Rundskriv V-1N/2005

Budsjettrundskriv for 2006

Til
statlege verksemder
under Kultur-og kyrkjedepartementet

Nr.
V-1N/2005

Vår ref:
2004/4475AØ/Ø EAn

Dato:
20.12.2004

Budsjettrundskriv for 2006

1. Innleiing

1.1 Generelt

Budsjett­rundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjett­framlegget for 2006, både når det gjeld innhald og utforming.

Mål- og resultatstyringa skal vidareførast på same måten som i 2005. Verksemdene må derfor utarbeide budsjett­framlegg som er utforma slik at det gir departementet det nødvendige grunnlaget for å kunne gjennom­føre ein budsjettprosess som ivaretek omsynet til resultatstyring. Utarbeidinga av budsjettframlegget må derfor følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettframlegget for 2006.

1.2 Frist

Fristen for innsending av samla budsjettframlegg for 2006 til Kultur- og kyrkje­departementet er 1. mars 2005.

Budsjettframlegget for 2006 inkl. elektronisk rekneark, jf. pkt. 2.3.3 nedanfor, skal sendast inn i eitt eksemplar og på e-post til følgjande adresse:

postmottak@kkd.dep.no

2. Budsjettframlegget for 2006

Utarbeidinga av budsjettframlegget for 2006 må ta utgangspunkt i den tildelte budsjettramma for 2005 og rekneskapen for 2004. Det er viktig at budsjettframlegget er kortfatta og poengtert, og at følgjande går klart fram innleiingsvis:

eventuelle nye tiltak med behov for auka midlar

eventuelt behov for budsjettauke for å vidareføre eksisterande verksemd

spesielle tilhøve som krev ekstraordinære eingongsmidlar.

Til verksemdene under Kulturavdelinga gjer vi særskilt merksam på at vurderingane og prioriteringane i departementet i samband med utarbeidinga av budsjettframlegget for 2006 vil vere tiltak som er gitt høg prioritet i St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 og Innst. S. nr. 155 (2003-2004).

Verksemder som forvaltar tilskottsordningar, må også innarbeide omtale av dei aktuelle tilskottsordningane i budsjettframlegget.

Budsjettframlegget for 2006 skal innehalde følgjande:

2.1 Mål for verksemda

Dette punktet gjeld ikkje dei statlege verksemdene under Kyrkjeavdelinga. Departementet får den informasjonen som er nødvendig for formulering av mål for desse verksemdene via Kyrkjerådet og styringssamtaler med verksemdene.

Departementet ber om at verksemdene innarbeider forslag til overordna mål og resultatmål i budsjettframlegget for 2006.

Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten i verksemda, og vere i samsvar med dei rammene som er trekte opp for verksemda i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument o.l.

Forslag til dei resultatmåla som verksemda tek sikte på å nå i 2006, må formulerast så konkret som råd. Det er tenleg at resultatmåla blir avgrensa til hovud­satsingsområda for verksemda. Det er vidare viktig at resultatmåla blir formulerte slik at det i ettertid er mogeleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for verksemda.

I tilknyting til resultatmåla må det utarbeidast resultatindikatorar som kan angi graden av måloppnåing.

2.2 Omtale av bemanning og organisatoriske stillingsframlegg

Verksemdene må leggje ved ei utrekning over dei samla lønnsutgiftene til alle fast tilsette spesifisert på stillingskategoriar, lønnstrinn, lønnsbeløp og talet på årsverk på det enkelte lønnstrinnet. Lønnsutgiftene skal førast opp på grunnlag av dei regulativ­satsane som gjeld pr. 01.01.2005.

Verksemdene må omtale den samla bemanningssituasjonen og om det er lagt opp til auke/reduksjon i talet på årsverk i 2006. Dersom det blir fremma forslag om tiltak som det trengst nye årsverk for å få gjennomført, må slike årsverk omtalast særskilt. Det må gå fram av omtalen kva den enkelte stillinga skal nyttast til.

Dersom det blir gjort framlegg om omgjering/oppretting av stilling på leiarnivå, som inneber organisatoriske endringar, må det i tillegg til omtale av framlegget også utarbeidast organisasjonskart (eige vedlegg) som viser organiseringa av verksemda medrekna dei nye stillingane.

2.3 Budsjettframlegg med talbudsjett for 2006

2.3.1 Omtale av budsjettframlegget

Verksemdene må innleiingvis gi eit kort samandrag av hovudlinjene i budsjett­framlegget for 2006 og endringar i forhold til 2005.

Verksemdene må gjere greie for korleis planlagte endringar og eventuelle nye tiltak i 2006 vil endre ressursbehovet i høve til 2005-budsjettet. Eventuelle forslag til endringar og nye tiltak må derfor omtalast særskilt, og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar, nye stillingar) både i 2006 og 2007.

Endringar/nye tiltak som treng nye ressursar i 2006, skal førast opp med kostnads­overslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje, jf. tabell 4 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet.

I tilknyting til omtalen av budsjettforslaget for 2006 må det også givast ein omtale av verksemdas planar for 2007-2008. Omtalen skal vere kortfatta.

