Rundskriv F-022-99

Blanketten gravferdsmelding (23.02.99)

Rundskriv F-022-99

Saksnr. 98/216 KiA

23.02.99

Kyrkjelege fellesråd Sokneråd i kommunar med eitt sokn Bispedømmeråda

Blanketten gravferdsmelding

Vedlagt følgjer nytt utarbeidd skjema for gravferdsmelding til kyrkjegarsmyndigheiten. Skjema er laga både på nynorsk og bokmål. Departementet rår til at gravferdsbyråa blir oppmoda om å ta skjemaet i bruk.

Skjema kan ein tinge hos Forvaltningstenesta på telefon 22 24 98 60 eller telefaks 22 24 27 86 eller e-post: ste-bestilling@ft.dep.telemax.no. Vi gjer merksam på at skjemaet også finnast i elektronisk utgåve, og kan hentast ned frå adresse: http://blanketter.ft.dep.no. Vi oppmoder til at ein gjer bruk av den elektroniske utgåva i den grad ein har høve til dette.

I kommunar der det ligg føre avtale om kommunal gravferdsforvalting i samsvar med gravferdslova §23 andre ledd, ber ein om at dette skrivet blir gjort kjent for rette vedkomande.

Med helsing

Thom M. Rafoss e.f.
avdelingsdirektør
Kjell Ivar Moland
underdirektør