Rundskriv N-3/2009 om ny forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv.

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har 3. desember 2009 fastsett forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv.

Samferdselsdepartementet har 3. desember 2009 fastsett forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. Vi viser til høyringsbrev og høyringsnotat om saka av 2. juli 2008.

Forskrifta er gitt med heimel i yrkestransportlova § 35, men er ei oppfølging av diskriminerings- og tilgjengelighetsloven. Sjå omtale i punkt 10.4.4 i Ot.prp. nr. 44 (2007-2008).

Krava til universell utforming vil etter forskrifta gjelda for buss klasse II og III som går i trafikk på basis av ruteløyve som definert i yrkestransportlova § 2. Krava vil også gjelda for bil som utfører transport med særskild løyve for transport for funksjonshemma og for drosje der det er stilt krav om tilpassing for transport av funksjonshemma, jf. yrkestransportforskrifta § 1 e) og f).

Reglane blir sette i verk 1. januar 2010. Krava til universell utforming vil gjelda for motorvogn som ein teiknar kjøpsavtale om etter denne datoen.

Kommentarar til paragrafane

Til § 1 Virkeområdet

Som nemnt er det bussar i klasse II og III, som blir brukte heilt eller delvis innanfor rammene av eit ruteløyve, som blir dekte av krava i §§ 4 og 5. I tillegg skal bil som blir brukt innanfor rammene av løyve for transport for funksjonshemma, jf. yrkestransportforskrifta § 1 e), tilfredsstilla krava i § 6. Forskrifta er lagt opp slik at også bilar som går innanfor rammene av eit ordinært drosjeløyve eller såkalla utvida drosjeløyve, jf. yrkestransportforskrifta § 1 f), må oppfylla krava i § 6, dersom løyvestyresmakta, i utlysninga av løyvet, har stilt vilkår om at motorvogna skal vera tilpassa transport for personar med nedsett funksjonsevne. Løyvestyresmakta er likevel gitt kompetanse til å lempe på krava i tråd med § 8.

Til § 2 Definisjoner

§ 2 stiller opp nokre definisjonar.

Referansen i forskrifta 2 a) til yrkestransportforskrifta § 1 e) og f) understrekar at ”bil for transport av funksjonshemmede” omfattar bil utstyrt med særskild løyve for transport av funksjonshemma, jf. yrkestransportforskrifta § 1 e) og bil som går innanfor rammene av eit ordinært drosjeløyve, medrekna såkalla utvida drosjeløyve, jf. yrkestransportforskrifta § 1 f).  For drosjeløyve vil dette - som i dag - berre gjelda i dei einskilde tilfella der løyvestyresmakta har stilt krav om motorvogna skal vere tilpassa personar med nedsett funksjonsevne. Slike vilkår vil gå fram som vilkår ved utlysing av det aktuelle drosjeløyvet.

Til § 3 Godkjenning

Paragrafen oppstiller godkjenningsordningar som følgjer vanleg rutine hos trafikkstasjonen. Det vil gå fram av vognkortet om bussen eller bilen oppfyller krava etter denne forskrifta.

Til § 4 Krav til buss klasse II og III

Paragrafen omhandlar krav til tekniske innretningar for buss klasse II og III. Krava går fram av vedlegg VII i direktiv 2001/85/EF som det blir vist direkte til i det første leddet i paragrafen. Departementet har valt å vise til krava i vedlegg VII i direktiv 2001/85/EF i staden for å lista opp desse direkte i forskrifta § 4. Dette inneber at informasjonen om krava er noko vanskelegare tilgjengeleg, men er gjort slik for å få ei oversiktleg og enkel utforming av føresegna. Vedlegg VII til direktiv 2001/85/EF er vedlagt.

I tillegg til krava som går fram av vedlegg VII skal bussane ha automatisk haldeplassannonsering med tale og elektronisk tavle inne i bussen. Den elektroniske tavla skal plasserast slik at den kan sjåast tydeleg frå reservert plass. Det er vidare krav om ein rullestolplass i kvar buss.

