St.meld. nr. 10 (2006-2007)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 2005 – 30. juni 2006

Til innhaldsliste

1 Utgreiing og tilråding

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram oppgåve over embetsutnemningar m.m. i Regjeringa i tida 1. juli 2005 - 30. juni 2006.

Ved lov 15. desember 2000 nr. 98 vart ymse føresegner i offentleglova endra. Endringane gjeld frå 1. januar 2001. Etter ikraftsetjinga gjev offentleglova § 6 nr. 4 nytt fjerde og femte punktum forvaltningsorganet høve til å unnta opplysningar om søkjarar frå innsyn, dersom søkjaren sjølv ber om det. I dei sakene der søkjarane ikkje ønskjer å få namna sine offentleggjorde, er det oppgjeve kor mange anonyme søkjarar dette gjeld.

Regjeringa gjer framlegg om at avtrykket av oppgåva (vedlegg 1) blir sendt Stortinget saman med særskilde oppgåver frå departementa pr. 30. juni 2006 over konstitueringar i embete og mellombels oppretta embete (vedlegg 2). I fordelinga på kvinner og menn er talet på dei som ikkje ønskjer å få offentleggjort namnet, sett i parentes (vedlegg 3). I meldinga er vedlegg 4 i tråd med Kontroll- og konstitusjonskomiteens ønske om ei oversikt over utviklinga i talet på stillingar og søkjarar, pluss fordelinga mellom kvinner og menn i siste 5-årsperiode.

Til forsida