Historisk arkiv

Rundskriv V-001/2021 Budsjettskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2022 og statistikkskjema for 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2022 og statistikkskjema for2020.

Budsjettskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2022 og statistikkskjema for 2020

1. Innleiing

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2022 og statistikkskjema for 2020.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no. Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i innboksen åt institusjonen i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2021.

Det at Kulturdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn inneber at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logga inn. Dette er den same ID-en som du nyttar når du til dømes leverer sjølvmeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID kan du lesa om korleis du skaffar deg slik ID på denne sida på ID-porten hjå Difi. 

For å få tilgang til årets budsjett- og statistikkskjema må den, eller dei, som skal fylla ut på vegner av verksemda, fyrst logga seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i den vedlagde rettleiinga.

På fyrste sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst og korleis ein under vegs i arbeidet kan sjå ein PDFversjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar. Vi oppmodar om å lesa informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstarne nøye, og å byrja arbeidet med søknaden i god tid. 

Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med portalhjelpa til Altinn.

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Norsk kulturråd som har ansvaret for søkarrettleiing til musea:
E-post: veiledning.budsjettsoknad@kulturradet.no – tlf. 932 28 171
E-post: veiledning.statistikkskjema@kulturradet.no – tlf. 452 37 083

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalda:

  • revidert rekneskap for 2020 
  • arbeidsbudsjett 2021 
  • statusrapport om økonomisk utvikling 
  • vurdering av måloppnåing i 2020 
  • mål og prioriteringar for 2022 
  • museumsstatistikk for 2020

Institusjonane skal rapportera i dei aktuelle felta om korleis covid-19-situasjonen har verka inn på drifta i den einskilde institusjonen både med omsyn til økonomiske konsekvensar og måloppnåing. Rettleiing om dette blir gitt i punkta nedanfor.

2.1 Revidert rekneskap for 2020

Rekneskapen inkludert balansen må innehalda alle utgiftene og inntektene som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vera revidert. Større avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2020 skal kommenterast. Eventuelt budsjettavvik som følgje av covid-19 skal kommenterast i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse". Tilskotsmottakarane må forklara grunnane til eit eventuelt negativt årsresultat og opplysa om korleis dette vert dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital. 

Tilskotsmottakarar som har fått omframt eingongstilskot i 2020 i samband med covid-19 eller anna eingongstilskot, skal rapportera desse midlane som "anna offentleg tilskot frå Kulturdepartementet" i webskjemaet.

2.2 Arbeidsbudsjett for 2021

Tilskotsmottakar må arbeida ut arbeidsbudsjett for 2021 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalda alle utgiftene og inntektene som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret. Eventuelle kommentarar om arbeidsbudsjettet knytte til covid-19-situasjonen skal leggjast inn i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse". 

2.3 Statusrapport om økonomisk utvikling

Statusrapporten skal vera ein presentasjon av dei viktigaste sidene ved den økonomiske situasjon åt tilskotsmottakaren. Rapporten skal òg gjera greie for andre sentrale problemstillingar for institusjonen, og omtala tiltak for å tryggja god ressursutnytting.
Rapporten skal gjere greie for problemstillingar som gjeld covid-19-situasjonen.

2.4 Vurdering av måloppnåing

Merk at tilskotsmottakar skal gje ei vurdering av måloppnåing i samsvar med dei overordna måla for løyvingane til museum (fornying, formidling, forvaltning og forsking) og dei måla som vart omtalte i budsjettsøknaden for 2020. Altinn-skjemaet er på førehand fylt ut med dei måla som tilskotsmottakar skreiv inn i søknaden for 2020. 

Tilskuddsmottakar må dessutan rapportera i tråd med andre krav og føresetnader for statstilskotet, jf. tilskotsbrevet for 2020.