I forhold til høyringsforslaget av 2. juli 2008 er det også teke inn eit krav til utvendig lydfyr. Lydfyr er eit utvendig utroparanlegg som annonserer kva buss det er som kjem til haldeplassen.

Løyvestyresmakta kan etter § 8 gjere unntak frå nokre av krava i § 4.

Til § 5 Ytterligare krav til buss klasse II og III

Paragrafen gir løyvestyresmakta høve til å stilla strengare krav ved tildeling av ruteløyve ved konkurranse enn det som går fram av forskrifta.

Til § 6 Spesielle krav til bil for transport for funksjonshemma

Paragrafen inneheld tekniske krav til bil for transport for personar med nedsett funksjonsevne. Krava går fram av direktiv 2001/85/EF og er dei same som for buss i klasse II og III så langt dei passar.

Paragrafen slår fast at bil for transport for personar med nedsett funksjonsevne skal ha minst ein rullestolplass. Dette gjeld både for bil som køyrer innanfor rammene av eit særskilt løyve for transport for funksjonshemma, jf. yrkestransportforskrifta § 1 e) og bil som blir nytta på drosjeløyve der det er stilt særskild krav om tilpassa materiell for transport for personar med nedsett funksjonsevne, jf. yrkestransportforskrifta § 1 f). Det er lagt opp til at løyvestyresmakta kan fastsetja om talet rullestolplassar i dei einskilde tilfella skal vere høgare. Men ein rullestolplass er eit absolutt minstekrav som det ikkje kan gjerast unntak frå.

Løyvestyresmakta kan etter § 8 gjere unntak frå nokre av krava i § 6.

Til § 7 Kontroll

Det er nødvendig å ha ein effektiv kontrollheimel for å sørgja for at utstyret kan brukast som føresett. Departementet meiner det er tilstrekkeleg å visa til yrkestransportlova § 40 og 41.

Kontrollørane vil i ein utekontroll sjå på ein buss om han går i rute, og dermed er omfatta av reglane i denne forskrifta.

Til § 8 Unntak

Det 1. leddet i paragrafen gir løyvestyresmakta høve til i det enkelte tilfellet å gjera unntak frå eit eller fleire av krava i § 4 som gjeld krava til buss i klasse II og III. Det er likevel oppstilt nokre krav det ikkje kan gjerast unntak frå. Dette gjeld bl.a. innfesting av rullestol, bilbelte o.a.

Tilsvarande unntaksparagraf går fram i 2. ledd der løyvestyresmakta i det enkelte tilfellet kan gjera unntak frå eit eller fleire av krava i § 6 som omhandlar spesielle krav til bil for transport for personar med nedsett funksjonsevne.

Når løyvestyresmakta gjer unntak etter § 8, må unntaka gå fram av løyvedokumentet eller anna dokument utferda av løyvestyresmakta, slik at det kan visast fram ved kontroll.

Til § 9 Iverksetjing og overgangsføresegner

Forskrifta blir sett i verk frå 1. januar 2010 og krava skal gjelda for motorvogn der ein teiknar kjøpsavtale etter 1. januar 2010. Ved tilpassing av noverande materiell er det høve til å godkjenna endringane som omtalt i forskrifta § 9, jf. § 3.

Frå same dag blir forskrift om løyvepliktig transport av funksjonshemmede – tekniske krav til bil, oppheva. Kjøretøy som er godkjent etter den gamle forskrifta vil framleis vere godkjent etter den nye.

For motorvogn der kjøpsavtale er teikna før 1. januar 2010 men som er registrert etter denne dato, må ein ved kontroll framvise bekrefta kopi av attestert kjøpsavtale for å godtgjere på kva tidspunkt kjøpsavtale er teikna.

Med helsing

Arnfinn Øen e.f.    -     Karl Rikard Løvhaug

Vedlegg:

• Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv.
• Vedlegg VII i direktiv 2001/85/EF – krav til tekniske innretninger som gir bevegelseshemmede passasjerer bedre atkomst