Rundskriv F-001-00

Registrering av medlemskap i Den norske kyrkja (12.01.00)

Rundskriv
F-001-00

Saksnr. 00/8 KiA

12.01.2000

Viser til rundskriv F-095-92

Presteskapet

Registrering av medlemskap i Den norske kyrkja

Vi viser til rundskriv F-95-92 som omhandlar registrering av medlemskap i Den norske kyrkja. Av dette rundskrivet går det fram at blankett F-0375 B/N skal nyttast og sendast til Sentralkontoret for folkeregistrering for registrering.

Frå 1. januar 2000 er registreringa overført frå Sentralkontoret for folkeregistrering i Oslo til

Kongsvinger likningskontor og folkeregister
Særregisteret
Postboks 87 Midtbyen
2201 Kongsvinger

Vi ber etter dette om at meldingane blir sendt til den nye adressa.

Med helsing

Thom M. Rafoss e.f.
Avdelingsdirektør

Per-Otto Gullaksen
avdelingsdirektør