St.meld. nr. 10 (2002-2003)

Om verksemda i Sametinget 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Etter samelova skal årsmeldinga frå Sametinget sendast over til regjeringa, og leggjast fram for Stortinget kvart år, jf. tilrådinga frå justiskomiteen ved vedtak av samelova (O.nr. 79 (1986–87)) . Denne meldinga oppfyller desse føresetnadene. I samband med stortingsmeldingane om verksemda til Sametinget har regjeringa også nytta høvet til å kommentere dei sakene som Sametinget tek opp. Det gjeld også denne meldinga.

Sametinget har levert årsmelding til departementet om arbeidet i Sametinget i 2001. Årsmeldinga er ei utgreiing om det politiske arbeidet i Sametinget, om dei oppgåvene som Sametinget skal forvalte, og om økonomiske og administrative utfordringar.

Stortinget har nett fått oversendt tre meldingar om samepolitikk, St.meld. nr. 55 (2001–2002) Om samepolitikken, St.meld. nr. 33 (2001–2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken og St.meld. nr. 34 (2001–2002) Kvalitetsreformen. Om høyere samisk utdanning og forskning. Fleire av dei spørsmåla Sametinget tek opp i årsmeldinga si, er drøfta i dei nemnde meldingane og blir derfor ikkje handsama her. Vi gjer merksam på at årsmeldinga frå Sametinget vart skriven før tilleggsmeldinga om samepolitikk og meldinga om høgare samiske utdanning vart lagde fram.

I denne stortingsmeldinga gir regjeringa tilbakemelding på dei sakene Sametinget tek opp i årsmeldinga si og dei sakene Sametinget har handsama i 2000. Årsmeldinga frå Sametinget er lagd inn som kapittel 2 i denne meldinga. Kapittel 3 tek opp samarbeidet mellom sentrale styresmakter og Sametinget. Kapittel 4 er ei utgreiing frå regjeringa om samarbeidet med Sametinget, med kommentarar til og vidareføring av saker som er handsama av Sametinget.

1.1 Økonomiske og administrative konsekvenser

Meldinga inneheld ingen nye tiltak som vil medføre administrative eller økonomiske konsekvenser. Dei tiltaka som er omtalt blir dekka innan gjeldande budsjettrammer for dei departementa det gjeld.

Til forsida