Rundskriv V-9N 2008

Endring i tenesteordninga for kyrkjelydsprestar § 18

Presteskapet

 

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-9N / 2008

2006/07873 KIA krs

23.01.2008

 

 

 

Endring i tenesteordninga for kyrkjelydsprestar § 18

I samsvar med framlegg frå Bispemøtet, har departementet med verknad frå 1. mars 2008 endra § 18 i tenesteordninga for kyrkjelydsprestar. Etter endringane lyder  paragrafen slik:    

Menighetsprester må ikke uten biskopens samtykke inneha bistilling eller bierverv eller drive privat næringsvirksomhet som kan hemme eller sinke prestens ordinære arbeid. Biskopens avgjørelse kan påklages til departementet. Bistilling, bierverv eller privat næringsvirksomhet må ikke være av en slik art at det kan bryte ned den aktelse eller tillit som er nødvendig for å utføre prestetjeneste.

Formålet med endringane er å likestille høvet til å drive næringsverksemd med høvet til å ha andre former for arbeid utanom den ordinære tenesta som kyrkjelydsprest. Det blir også klargjort at det ligg til biskopen å eventuelt gi samtykke, og at presten kan klaga avgjerda til departementet. Regelen om at arbeidet eller næringsverksemda ikkje må vere av ein slik art at det kan bryte ned nødvendig respekt og tillit, gjeld for alle som er ordinerte prestar i Den norske kyrkja.

Med helsing

Ole H. Fiskens e.f.
ekspedisjonssjef

Thom M. Rafoss
avdelingsdirektør