Høyringssvar frå Høgskulen i Volda
Språklov - høyringssvar frå Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda viser til høyringsbrevet og høyringsnotatet frå Kulturdepartementet 23. august 2019 med framlegg til Lov om språk (språklova).
Høgskulen i Volda uttrykkjer prinsipiell støtte til hovudsynspunkta som kjem til uttrykk i lovframlegget.
Vi set pris på at regjeringa med dette vil slå fast den lovmessige statusen til norsk språk, samisk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. At språklova strekar under at bokmål og nynorsk skal vere samfunnsberande og likestilte skriftspråk, og at offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremje det minst brukte språket, ser vi som svært viktig.
Vi ser det òg som ein føremon at språklova gjev føringar for språkbruk og namngjeving i offentlege organ, og at ho lovfestar funksjonane til Språkrådet. Vi meiner at alle desse momenta høyrer heime i ei språklov og sluttar oss til tankegangen som ser ut til å liggje til grunn for lovframlegget.
Likevel har vi nokre merknader og framlegg til endringar i nokre av paragrafane i Lov om språk.
Kommentarar til dei ulike paragrafane
§ 1
Høgskulen i Volda støttar framlegget til føremålsparagraf. Det er positivt at vernet av dei norske skriftspråka, samisk språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk blir samla i den same lova. Vi er nøgde med at lova slår fast at offentlege organ har eit særleg ansvar for å «bruke, utvikle og styrkje» norsk språk, og at dette omfattar eit ansvar for å fremje det minst brukte skriftspråket. Samstundes bør det strekast under at det minst brukte språket er nynorsk. Såleis bør ein i andre avsnittet få følgjande sistesetning: «Dette omfattar eit ansvar for å fremje nynorsken, det minst brukte skriftspråket». Høgskulen i Volda stiller seg heilt og fullt bak vurderingane i høyringsnotatet om omgrepa «målform» og «skriftspråk», som konkluderer med at ein bør bruke omgrepet «skriftspråk».
§ 2–3 (og andre paragrafar der alternativ 1 og 2 er omtala)
Høgskulen i Volda støttar alternativ 1 i høyringsnotatet om at føresegnene i språklova skal gjelde fylkeskommunane, då vi vurderer det slik at dette vil styrke rettane til det nasjonale språklege mindretalet og språkrettane til individa, samstundes som vi meiner det kommunale sjølvstyret blir styrkt ved at språkvedtaka i kommunane blir gjeldande for fylkeskommunal forvaltning.
I høyringsnotatet blir det presisert at ein gjennom forskrift kan gje unntak for språkkrav til statstilknytte og fylkeskommunale organ. Høgskulen i Volda ser behovet for nokre slike unntak frå offentleglova og støttar derfor unntaksformuleringa, men det er viktig at kriteria for slike unntak blir presiserte, slik at ein ikkje undergrev dei overordna føremåla med lova. Etter vår vurdering vil det vere ei undergraving av intensjonane i språkpolitikken å setje opp «konkurranseomsyn» som eit kriterium for unntak, då dette kan bli brukt som eit argument mot å bruke nynorsk eller bokmål.
Derimot ser vi det som naturleg at organ med språkpolitiske føremål får unntak. Det gjeld til dømes Det Norske Teatret, Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.
Elles støttar vi framlegget om at språkkrava berre gjeld den administrative delen av verksemda til statlege universitet og høgskular og i rettsstellet, då dette er i tråd med prinsippet om akademisk fridom og rettsfridom.
§4–8
Høgskulen i Volda støttar alle presiseringar om kva som er «det samfunnsberande språket» og «forvaltingsspråket», og om «urfolksspråk», «nasjonale minoritetsspråk» og «nasjonalt teiknspråk». Det same gjeld formuleringar om at bokmål, nynorsk og samiske språk er likeverdige, og at der er visse kriterium for språkleg likestilling. Vi støttar også retten til å kunne bruke svensk eller dansk i kontakt med det offentlege. Derimot seier språklova ingenting om retten til å lære språk. På denne bakgrunnen vil Høgskulen i Volda føreslå følgjande tilleggsformuleringar til §§4–8:
I §4: «Alle som bur i Noreg skal få høve til å lære seg og å kunne bruke norsk språk, både bokmål og nynorsk.»
