St.meld. nr. 11 (1997-98)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1997 og fisket etter avtalene i 1995 og 1996

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Noreg inngår årlege avtaler som gir norske fiskarar kvotar i andre lands soner så som Nordsjøen, vest av Dei britiske øyane, Skagerrak, ved Grønland, Island, Færøyane, Irmingerhavet og Flemish Cap.

Den norske torskekvoten i Barentshavet er auka samanlikna med i 1996 grunna auken i totalkvoten for den norsk arktiske torsken. Også totalkvoten for hyse vart auka i 1997. Bestandssituasjonen for lodde og blåkveite førte til at det heller ikkje i 1997 var tillate å opne opp for eit direkte fiske etter desse artane. Av omsyn til bestandssituasjonen for uer har Noreg fastsett forbod mot eit direkte fiske etter uer i områda nord for 70o N. Eit avgrensa russisk uerfiske er unntatt fra forbodet som ledd i den vitskaplege kartlegginga av uerbestandane.

Den alvorlege bestandssituasjonen i Nordsjøen inneber at Noreg og EU forplikta seg til å videreføre fleirårige forvaltningsstrategiar for å byggje opp att bestandane av sild, makrell og raudspette. Arbeidet med å kartleggje hvilke tiltak som skal iverksettes for å gjere forvaltningsregima for sild og makrell meire effektive, skal vidareførast i 1997. Totalkvotane både for sild og makrell er tilnærma uendra i 1997 samanlikna med 1996.

I kvoteavtala for 1997 legg Noreg og EU vekt på å vidareføre arbeidet med forvaltninga av konsumfisk i Nordsjøen. Arbeidet med utkastproblema er gitt særleg prioritet, saman med andre tiltak som selektivitet i reiskapen, stenging av område og sesongmessig fiskeforbod. Nivåa på totalkvotane for torsk, hyse og raudspette blei i tråd med anbefalinga frå havforskarane justert nedover samanlikna med i 1996.

Med grunnlag i Avtalen om bevaring, rasjonell utnytting og forvaltning av norsk vårgytande sild av 6. mai 1996, har EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland forhandla fram ei avtale om fisket av sild i 1997. I samband med avtala inngjekk Noreg bilaterale avtaler med dei andre partane om gjensidig løyve til å fiske i dei ulike økonomiske sonene. NEAFC fastsette for første gongen i 1997 ein kvote for norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av totalkvoten på 1.500.000 tonn som var fastsett for 1997.

Noreg har i 1997 fastsett forskrift om at rekefisket fra land som tradisjonelt har fiska reker i fiskevernsonen rundt Svalbard skal regulerast med fiskedøgn i tillegg til antal fartøy. Dei landa som kan fiske reker i fiskevernsonen er Canada, Estland, Litauen, Færøyane, Grønland, Island, Det europeiske fellesskapet, Noreg og Russland.

Som ei vidareføring av Regjeringa sitt arbeide med å auke kontrollen med fisket har Noreg og Færøyane i 1997 inngått ei avtale om kontroll. Noreg har utover denne avtalen tidlegare inngått bilaterale kontrollavtaler med Irland, Skottland og Danmark. Det er eit arbeid på gong for å få i stand ei kontrollavtale også med Sverige. Noreg og EU blei i avtala for 1997 samde om å styrkje samarbeidet om kontroll og handheving mellom anna gjennom å utveksle informasjon om landingar frå den andre parten sine fartøy og frå tredjelands fartøy i deira respektive nasjonale hamner. Også Noreg og Russland er samde om å videreføre samarbeidet om kontroll med fisket i Barentshavet.

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord for 62o N fullt ut dei to siste åra. I tillegg til Noregs ordinære kvotar på torsk og hyse nord for 62oN, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artene frå Russland i både 1995 og 1996.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane på fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 1995 og 1996. Den norske industritrålarflåten fiska godt med augepål og tobis desse åra og i 1995 fiska norske fartøy meir tobis i Nordsjøen enn nokon gong tidlegare.

