Rundskriv N-4/2009

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Garantisum for perioden 2010 til 2014 - Oppheving av rundskriv N-4/2004

Etter yrkestransportforskrifta § 7, første ledd, skal kroneverdien av euro som gjeld for garantisum for løyve fastsetjast kvart femte år. Søkjar av løyve skal stille garanti på 9000 euro for det første løyvet og 5000 euro for løyver ut over dette. OPPHEVET AV RUNDSKRIV N-2/2014

OPPHEVET AV RUNDSKRIV N-2/2014

Etter yrkestransportforskrifta § 7, første ledd, skal kroneverdien av euro som gjeld for garantisum for løyve fastsetjast kvart femte år.

Søkjar av løyve skal stille garanti på 9000 euro for det første løyvet og 5000 euro for løyver ut over dette.

Kursen på 1 euro kunngjort i Tidende frå Den europeiske unionen (Official Journal of the European Union nr. 2009/C 237/4) per 1. oktober 2009 er 8,4455 kr.

I perioden frå 1. januar 2010 til 31. desember 2014 er garantisummen etter avrunding sett til 77 000 kr for det første løyvet og 43 000 kr for dei påføljande løyver i kvar løyvekategori.

Det skal ikkje gjerast endringar i eksisterande garantiar.

Rundskriv N-4/2004 blir oppheva.


Med helsing


Arnfinn Øen e.f.    -    Karl Rikard Løvhaug

Rundskriv N-4/2009  (pdf)