I §5: Samar skal få høve til å lære seg og kunne bruke samisk.
I §6: Dei som tilhøyrer ein nasjonal minoritet skal få høve til å lære seg og kunne bruke minoritetsspråket.
I §7: Dei som er døve eller høyrselshemma skal få høve til å lære seg og kunne bruke norsk teiknspråk.
§ 9
Høgskulen i Volda støttar at klarspråk blir sett opp som eit mål for offentleg språkbruk.
§ 10
Høgskulen i Volda stiller seg bak det meste i denne paragrafen, men vi oppfattar den siste formuleringa slik at statsorgan må ha både eitt namn på nynorsk og eitt namn på bokmål, noko som ofte er unødvendig. Derfor føreslår vi i staden følgjande sisteformulering:
«Statsorgan skal ha namn på norsk som følgjer offisiell rettskriving. Dersom namnet ikkje fungerer på både nynorsk og bokmål, skal det ha både eitt nynorsknamn og eitt bokmålsnamn.»
§ 12
Høgskulen i Volda stiller seg bak regelen om minst 25 prosent nynorsk eller bokmål i sentrale statsorgan og ser det som viktig at såkalla språkleg nøytrale regionale statsorgan skal ha ei viss veksling mellom nynorsk og bokmål.
§ 16
Det er gjort framlegg om at det ikkje lenger skal stillast språkkompetansekrav til den einskilde tenestepersonen, men til statsorganet samla. HVO meiner det vil vere problematisk og eit brot med gjeldande språkpolitikk dersom ein fjernar kravet om nynorsk- og bokmålskompetanse hjå den einskilde tenestepersonen. Vi viser til kap. 9.l.l.9 i Språkmeldinga, med overskrifta «Sidemålsundervisning i skulen og språkkrav i staten», der det står om gjeldande mållov:
Eit fundament i denne lova er den plikta ei nærare definert gruppe av tilsette i staten har til å nytta begge dei norske målformene i arbeidet sitt, ei plikt som i praksis byggjer på føresetnaden om ein grunnkompetanse som igjen har basis i den pliktige skriftlege sidemålsundervisninga i skulen. Desse to pliktene støttar gjensidig opp om kvarandre, og dei gjeld for nynorskbrukarar så vel som for bokmålsbrukarar. Som verkemiddel i norsk språkpolitikk har dei lang tradisjon, og som grunnleggjande prinsipp er det viktig at dei blir liggjande fast også for framtida. Nødvendige unntak eller tilpassingar må utformast og praktiserast slik at dei ikkje rokkar ved sjølve det prinsipielle utgangspunktet.
Dersom det ikkje i utgangspunktet er eit krav om at dei tilsette skal meistre både bokmål og nynorsk, vil det med stort sannsyn føre til mindre nynorskkompetanse i organet samla. Dette vil få følgjer særleg for moglegheitene nynorskbrukarar vil ha til å få svar på eige skriftspråk, men også til å få sjå skriftspråket sitt i ulike tekstar frå det offentlege. Dersom eit statsorgan har særlege grunnar for å tilsetje folk utan denne kompetansen, finst det allereie i dag ei moglegheit til å gjere unntak. Vi føreslår derfor at regelen om at statstilsette skal meistre bokmål og nynorsk blir ståande, og at det også følgjer med ei formulering om unntak frå denne regelen.
På denne bakgrunnen føreslår HVO følgjande formulering i §16:
«Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for språkbruk i statstenesta.
Organet kan frita enkeltmedarbeidarar frå dette kravet når særlege grunnar tilseier det og det ikkje kjem i konflikt med kravet om samla språkkompetanse.»
§ 17
For at dei gode intensjonane i lovverket skal få gjennomslag og verte handheva, meiner Høgskulen i Volda at det bør ligge føre sanksjonar overfor dei som ikkje følgjer lova.
§ 18
Høgskulen i Volda ser det som viktig at språklova lovfestar statusen og funksjonane til Språkrådet.
Med helsing
Leiinga
Johann Roppen
rektor
Dokumentet er elektronisk signert.
Kopi til: Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning v/Stig Jarle Helset, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning v/Gudrun Kløve Juuhl