgåva til ein av dei tilsette. Sekretæren har då som oppgåve å kalle inn til møte, skrive referat og følgje opp barne- og ungdomsrådet på andre måtar.

Denne sekretæren kan vere aktuell til også å sikre interessene til barn og unge i plan- og byggjesaksprosessane. Kombinasjonen har vist seg å vere formålstenleg, sidan sekretæren for desse råda har nær kontakt med barn og unge, veit kva dei er opptekne av når det gjeld oppvekstvilkår, kjenner ønska og behova deira og korleis dei bruker og opplever nærmiljøet. I tillegg får vedkommande også kontakt med kommuneadministrasjonen og dermed brei kompetanse på området barn/unge og medverknad.

5.9.3 Koordinatorar lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT/SaLTo)

Om lag 200 kommunar har etablert stilling som koordinator for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge etter den såkalla SLT-modellen.

SLT står for Samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Modellen er utvikla av Det kriminalitetsførebyggjande rådet (KRÅD).  I Oslo er dette kalla SaLTo.

I dette koordinerande arbeidet handlar det om å skape arenaer der lokale krefter frå ulike sektorar kan utveksle erfaringar, utarbeide felles strategiar og utforme målretta tiltak tilpassa lokale utfordringar. Dei har gjennom nettverket og arbeidsforma si opparbeidd ein verdifull kompetanse om samanhengar mellom den fysiske utforminga av nærmiljøet, om det blir opplevd som trygt, variert, spennande, aktivitetsfremjande for barn og unge, og om det er sosialt inkluderande eller ikkje.

Sentrale partar er skule, barnevern, helse- og sosialetat og politiet. Mange av desse koordinatorane er også utpeikte som barnerepresentantar, sidan dei har kompetanse og innsikt som viser seg å vere svært nyttig i planlegginga.

Ved å ha begge funksjonar kan koordinatorane delta der planar blir presenterte, vurderte og diskuterte, og ha høve til å gi innspel knytte til kriminalitetsførebyggjande aspekt og tiltak.

Til forsiden