Rettleiar om planlegging av fritidsbustader

Rettleiaren gir oversikt over nasjonale føringar og omsyn som er viktige for å sikre ei meir berekraftig lokalisering, utbygging og bruk av fritidsbustader. I tillegg beskriv den korleis omsyna kan inngå i kommunale og regionale planar, med hovudvekt på kommunal planlegging.

Les dokumentet

Målet er at rettleiaren skal bidra til ei meir berekraftig planlegging av fritidsbustader som tek omsyn til lokal verdiskaping, miljø, samfunnstryggleik, beredskap og generelle mål for samfunnsutvikling på ein god måte.

Målgruppe for rettleiaren er kommunar, statlege og regionale styresmakter, i tillegg til planleggjarar, utbyggjarar, organisasjonar og andre som er involverte i planlegging og utbygging av fritidsbustader.

www.planlegging.no finn du rettleiarar om dei ulike plantypane og utvalde fagtema i planlegging.

Rettleiaren erstattar «Veileder om planlegging av fritidsbebyggelse» frå 2005.