2.3.2 Nettoordning for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift

Vi viser til tidlegare orientering om innføring av nettoordning for budsjettering og rekneskapføring av meirverdiavgift frå 2006, jf. Kultur- og kyrkjedepartementets brev av 19.05.2005 og Finans­departementets rundskriv R-102/2004.

Ordninga inneber at utgifter til kjøp av varer og tenester under postane 01-29 og 30-49 skal budsjettarast og rekneskapsførast utan meirverdiavgift. Meirverdiavgiften skal budsjettarast og regneskapsførast under eit særskilt budsjettkapittel, men dette er førebels ikkje endelig klarlagt frå Finansdepartementets side. Meirverdiavgift for transporttenester, som vart innført 1. mars 2004 er unntatt frå ordninga. Det same gjeld omsetjing som er avgiftspliktig etter meirverdiavgiftslovas § 11.

Utgiftene under postane 01-29 og 30-49 skal førast opp ekskl. meirverdiavgift. Meirverdiavgift knytta til desse postane skal førast opp på eigen linje i kolonna for ”Framlegg 2006” i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet. Tilsvarande skal oppdragsinntektene under inntektspost 02 førast opp ekskl. den delen av inntektene som skal dekkje utgifter til meirverdiavgift under utgiftspost 21. Den delen av inntektene som skal dekkje meirverdiavgift skal førast opp på eigen linje i kolonna for ”Framlegg 2006” i det elektroniske skjemaet. Verksemda må vidare leggje ved rapport over betalt meirverdiavgift i 2003 fordelt på dei enkelte budsjettpostane, jf. pkt. 4 i Finansdepartementets rundskriv R-102/2004.

2.3.3 Utarbeiding av talbudsjettet på elektronisk rekneark

Talbudsjettet for 2006 skal utarbeidast etter statens kontoplan, jf. tabell 2 og 3 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet. Talbudsjettet skal førast opp med tre kolonner:

-

rekneskap 2004

-

løyving 2005

-

framlegg 2006

Alle kronebeløp skal rundast av til nærmaste tusen kroner, også rekneskapstal.

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ”Budsjett 2006, rekneskap 2004 m.m. – statlege verksemder under Kultur- og kyrkje­departementet". På side 1 i skjemaet er det opplyst kvar på Internett skjemaet kan hentast opp og det er gitt ei kort orientering om utfylling av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse:

postmottak@kkd.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg leggjast ved budsjettframlegget for 2006.

Følgjande tabellar i det elektroniske skjemaet skal fyllast ut:

-

tabell 1:

Administrasjon

-

tabell 2:

Budsjettframlegg for 2006 - utgifter

Lønnsutgiftene for 2006 skal budsjetterast med "nettolønn", jf. Finans­departementets rundskriv R-101/2004, pkt. 2.5.3 Pensjonsinnskudd, og ut frå lønnsnivået pr. 01.01.2005.

Driftsutgiftene under underpost 01-2 Varer og tenester skal utarbeidast i 2005-kroner.

Oppdragsutgiftene under utgiftspost 21 og oppdragsinntektene under inntektspost 02 skal balansere.

Kommentarane til post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald må omtale:

- disponering av løyvinga i 2004 og evt. overført ubrukt løyving frå 2002

- planlagt disponering i 2005

- behov for 2006

-

tabell 3:

Budsjettframlegg for 2006 - inntekter

Aktuelle inntektspostar må fyllast ut, også rekneskapstal for 2004, og kommenterast. Oppdragsinntektene under inntektspost 02 må byggje på eit realistisk overslag over det omfanget verksemda reknar med at oppdrags­aktiviteten vil få i 2006.

-

tabell 4:

Oppsummering av budsjettframlegget for 2006 - tiltak som krev auka løyving

-

tabell 5:

Spesifikasjon av leigeareal og husleigeutgifter ( gjeld berre verksemder underKulturavdelinga)

Alle leigeavtalar, både i statlege bygg og i bygg som er leigde av privat utleigar skal førast opp, uavhengig av om avtalen er/vil bli inngått med privat eller statleg utleigar.

-

tabell 6:

Tilsegnsfullmakt i 2006 ( gjeld berre Utsmykkingsfondet for offentlege bygg)

Tilsegnsfullmakter fastset det maksimumsbeløpet som ein til kvar tid kan ha ståande som tilsegn utan dekning i løyving. Når ein ber om fullmakt for ein ny termin, må ein derfor i tillegg til behovet for nye tilsegner i 2006 også rekne med kor mykje av tidlegare tilsegner som ikkje vil vere utbetalt pr. 01.01.2006. For nærmare omtale viser vi til pkt. 8.2 i Veileder i statlig budsjettarbeid, utarbeidd av Finansdepartementet.

-

tabell 7:

Personale

( gjeld berre verksemder under Kulturavdelinga)

-

tabell 8:

Ulike aktivitetar m.m.

Alle beløp som blir førte opp i talbudsjettet for 2006 skal kommenterast/grunngivast nærmare.

Verksemder som forvaltar tilskottsordningar må også føre opp beløp for dei aktuelle tilskottsordningane i tabell 2.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.

ekspedisjonssjef

Einar Andersen

seniorrådgjevar