Rundskriv V-16N 2008

Utnemning av biskop i Bjørgvin

Til prestar, vigsla diakonar, kateketar og kantorar i offentleg kyrkjeleg stilling i Bjørgvin bispedømme, prostane i dei andre bispedømma, rektorane ved dei praktisk-teologiske seminara og teologiske professorar som er medlem av Den norske kyrkja

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-16N/2008

2008/01210 KiA AEL

18.06.2008

 

Utnemning av biskop i Bjørgvin

I samband med at det skal utnemnast ny biskop i Bjørgvin bispedømme, oppmodar vi Dykk om å gi stemme til dei tre personane som De reknar for mest skikka til å bli utnemnt, i prioritert rekkjefølgje. Bjørgvin bispedømmeråd har i møte 10. juni 2008 nominert desse kandidatane:

Sokneprest Ivar Braut

Domprost Ørnulf Elseth

Rektor Halvor Nordhaug

Generalsekretær Kjell Bertel Nyland

Bymisjonsprest Kari Veiteberg

Kandidatane er nemnde i alfabetisk orden. Vita deira følgjer vedlagt. Bispedømme-rådets forslag er ikkje bindande for dei som har røysterett. Det er også høve til å røyste på biskopar i embete.

Send stemmen Dykkar som vanleg brev direkte til Kultur- og kyrkjedepartementet, Postboks 8030 Dep., 0030 Oslo så tidleg at den kan vere i departementet innan 15. oktober 2008. Brevet vil ikkje vera offentleg tilgjengeleg.

 

Med helsing

 

Thom M. Rafoss e.f.
fung. ekspedisjonssjef

Anne-Lise Brodtkorb
avdelingsdirektør

Vedlegg:

Om sokneprest Ivar Braut (i pdf-format)

Om domprost Ørnulf Elseth (i pdf-format)

Om rektor Halvor Nordhaug (i pdf-format)

Om generalsekretær Kjell Bertel Nyland (i pdf-format)

Om bymisjonsprest Kari Veiteberg (i pdf-format)