Kulturinstitusjonar har vore, og er, hardt råka av smitteverntiltaka under covid-19 pandemien. Nedgang i aktivitet og publikumsbesøk og reduksjon i eigeninntekter har verka inn på det handlingsrommet institusjonane har for å medverka til å nå sektorpolitiske mål. Dette gjeld særleg måla knytte til formidlingsaktivitet og evnen til å gjennomføra aktivitetar og arrangement. I rapporten skal institusjonane gjere greie for kva utfordringar som har oppstått som følgje av covid-19, og orientere om kva alternative former for drift og publikumsretta
aktivitet som er gjennomført, eller som institusjonen planlegg å gjennomføre.

Musea har eit breitt spekter av kjerneoppgåver utover publikumsretta aktivitet. Mange av desse oppgåvene har det vore råd å arbeida med trass i smittevernavgrensingar. I rapporten skal musea synleggjera korleis det har vore arbeidd med desse oppgåvene under covid-19.

2.5 Mål og prioriteringar for 2022

Tilskotsmottakarane må i søknaden for 2022 opplysa om måla for verksemda.
Tilskotsmottakarane skal sjølve definera måla for verksemda innanfor dei overordna måla for løyvingane til museum (fornying, formidling, forvaltning og forsking). Måla må formulerast slik at det i ettertid er råd å måla og vurdera om dei er nådde. Planlagd drift i søknadsåret skal ta utgangspunkt i uendra driftstilskot.

Tilskotsmottakar skal omtala strategiar og langsiktige planar for dei neste tre åra. Det skal gå tydeleg fram av omtalen kva som er strategiane og planane for tilskotsmottakaren i ein situasjon der statstilskotet vert vidareført på same nivå som i dag.

Talbudsjettet for 2022 må innehalda alle utgiftene og inntektene institusjonen reknar med å få. Inntekter og utgifter må balansera. Tilskot frå andre enn Kulturdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skulesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Søknaden kan innehalda maksimalt tri nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Framlegg til slike tiltak krev særskild grunngjeving med plan for finansiering. Eventuelle framlegg må innehalda ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakaren vurdera om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til rådvelde, og kva konsekvensane av dette vil vera. Eventuelle framlegg om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefylgje.

2.6 Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal fylla ut skjemaet for museumsstatistikk for 2020. Det er lagt inn nye felt i statistikkskjemaet knytte til digital formidling og immateriell kulturarv.

3. Frist i 2021

Frist for å levera søknaden er 1. mars 2021 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeida med og gjera endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det vert ikkje gjeve utsetjing. Søknader som vert sende inn etter fristen vil verta automatisk
avviste. 

Fylgjande dokument skal leverast innan fristen:

  1. Budsjettsøknad for 2022 og museumsstatistikk for 2020. 
  2. Revidert rekneskap og revisormelding for 2020. Årsmeldinga frå styret skal berre
    leverast av store føretak.

    Den 15. desember 2017 vedtok Stortinget endringar i rekneskapslova som inneber at kravet til årsmelding for små føretak er oppheva. I tillegg til rapporteringa i nettportalen, skal tilskotsmottakarar som er definerte som små føretak etter krava i rekneskapslova, berre levera revidert rekneskap for 2020 med revisormelding til departementet. Store føretak skal, som før, levera årsmeldinga frå styret saman med revidert rekneskap for 2020 og revisormelding. Dokumenta skal vera signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no.

  3. Skjema for pensjonsskyldnader (gjeld dei musea som etter rekneskapslova er store verksemder). I samband med innsending av budsjettsøknad 2022 og rekneskap for 2020 vert dei aktuelle institusjonane bedne om å fylla ut skjema for pensjonsskylnader, jf. tilskotsbrev frå Kulturdepartementet. Skjemaet skal sendast til postmottak@kud.dep.no.


Med helsing


Stein Sægrov (e.f.)
avdelingsdirektør

Natalia Ryan
seniorrådgjevar

Vedlegg:
- Rettleiing for utfylling av budsjett- og statistikkskjema (.pdf)
- Vanlege spørsmål om søknadsprosess og Altinn (.pdf)

Kopi:
Norsk kulturråd