Norske linefartøy utnytta omlag 92% av botnfiskkvotane av lange og brosme i EU sine farvatn i 1995, mens utnyttingsgraden var omlag 70% i 1996. Dei to siste åra har norske fartøy fiska kolmulekvotane i EUs farvatn. Makrellkvoten vest av Dei britiske øyane kan fiskast i Nordsjøen. Mesteparten av makrellkvoten vest av Dei britiske øyane, som har vore fullt utnytta dei to siste åra, har vore fiska i Nordsjøen.

I færøyske farvatn har norske fartøy fiska mest lange, brosme og blålange innanfor botnfiskkvoten. Norske fartøy fiskar tradisjonelt også kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, men fangstane gjekk ned i 1996 samanlikna med i 1995.

Det blei i 1995/96 sesongen berre fiska 28.000 tonn lodde i områda ved Grønland, Island og Jan Mayen, noko som representerte ei utnytting på knapt 20 % av den endelege norske kvoten. Dette var ein enda lågare utnyttingsgrad enn gjennomsnittet i dei seinare åra. Det blei fiska 206.000 tonn i 1996/97 sesongen, noko som innebar at heile den norske kvoten vart fiska.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker, sild, torsk og makrell i 1995 og 1996.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane av artane blåkveite, kveite og reker av stor verdi. Spesielt blir kvotane for blåkveite og reker godt utnytta.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtaler med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med omlag 14.600 tonn begge åra, men er sidan redusert noko. Med verknad frå 1996 er det inngått ein internasjonal avtale for fiske i området og Noreg er tildelt ein kvote på 6.000 tonn.

Sidan våren 1993 har norske fartøy fiska reker i NAFO-området på rekefelta ved Flemish Cap. Dette rekefisket har utvikla seg til å bli eit svært viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Rekefisket ved Flemish Cap har historisk ikkje vore kvoteregulert, men med verknad frå 1996 blei det inngått ein internasjonal avtale om å regulere antal fartøy som kan delta i fisket og det samla talet på døgn som fartøya kan fiske.

I 1996 blei det inngått ei firepartsavtale mellom Noreg, Russland, Island og Færøyane der dei bestemte ein totalkvote (TAC) på norsk vårgytande sild, fordelte denne kvoten og bestemte deltakinga i dette fisket. EU fastsette ein unilateral kvote. EU overfiska sin eigen kvote, mens Noreg fiska heile sin kvote. Island, Færøyane og Russland klarte ikkje å fiske opp heile kvoten på norsk vårgytande sild. Det blei fiska mest i den norske økonomiske sona.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk og hyse nord for 62o N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen skjer på konsumfiskartar, sild, makrell og industrifisk, (tobis, augepål, kolmule, hestmakrell og brisling). Dei to føregåande åra har EU fiska omlag 29 % av totalfangsten sine av torsk sør for 62o N i norsk sone av Nordsjøen, medan tilsvarande tal for hyse og sei var 33 % og 48 %. EU fiska i gjennomsnitt knappe 75% av makrellkvoten sin i Nordsjøen i norsk økonomisk sone i 1995 og 1996. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak er gjennomgåande høg for EU (Sverige og Danmark).

Færøyane sin seikvote i Nordsjøen har vore godt utnytta dei siste åra. Dessutan har Færøyane også fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen. Torske- og hysekvotane nord for 62o N vart nytta fullt ut i 1995 og i 1996. Dessutan fiska dei ein god del sei nord for 62o N i desse åra. For Sverige gjeld at dei i hovudsak utnyttar torske-, sei-, makrell-, silde- og rekekvotane sine i norsk sone av Nordsjøen, mens industrifiskkvoten vert relativt dårleg utnytta. Grønland har sidan inngåinga av kvoteavtalen i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumarter i Nordsjøen. Det var ikkje registrert noko grønlandsk fiske i Nordsjøen i 1995, men i 1996 har det derimot vore registrert grønlandsk fiske. Polen har tradisjonelt nytta seikvoten sin godt.

Til forsiden