Rundskriv F-005-00

Rapportering av rekneskapane 1999 for sokneråda (24.01.00)

Rundskriv
F-005-00

Saksnr. 00/102

24.01.2000

Sjå også rundskriv F-096-96

Kyrkjelege fellesråd
Sokneråd

Rapportering av rekneskapane 1999 for sokneråda

Dei kyrkjelege fellesråda har frå og med rekneskapsåret 1997 rapportert tal frå rekneskapane sine til Statistisk sentralbyrå. Slik rapportering er viktig for å kunne følgje utviklinga i den

lokale kyrkjeøkonomien. For å få eit meir fullstendig oversyn over utviklinga, vil det no òg bli stilt krav om rapportering av tal frå rekneskapane til sokneråda, første gongen for rekneskapsåret 1999, sjå elles rundskriv F-96-96 frå departementet, dagsett 18. november 1996, og § 7 i den budsjett- og rekneskapsforskrifta for fellesråda og sokneråda som var vedlagt rundskrivet.

Kravet om rapportering av tal frå rekneskapane til sokneråda vil no, det første året, ikkje bli stilt til alle sokneråda. I samråd med Statistisk sentralbyrå er det gjort eit utval. Desse sokneråda, i alt 200, vil ha plikt til å rapportere opplysningane innan dei fristar og på det rapporteringsskjemaet som er fastsett av Statistisk sentralbyrå. Dei kyrkjelege fellesråda ved dagleg leiar vil ha til oppgåve å koordinere rapporteringa til Statistisk sentralbyrå. Vi gjer i denne samanhengen merksam på at det av fellesrådet skal sendast inn eit samleskjema for sokneråda. Byrået vil om kort tid i brev til dei kyrkjelege fellesråda orientere nærare om dette.

Departementet vil understreke at det er viktig at den fristen som er fastsett for innsending av opplysningane til Statistisk sentralbyrå, ikkje blir overskriden, og at dei aktuelle opplysningane blir korrekt førte på skjemaet. Røynslene frå rapporteringa no vil vere avgjerande for om alle sokneråda skal ha plikt til å rapportere neste år, dvs. for rekneskapsåret 2000.

Med helsing

Jørn Hagen e.f.
avdelingsdirektør

Ole Bernt Langset
rådgjevar

Kopi:Statistisk Sentralbyrå, Kyrkjerådet, Bispedømmeråda, Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon