Rundskriv V-1N/2004

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Budsjettrundskriv for 2005 (14.01.2004)

Til
statlege verksemder under Kultur- og
kyrkjedepartementet utanom Kulturavdelinga

Nr.

Vår ref

Dato

V-1N/2004

2003/3906 AØ/Ø EAn

14.01.2004

Budsjettrundskriv for 2005

1. Innleiing

1.1 Generelt

Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettframlegget for 2005, både når det gjeld innhald og utforming.

Som verksemdene er kjende med, er det fastsett nytt regelverk for økonomistyring i staten. Det nye regelverket inne­ber at mål- og resultatstyringa skal vidareførast. Verksemdene må derfor utarbeide budsjett­framlegg som er utforma slik at det gir departementet det nødvendige grunnlaget for å kunne gjennom­føre ein budsjettprosess som ivaretek omsynet til resultatstyring. Utarbeidinga av budsjettframlegget må derfor følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettframlegget for 2005.

1.2 Frist

Fristen for innsending av samla budsjettframlegg for 2005 til Kultur- og kyrkje­departementet er 1. mars 2004.

Budsjettframlegget for 2005 skal sendast inn i eitt eksemplar. Budsjettframlegget må også sendast inn på e-post til følgjande adresse: postmottak@kkd.dep.no

2. Budsjettframlegget for 2005

Utarbeidinga av budsjettframlegget for 2005 må ta utgangspunkt i den tildelte budsjettramma for 2004 og rekneskapen for 2003. Det er viktig at budsjettframlegget er kortfatta og poengtert, og at følgjande går klart fram innleiingsvis:

  • eventuelle nye tiltak med behov for auka midlar
  • eventuelt behov for budsjettauke for å vidareføre eksisterande verksemd
  • spesielle tilhøve som krev ekstraordinære eingongsmidlar.

Verksemder som forvaltar tilskottsordningar, må også innarbeide omtale av dei aktuelle tilskottsordningane i budsjettframlegget.

Budsjettframlegget for 2005 skal innehalde følgjande:

2.1 Mål for verksemda

Dette punktet gjeld ikkje dei statlege verksemdene under Kyrkjeavdelinga. Departementet får den informasjonen som er nødvendig for formulering av mål for desse verksemdene via Kyrkjerådet og styringssamtaler med verksemdene.

Departementet ber om at verksemdene innarbeider forslag til overordna mål og resultatmål i budsjettframlegget for 2005. Verksemdenes forslag til formulering av mål vil m.a. utgjere eit viktig grunnlag for departementets formulering av mål i tildelingsbrevet for 2005.

Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten i verksemda, og vere i samsvar med dei rammene som er trekte opp for verksemda i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument o.l.

Forslag til dei resultatmåla som verksemda tek sikte på å nå i 2005, må formulerast så konkret som råd. Det er tenleg at resultatmåla blir avgrensa til hovudsatsingsområda for verksemda. Det er vidare viktig at resultatmåla blir formulerte slik at det i ettertid er mogeleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for verksemda.

I tilknyting til resultatmåla må det utarbeidast resultatindikatorar som kan angi graden av måloppnåing.

Verksemdene må gjere særskilt greie for resultatmål som krev auka budsjettrammer i 2005-budsjettet. Ein må grunngi kvifor resultatmålet krev nye ressursar, og oppgi kor stort behovet for auka ressursar er.

Resultatmål som krev nye ressursar, vil i mange tilfelle henge saman med nye tiltak. Resultatmål og nye tiltak må derfor koplast nært saman i budsjettframlegget og nye tiltak skal omtalast spesielt, jf. pkt. 2.3.

2.2 Omtale av bemanning og organisatoriske stillingsframlegg

Verksemdene må leggje ved ei utrekning over dei samla lønnsutgiftene til alle fast tilsette spesifisert på lønnstrinn, lønnsbeløp og talet på årsverk på det enkelte lønnstrinnet. Lønnsutgiftene skal førast opp på grunnlag av dei regulativsatsane som gjeld pr. 01.01.2004.

Verksemdene må omtale den samla bemanningssituasjonen og om det er lagt opp til auke/reduksjon i talet på årsverk i 2005. Dersom det blir fremma forslag om tiltak som det trengst nye årsverk for å få gjennomført, må slike årsverk omtalast særskilt. Det må gå fram av omtalen kva den enkelte stillinga skal nyttast til.

Dersom det blir gjort framlegg om omgjering/oppretting av stilling på leiarnivå, som inneber organisatoriske endringar, må det i tillegg til omtale av framlegget også utarbeidast organisasjonskart (eige vedlegg) som viser organiseringa av verksemda medrekna dei nye stillingane.

2.3 Budsjettframlegg med talbudsjett for 2005

2.3.1 Omtale av budsjettframlegget

Verksemdene må innleiingvis gi eit kort samandrag av hovudlinjene i budsjett­framlegget for 2005 og endringar i forhold til 2004.

Verksemdene må gjere greie for korleis planlagte endringar og eventuelle nye tiltak i 2005 vil endre ressursbehovet i høve til 2004-budsjettet. Eventuelle forslag til endringar og nye tiltak må derfor omtalast særskilt, og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar, nye stillingar) både i 2005 og 2006.

Endringar/nye tiltak som treng nye ressursar i 2005, skal førast opp med kostnads­overslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje, jf. tabell 4 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet.

I tilknyting til omtalen av budsjettforslaget for 2005 må det også givast ein omtale av verksemdas planar for 2006-2007. Omtalen skal vere kortfatta.

2.3.2 Utarbeiding av talbudsjettet

Talbudsjettet for 2005 skal utarbeidast etter statens kontoplan, jf. tabell 2 og 3 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet. Talbudsjettet skal førast opp med tre kolonner:

-

rekneskap 2003

-

løyving 2004

-

framlegg 2005

Alle kronebeløp skal rundast av til nærmaste tusen kroner, også rekneskapstal.

Budsjettframlegget for 2005 må byggje på ein detaljert disposisjonsplan for
2004-budsjettet. Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ”Budsjett 2005, rekneskap 2003 m.m. – statlege verksemder under Kultur- og kyrkje­departementet". På side 1 i skjemaet er det opplyst kvar på Internett skjemaet kan hentast opp og det er gitt ei kort orientering om utfylling av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse: postmottak@kkd.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg leggjast ved budsjettframlegget for 2005.

Tabellane 1-4 i det elektroniske skjemaet skal fyllast ut:

-

tabell 1:

Administrasjon

-

tabell 2:

Budsjettframlegg for 2005 - utgifter

Lønnsutgiftene for 2005 skal budsjetterast med "nettolønn", jf. Finans­departementets rundskriv R-101/2003, pkt. 2.5.3 Pensjonsinnskudd, og ut frå lønnsnivået pr. 01.01.2004.

Driftsutgiftene under underpost 01-2 Varer og tenester skal utarbeidast i 2004-kroner.

Oppdragsutgiftene under utgiftspost 21 og oppdragsinntektene under inntektspost 02 skal balansere.

Kommentarane til post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald må omtale:

- disponering av løyvinga i 2003 og evt. overført ubrukt løyving frå 2002

- planlagt disponering i 2004

- behov for 2005

-

tabell 3:

Budsjettframlegg for 2005 - inntekter

Aktuelle inntektspostar må fyllast ut, også rekneskapstal for 2003, og kommenterast. Oppdragsinntektene under inntektspost 02 må byggje på eit realistisk overslag over det omfanget verksemda reknar med at oppdrags­aktiviteten vil få i 2005.

-

tabell 4:

Oppsummering av budsjettframlegget for 2005 - tiltak som krev auka løyving

Tabellane 5-9 gjeld berre verksemder under Kulturavdelinga.

Alle beløp som blir førte opp i talbudsjettet for 2005 skal kommenterast/grunngivast nærmare.

Verksemder som forvaltar tilskottsordningar må også føre opp beløp for dei aktuelle tilskottsordningane i tabell 2.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef

Einar Andersen
seniorrådgjevar

Vedlegg:

Budsjett 2005, rekneskap 2003 m.m. – Statlege verksemder under Kultur- og kyrkjedepartementet